Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 24. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Komponisten Johannes Haarklou



Johannes Haarklou (1847 - 1925) vann seg ein framståande posisjon i norsk musikkliv i perioden 1880 - 1925. Han var komponist, musikkmeldar, organist og dirigent. Men han kom i skuggen av sine store samtidige, Grieg, Svendsen og Sinding. Mange av komposisjonane hans har vorte gløymde i arkiva.

Komponisten Johannes O. Haarklou voks opp bruket Teigen på garden Hårklau i Haukedalen. Vi ser minnesteinen nederst til venstre ved vegkrysset.

Komponisten Johannes O. Haarklou voks opp bruket Teigen på garden Hårklau i Haukedalen. Vi ser minnesteinen nederst til venstre ved vegkrysset.

Eigar: I Førde Bygdebok - Gardssoge og soga om folket.

Datering: 29.05.1956.

Fotograf: Telemark Flyselskap a/s.

Fødd i Haukedalen

Johannes Haarklou vart fødd den 15. mai 1847 på garden Hårklau i Holsen sokn, og døydde den 26. november 1925 i Oslo. Han var gift med Inga Marie Knoph frå Langesund. Mora var Orlaug Andersdotter Hårklau (1808-1870). Ho vart gift for andre gong i 1845 med Ole Nilsson Dvergsdalen, Jølster (1815-1872). Dei hadde gardsbruk på Hårklau, og Ole Nilsson var lærar frå 1838 til 1872 og klokkar i Holsen sokn. Hårklau var ein heller isolert gard ved Haukedalsvatnet. Her var ingen gjennomgangstrafikk for anna enn folk frå nabogardane lengre inne i Haukedalen.

Tidleg interessert i song og musikk

Det vert fortalt at då Johannes var liten og fekk si første "songbok", ho var på tre blad, bad han mora sy ei lomme på kjolen hans, slik at han kunne ha boka med kvar han gjekk.
Familien Haarlou sat i gode kår etter den tids forhold. Heimen deira vart eit naturleg samlingspunkt i bygda. Fleire av Johannes Haarklou sine farbrødre og morbrødre var dyktige spelemenn. Dei hadde ofte med seg hardingfelene sine og musiserte på Hårklau. I sju-årsalderen skal Johannes ha byrja å interessere seg for fela.

Frå Hårklau til Tyskland

Johannes Haarklou hadde lese for sokneprest Fasting til konfirmasjon. Presten tykte det var ein evnerik gut og meinte at faren burde sende Johannes Haarklou på lærarskule. Den 12. august 1864 byrja Johannes på Balestrands Lærerskole i Sogn.
Etter utdanning på lærarskule i Balestrand (1865), og på Stord (1868), vart han lærar i Eiker og i Drammen, og fekk ein del undervisning i musikk. I 1873 bestemte han seg for å satse på musikken for fullt. Ein arv etter foreldra gjorde han i stand til å dra til Leipzig.

Musikk på heiltid

I Leipzig var han i vel to år. Deretter var han organist i Drammen ein vinter, før han på ny fór til Leipzig. Etter ei tid i Bergen, fekk han i 1877 stipend og reiste til Berlin, der han m.a. studerte orgel for alvor. Året etter var han på ny i Bergen, før sitt siste studieopphald i Berlin. I 1880 kom han til Kristiania, og vart der for godt. Same året gav han sin første konsert i den gamle Losjen i Oslo. Men arbeidet som komponist gav ikkje nok inntekt, og han vart i 1880 organist i den nye kyrkja på Sagene, og seinare ved Gamle Aker Kirke.

Komponisten

Haarklou var ein allsidig komponist. Han laga verk for klaver, orgel, fiolin og orkester, forutan romansar og songar for ulike kor, m.a. den kjende komposisjonen "Varde", med tekst av Per Sivle. Han komponerte kantater, symfoniar og fem operaer. Oratoriet "Skapelsen og Mennesket" er gjerne rekna som hans største verk, men mest kjend er han for sonatane sine.
Han gav konsertar i inn- og utland, m.a. med økonomisk støtte frå Stortinget. Han vart lærar på Musikkonservatoriet, og han forfatta kritiske og musikkhistoriske artiklar i dagspresse og tidsskrift.

Minnestein

Søndag den 31. juli 1927 avduka haukedølene ein minnestein over han på heimstaden hans. Ved avdukinga var det kring 2000 menneske til stades. Dåverande sokneprest Ragnvald Indrebø heldt avdukingstalen. Han sa m.a. at Haarklou var døme på at det var viljen som talde i det eit menneske makta utrette, og at ein trong dal ikkje var til hinder for å vinne kunnskap og utsyn. Det var lærar Gustav Gjerland som hadde teke initiativet til reisinga av minnesteinen. Under høgtida var det fleire talar, og song, m.a. av Haukedalen songlag og Førde Songkor og Jølster Songkor.

kjelder:

Benestad, Finn:Johannes Harklou. Mannen og verket. Universitetsforlaget 1961.
Førsund, Finn Borgen: Førde bygdebok. Bind 1, s.138. Førde 1990.
Sogeblad frå Førde.Hefte 5. 1987, og hefte 13. 1995. Førde.

PERMANENT IDENTIFIKATOR