Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 09. oktober 2018

Kategori

Kommune

Språk

Bulandet bedehuskapell



Bulandet bedehuskapell er eit påbygd bedehus i tre som står på Kjempeneset på Musøya i Askvoll kommune. Bedehuskapellet, som har 170 sitjeplassar, vart bygt som bedehus i 1905 og vigsla til kyrkjeleg bruk 27. juli 1909 av prost Henrik Borchgrevink. Lokale folk tok på seg oppgåvene med teikning og bygging. Bulandet høyrer til Vilnes sokn i Askvoll prestegjeld.

Bedehuskapellet slik det ser ut etter restaureringa i 1966. Då fekk kapellet sakristi og eit tilbygg mot sør med toalett og garderobe. På loftet vart det innreia eit lite kjøken. Tårnet står over sørenden i skipet.

Bedehuskapellet slik det ser ut etter restaureringa i 1966. Då fekk kapellet sakristi og eit tilbygg mot sør med toalett og garderobe. På loftet vart det innreia eit lite kjøken. Tårnet står over sørenden i skipet.

Eigar: Anbjørg Halsøy

Datering: 2000

Fotograf: Anbjørg Halsøy

Bedehus i 1905

Bulandet har hatt kyrkje sidan mellomalderen, men måtte kjempe hardt for å få seg bedehuskapell tidleg på 1900-talet. Det gamle kapellet på øya Gjelsa vart rive i 1813. Endå lenger bak i tid skal Kyrkøyna ha vore kyrkjestad. Ei naturleg plassering av det tredje gudshuset var Kjempeneset, som rundt 1900 var ein sentral stad i bygda, med både butikk og gjestgiveri.

Den formelle nemninga i dag er bedehuskapell, men når bulendingane snakkar om gudshuset sitt, så heiter det kyrkja. Opphavleg var ho bygd som bedehus og vigsla til dette føremålet i 1905. Det var bygdefolket sjølve som samla inn pengar og stod for arbeidet, men dei hadde ei sterk støtte i sokneprest Karl Andreas Breyholtz. Han hadde fleire år i førevegen fått godkjenning frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet til å halde bibellesingar fire søndagar i året i Bulandet.

Og med denne etter kvart organiserte aktiviteten, voks også trongen for ein samlingsstad. Folket ute i øyane var nok vande med bibellesingar frå før, men dette skjedde meir sporadisk og der fanst neppe privathus som høvde særleg godt til slikt bruk. Og kapell hadde dei som nemnt ikkje hatt sidan det siste vart rive i 1813.

Soknepresten som pådrivar

I samband med at bedehuset vart teke i bruk, vart det innført seks bibellesingar/gudstenester årleg. Fleire såg vel etter kvart for seg at når dei klarte å reise eit bedehus på dugnad, så skulle det vere råd å utvide det slik at dei kunne få eit vigsla gudshus der alle kyrkjelege handlingar kunne utførast. Igjen var sokneprest Breyholz ein ivrig støttespelar. I eit brev til departementet datert 6. februar 1906, søkte han på bulendingane sine vegner om eit statsbidrag på 1500 kr som skulle nyttast til å utvide bedehuset og utstyre det til kyrkjeleg bruk. Han opplyste i brevet at bygdefolket, som på den tida talde 374 fastbuande, ikkje såg seg syn med å ta på seg desse utgiftene. Dei hadde nok med å betale ned gjelda på bedehuset, som var på mellom 2000 og 3000 kr, - brannforsikra for 4200 kr.

Soknepresten skreiv 6. februar 1906 mellom anna at han under si 20-årige verksemd hadde hatt godt høve til å sjå kor vanskeleg det var for folket her å kome til kyrkje. Det hadde ofte vore direkte livsfarleg, særleg om hausten og vinteren. Han rådde sterkt til at bulendingane måtte få eit statstilskot på 1500 kr til å byggja om bedehuset til kyrkjeleg bruk.

På vårparten to år seinare, i 1908, vedtok Stortinget å løyve pengane.

Vigsla til kyrkjeleg bruk

Den 27. juli 1909 vart bedehuskapellet vigsla til kyrkjeleg bruk, utstyrt med nytt kor, alterring og påbygt tårn. Huset hadde fått kyrkjeform og var flott å sjå til der det låg ute på den vesle odden og spegla seg i sjøflata. For bulendingane var vigslinga ein stor merkedag. Men sjølv om dei no hadde fått seg eit hus der dei fekk halde gudstenester, reiste gravfølgja til Vilnes kyrkje heilt fram til 1938-1939, då vart det laga til gravplass på Værlandet. Nokre ville framleis til Vilnes ettersom det var der familiemedlemene var gravlagde, men etter kvart gjekk alle over til å bruke gravplassen på Værlandet. I 1976 vart gravplassen på Kjempeneset, ikkje så langt frå bedehuskapellet, teken i bruk.

Restaurering

På byrjinga av 1960-talet vart det utført eit stort restaureringsarbeid på bedehuskapellet. Før dette arbeidet starta, var det strid i bygda om kva som skulle gjerast. Bygda vart delt i to, nokre ville restaurere, andre ville byggje ny kyrkje på tomta til Fiskarheimen, i innseglinga til Bulandet. Det enda med restaurering, og huset fekk sakristi og eit tilbygg mot sør med toalett og garderobe. På loftet vart det innreia eit lite kjøken. Den 19. juni 1966 vart det nyrestaurerte kapellet teke i bruk att.

Konfirmantane i Bulandet reiste til Askvoll like fram til byrjinga av 1950-talet. Etter den tid vart det halde konfirmasjonsgudstenester annakvart år i Værlandet og Bulandet. Dei seinare åra har ungdommane fått konfirmere seg der dei høyrer heime. Her som i Værlandet er det gudsteneste om lag kvar fjerde søndag.

Kunst og inventar

Altertavla viser den knelande Kristus i Getsemane, og er måla i 1917 av Vilhelm Bjørknes frå Gulen. Innskrifta "Ske ikke min vilje, men din" er sitat frå Jesu bøn. Ei lyssøyle skin gjennom dei mørke skyene, og uttrykkjer himmelsk trøyst og styrke. Biletet er ein kopi. I tillegg til signaturen, står det skrive: "Efter H. Hofmann". Det er usikkkert kven dette er, mest truleg er det Johannes Bendtsen Hofmann (d. 1733) frå Danmark.

Over koropninga er det ei teksttavle med kross: "Jesus Kristus er igaar og i dag den samme ja til evig tid. Hebr. 13K.8V."

På alteret står to lysestakar i sølv. Nattverdsutstyret er ein kalk, ein disk og ei brødøskje, alle i sølv. Preikestolen frå 1966, er laga av Peter Teige. Døypefonten er òg frå 1966. Dåpsfatet frå 1968 er i sølv, og dåpsmugga frå 1947 er i tinn. I 2001 fekk kapellet ny dåpsmugge i nysølv.
 

Orgelet frå 1900 har sju stemmer, frå Nicholson & Son Organ Builders i England. Det er ei gåve frå Den norske sjømannskyrkja i North Shields i England, truleg i 1913. Kyrkjeklokka er også frå 1913.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.