Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 09. februar 2011

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Julehelsing på eit postkort



Fylkesarkivet har fleire personarkiv. Eitt av dei inneheld brev og kort etter Anna Navelsaker. Ho var fødd i Hornindal i 1882 og døydde i 1953. Det er mange postkort i det vesle arkivet, mellom anna eit ho fekk som julehelsing i 1909. Fylkesarkivet brukte kortet i Fylkesarkivet sitt blad Kjelda 4/1998 som døme på julehelsing. Ei tid etter fekk Fylkesarkivet eit brev.

<p>Postkort p&aring;trykt &rdquo;Kj&oslash;s i Hornindalen, Nordfjord&rdquo;, sendt til Anna Navelsaker som julekort i 1909. Mannen er Mathias R. Kj&oslash;s (1887-1924).</p>

Postkort påtrykt ”Kjøs i Hornindalen, Nordfjord”, sendt til Anna Navelsaker som julekort i 1909. Mannen er Mathias R. Kjøs (1887-1924).

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: Rundt 1905

Fotograf: Ukjend

Mottakaren

Postkortet er adressert til Anna Navelsaker med adresse Bremnes i Kvæfjord, Troms. Anna Navelsaker reiste ei tid som bibelkvinne i Frimisjonen. Ho utdanna seg til sjukesyster og arbeidde for Den norske nasjonalforeningen mot tuberkulose. I mange år var ho Kiruna i arbeid for sjuke og fattige. Dei siste leveåra sine budde ho på Nordfjordeid. Anna Navelsaker døydde 4. mai 1953.

Gardstun

Motivet er frå Kjøs i Hornindal med utsyn mot sørvest med den store Bjørneholmen
og den mindre Abelholmen i Hornindalsvatnet. Framme i biletet står ein mann og attmed han ein hund.

Julehelsinga på kortet lyder slik:
 

”Sender dig i dag en Julehilsen til dig og søster Larsen med ønske om at Jesusbarnet – Frelseren – maa bli stor for eder, ja alle vore vores hjerter fuld af hans Herlighed (Es. 6.3) thi det er den sande Juleglæde. For dig Anna er vel dette en kjent tragt [stad], saa du faar tage søster Larsen med og komme paa Julebesøg om ikke mer saa dog i tanken. Ja vi vil ønske eder en Glædelig Jul og et Godt og Velsignet Nytaar med Es. 9. 6-8 og Cefanias 3. 9-20. Eders søster i Jesu, Marianne Bøe. De hilses ifra mamma. Du hilses kjært ifra Thora.”
 

Spørsmål

Julekortet kan vekkja undring. Kven er mannen på vegen? Kven er avsendaren, ”Marianne Bøe”? Kven sender helsing: ”mamma” og ”Thora”?

Svar

Tre år etter at julekortet var omtalt i Kjelda fekk Fylkesarkivet brev frå Irene Bøe Pisani, busett på Kjøs. Ho hadde bladd i gamle nummer av Kjelda, og stogga ved julehelsinga til Anna Navelsaker. Brevet inneheld svar på spørsmål og opplysningar i tillegg, dessutan bilete av avsendaren. Irene Bøe Pisani skirv:

”Avsendar var Marianna Bøe, (…) fødd 22. april 1880 på Pålbruket i Ytre-Bø i Stryn [foreldre: Ole Arnesen og Rakel Larsdotter]. Ho var misjonær for Frimisjonen i Cavendish, Natal i Sør Afrika i 33 år og kom heimatt til Norge i 1947. Ei tid budde ho her hos oss i Kjøs, men flytte så til Stryn og fekk seg husvære i bedehuset Fredheim. Der døydde ho 28. desember 1952 og vart gravlagd ved Nedstryn kyrkje. At ho sende kort frå Kjøs [med motiv frå Kjøs], heng nok saman med at systera hennar, Kristianna, var gift med Rasmus på hovudbruket [på Kjøs].

Mannen på biletet er Mattis, sonen deira. Han omkom 37 år gamal i 1924 då han datt ut av kjerra og for utfor Kjøshammaren.

Til slutt i denne julehelsinga på kortet står det at ho blir helsa kjært frå Thora. Dette er Thora Aamot, mor til skodespelaren Elsa Lystad som hadde nokre år av oppvekståra hos Marianna sin nære familie. Denne tida i Stryn kan ein lese om i boka som Elsa Lystad har skrive. Elsa gjekk og nokre år på skule i Stryn.”
 

”Han omkom”

Vi kan følgja trådar i brevet frå Irene Bøe Pisani, til dømes hendinga ved Kjøshammaren. Køyrevegen langs Hornindalsvatnet forbi den stupbratte Kjøshammaren vart bygd i åra 1903-1904. Fjordabladet melde om ulukka tysdag 8. april 1924. Det går fram at Mathias R. Kjøs var skysstasjonshaldar. I femtida sundag morgon, 6. april skulle han skyssa ein mann til Grodåssanden. På vegen forbi Kjøshammaren hadde det gått eit ras av isjuklar. Raset hadde slege av ein stabbestein og noko av rekkverket. Då dei skulle passera raset, gleid sleden og Mathias vart slengd av sleden og for beint i vatnet og drukna. Den andre greidde så vidt å berga seg. Veret hadde vore dårleg og måndag hadde dei ikkje funne den omkomne.
 

kjelder:

Irene Bøe Pisani: Misjonær Marianna Bøe. I Kjelda 1-2001.

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:
Privatarkiv Anna Navelsaker