Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert: 26. mars 2018

Sist oppdatert 23. august 2020

Kommune

Rå-data

Kristian Eikås



Kristian Eikås var drivkrafta bak opprettinga av Heimeyrkeskulen i Jølster, og stod sentralt i fornyinga av handverk og formgjeving i bygda.

Jølster snikkarskule 1933-34. Bak frå venstre: Bertil Eikås, Leiv Hjellebrekke, Matias Refsdal, Erling Gjesdal. Framme frå venstre: Geirmund
Åse, Bjarne Hammar, Olav Fluge, Kristian Eikås, Anton Vårstøylen, Johannes Hammar, Sverre Fossheim, Karstein Strand.

Jølster snikkarskule 1933-34. Bak frå venstre: Bertil Eikås, Leiv Hjellebrekke, Matias Refsdal, Erling Gjesdal. Framme frå venstre: Geirmund Åse, Bjarne Hammar, Olav Fluge, Kristian Eikås, Anton Vårstøylen, Johannes Hammar, Sverre Fossheim, Karstein Strand.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1934

Fotograf: Ukjent


Kristian Eikås vart fødd 31. juli 1899 i Jølster. Han gifta seg i 1930 med Engel Sandal. Dei fekk fem born i lag. Kristian døydde 20. februar 1974.

Eikås vaks opp i ei bygd med rike handverkstradisjonar. Både familien og bygda elles var avgjerande for livsvegen han slo inn på. Bestefaren, Kornelius Eikås, var til dømes ein svært dyktig smed, som etterlet seg mykje framifrå handverk.

I 1921 flytta Kristian til Sandal. Der knytte han kontakt med Nicolai Astrup. Venskapen med den kjende kunstmålaren forsterka Eikås si interesse for husflid og formgjeving. Interessa vart òg stimulert gjennom kontakt med andre bygdekunstnarar og handverkarar i Jølster.

Eikås fekk utdanninga si frå Volda lærarskule. Etter fullført eksamen returnerte han til heimbygda, der han fekk jobb som lærar i Sandal. Men det var aldri tvil om at hugen hans brann for husflid og heimeyrke. Det skulle for alvor vise seg i det reformarbeidet han leia med snikkarskulen i Jølster på 1930-talet.

Krafft-striden

Når eg her skal gi ei utgreiing om serlege tilhøve ved husflid og arbeidsopplæring i Jølster, vil eg legge største vekta på det reformarbeidet som vi gjorde med snikkarskulen for nokre år sidan. Vi sette oss føre å rydde ut drakestilen og brunbeisinga, og ville i staden få inn enkle former med heimleg tradisjon, og skikkeleg fargebruk.

Slik innleiar Eikås ei dokumentsamling som syner arbeidet fram mot endringa av snikkarskulen på 1930-talet. Heimeyrket i Jølster hadde i stigande grad vorte påverka av stilartar utanfrå. Eikås meinte at bygda burde stø seg på sine eigne tradisjonar innan møbelsnikring og brukskunst. Med seg på laget fekk han kunsthandverkaren og kyrkjerestauratøren Finn Krafft.

I Jølster kom det til ein snikkarskule i 1918, som tilbaud 4-månaders kurs i året. Det var skulestyret som hadde det administrative ansvaret for skulen. Kursa flytta etter tur mellom krinsane i bygda. Skulen skulle gje ungdomane ei allsidig opplæring, med kurs i både møbelsnikring og utarbeiding av gardsreiskapar.

Hovudvekta kom likevel til å bli lagt på møblar. Det grunna seg i at mange på den tida hadde flytta ut av dei gamle sperrestovene og inn i nye og større hus. I tillegg ynskte gjerne dei som framleis budde i sperrestover å fornye møblementet sitt. Då melde trongen seg for husbunad.

Men i fylgje Eikås vart resultatet i Jølster so som so:

i staden for langbenken kom det sofa og stolar. [...] Utskorne kråskåp med spegelglas inne i det opne rommet var ikkje uvanleg å sjå. Nå ein så sette inn der ein «fin» nipsting, synte det seg gjenom speglane at der stod tre stykker. Det skulle vel gi illusjon om større rikdom. Pinnestolane som sjølvsagt lenge hadde gjort sin innmars, vart no dødsdømte til føremun for utskorne drakestolar.

Eikås hevda at det vart nytta for mykje tid på utskjeringar. Arbeidet burde bli lagt om, i meir praktisk leid. Det ville i tillegg opne opp for heimeyrket som leveveg. Dei rikt utskorne møblane var det knapt nokon som kjøpte.

Det var ordføraren i Jølster, Nils Øvrebø, som på nyåret i 1932 tok initiativ til ei omlegging av snikkarkursa. Han fekk skulestyret med på å velje ei nemnd som skulle kome med forslag til endring av reglane for skulen. Kristian Eikås vart leiar av nemnda. Med seg fekk han to gardbrukarar, Johan Dvergsdal og T. Årdal.

Eikås sette i gang reformarbeidet med ei klar målsetjing:

Drakestilen og brunbeisinga måtte utryddast, og der måtte kome noko i staden som var kulturberande og sermerkt for bygda. Ungdomen måtte og lære skyne at å kopiere treskurdmønster ikkje har noko med kunst å gjere, men er berre daud rutine. I det heile måtte ein få bort den mistydinga at når det skal lagast brukskunst i vår tid, så er det berre å gripe attende i stilartar og kopiere.

Drakestilen hadde avgjerande innverknad på dei rike utskjeringane som dominerte snikkarskulen i Jølster den fyrste perioden. Dette stilidealet dominerte i tiåra kring 1900. Innan treskjerarkunsten fekk det storfelte uttrykk i drakemotiv og dyreornamentikk.

Nemnda Eikås leia arbeidde fort. Allereie i august 1932 vedtok skulestyret i Jølster endringar i reglane for snikkarskulen. Det vart vedteke å kjøpe inn nye mønster. Heretter skulle møblar på skulen bli utarbeidde etter dei nye modellane.

Den nasjonalromantiske drakestilen vart såleis skuva ut i kulda. Men den nye retninga Eikås leia snikkarskulen inn på, skjedde ikkje heilt friksjonsfritt. Etter kort tid protesterte nokre elevar sopass kraftig at skulestyret såg seg nøydd til å halde eit ekstraordinært møte. Der lempa dei noko på reglane som tidlegare hadde blitt innførte, slik at elevane stod friare til å velje teikningar og mønster.

Eikås samanlikna omskipinga av snikkarskulen med målstriden: «Som det heimlege målet er det beste uttrykksmiddel for tanke og ånd, så er også det heimlege form- eller stilspråk best skikka til å gi uttrykk og utløysing for den skapande evna i folket.»

No vart nok ikkje reforma av snikkarskulen like kvass og hard som målstriden. Eikås hevda sjølv at halve bygda hadde teke parti i saka, anten for eller mot den nye stilretninga. Men etter kvart roa det seg ned. Folk fekk sjå resultatet av dei nye snikkarskulemønstra, og vart meir positive til endringa.

Når «Krafft-striden» likevel fortener omtale, er det dels fordi han fortel ein heil del om personen Kristian Eikås. I tillegg skulle mykje av tankegodset bak endringa av snikkarskulen - som næringsperspektivet, opplæringa av elevar til sjølvstendig arbeid, og dessutan fremjinga av form og brukskunst særmerkt for bygda – bli ført vidare i Heimeyrkeskulen i Jølster.

Heimeyrkeskulen i Jølster

Kristian Eikås var den sentrale personen bak Heimeyrkeskule i Jølster. Han målbar tidleg ein eigen skule for husflid og småindustri, som skulle føre vidare bygda sine tradisjonar innan trearbeid, smiing, veving, bunadsaum og anna forming. Forløparen var nokre kveldskurs Eikås i privat regi sette i gang vintrane 1936-37 og 1937-38.

I 1945 sende han skulestyret plan for ein heimeyrkeskule i Jølster. Kommunen såg med velvilje på tiltaket, og løyvde dei nødvendige midlane for at skulen skulle kome i gang. Det vart vidare vedteke at skulehuset i Sandal skulle hyse elevane.

Skulen starta opp 8. oktober 1945. Fyrste skuleåret gjekk det 10 elevar, alle frå Jølster. Dei fire fyrste åra var skulen kommunal. Frå 1949 overtok fylkeskommunen drifta. Etter 10 år i leigde lokale kunne skulen i 1955 flytte inn i eige, nyreist bygg på Vassenden. Eikås sat som rektor frå oppstarten og fram til 1969.

Skulen starta i det små, med eit 6 månaders kurs i trearbeid. Nokre år etter kom det tilbod i smiing, saum og veving. Jentene gjorde dermed sitt inntog i skulestova.

Mykje av grunnlaget for skulen var tufta på tanken om å skape levevegar for bygdeungdomen. Frå gamalt av hadde bruksting og reiskapar vorte laga på gardane, men utover 1900-talet endra det seg. Slik vart utviklinga skildra i ein avisartikkel om Kristian Eikås og skuleprosjektet hans:

Men so kom umskifte. Det vart mange butikkar og der kunde ein kjøpa alt ein trong. Far og son stod gjerne på budi og hang heile kvelden. Var skaftet på øksi roke av, fekk dei kjøpa med seg heim eit, som kanskje var laga i Amerika. Med dette bar det i ei gali leid. Det garden gav vart på denne måten for lite å hjelpa seg med når alt skulde kjøpast. Den gamle trivnad og velstand kvarv frå garden og bygdi.

Eikås såg på utflyttinga som eit trugsmål mot bygda. Skulle ein lukkast med å stoppe avfolkinga, måtte det skapast alternativ til arbeidsplassane i byar og industristader. Heimeyrkeskulen var eit verkemiddel for å nå dette målet. Eikås såg for seg små produksjonseiningar i Jølster, der dei gamle handverktradisjonen skulle syte for innkome og levebrød for folk.

I 1992 vart skulen slegen saman med Mo Jordbruksskule. Sluttstreken vart sett i 2013, då fylkestinget vedtok å leggje ned Jølster-avdelinga.

Næringsverksemd og organisasjonsliv

Kristian og broren Bertil tok i 1927 til å lage penneskaft og pennalhus i ein liten verkstad på Eikås. Lakkering- og dekoreringsarbeidet vart utført i Sandal, der Kristian var lærar. I 1936 bygde brørne ein fabrikk på Fluge. På det meste arbeidde 10-12 mann i Brørne Eikås Trevare. Fabrikken brann ned i 1959.

På folkemunne kom verksemda til å heite pennalfabrikken, eller berre pennalen. Ikkje reint få skulelevar har stifta kjennskap til pennalhusa frå Jølster. Dei kom i fleire variantar, men «Sjølhjelpa» var truleg det mest kjente. På loket var det rissa inn mål og vekt, og det kunne bli nytta til både linjal og målestav.

Eikås tok fatt på ny næringsretta aktivitet då han i 1964 var med på å skipe Jølster Tre og Form AS. Verksemde sikta mot å skaffe arbeidsplassar innan husflidproduksjon for dyktige elevar på Heimeyrkeskulen. Eikås var i tillegg sentral i stiftinga av partlaget Jølster kunsthandverk, som skulle fremje sal husflidvarer.

Han gjorde seg òg sterkt gjeldande i organisasjonslivet. I 1939 tok Eikås initiativ til Jølster heimeyrkelag. Bortsett frå nokre år på 1950-talet var han formann i dette laget heilt fram til 1970. Under Eikås si leiing utvikla heimeyrkelaget i Jølster seg til å bli eit av dei største og mest aktive i fylket. Av tiltaka han fremja var til dømes husflidutstillingar, salsmesser, kurs og utvikling av bunader for Jølster.

Kongens fortenestemedalje i gull

Kristian Eikås fekk i 1973 eitt av våre fremste heidersteikn. Kongens fortenestemedalje i gull oppnådde han for den store kulturinnsatsen han i eit langt liv hadde lagt ned, og i tillegg for grunnlegginga av Heimeyrkeskulen i Jølster.

Fylkesmann Ekeberg la under overrekkinga vekt på Eikås sin innsats for å ta vare på og utvikle gamle tradisjonar i Jølster. Eikås på si side takka audmjukt for heideren, og la til at han ville dele æra med kona Engel. Utan henne hadde han ikkje ha fått utretta det han gjorde.

Olav Bakke, formann i Sogn og Fjordane husflidlag, kom i søknadsbrevet til kongen inn på det store verdet av Eikås sin innsats:

I Jølster er det framleis betydeleg interesse for husflid. Det meste av produksjonen vert i dag omsett gjennom Audhild Vikens vevstove på Skei i Jølster, som har utvikla seg til å bli ei betydeleg verksemd etter tilhøva her. Vi nemner at vevstova har meir enn 200 faste heimeprodusentar og at førstehandsverdet av den årlege salsproduksjonen er oppe i kr. 750 000. Husflidproduksjonen gjev såleis verdfull attåtinntekt i mange heimar i Jølster og nabokommunane. Det kan neppe vere tvil om at Eikås sitt mangesidige arbeid for husflidsaka gjennom ei lang årrekke har vore ein viktig føresetnad for denne verksemda. Eikås har i det heile gjort mykje for å ta vare på og vidareføra kunsthandverks- og husflidstradisjonane i Jølster. På fleire område rekk verdet av arbeidet hans til heile Sogn og Fjordane – og enno lenger. Vi ser på Eikås sitt arbeid både som kulturinnsats og som næringsinnsats og vurderer det sers høgt.

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane: SFF-2012150 Eikås, Kristian 


Tyssen, Asbjørn: Kristian Eikås og snikkarskulen på Jølster. I: Jul i Sunnfjord 2014, s. 7-11


Attersyn: Jølster Heimeyrkeskule 1945-1949, Heimeyrkeskulen i Jølster 1949-1979. Skriftsstyrar: Idar Grindheim. 


Allkunne: Kristian Eikås


Allkunne: Pennalfabrikken

PERMANENT IDENTIFIKATOR