Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. mars 2011

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Tingstova i Lavik



I 1956 skreiv Anders Skåsheim om Tingstova i Lavik. Ho fanst ikkje lenger, men fleire personar hadde gitt han opplysningar slik at Skåsheim kunne laga ei skriftleg framstilling. Informantane hans var gamle folk. Skåsheim samla historiske opplysningar og sikra dei for ettertida. Takka vere Skåsheim veit me noko om den gamle tingstova i Lavik.

<p>Lavik kyrkje. Sk&aring;sheim skriv om &rdquo;Tinghaugen vest for kyrkja&rdquo; og &rdquo;Lavik-tunet&rdquo;. Biletet viser omr&aring;det vest for kyrkja og tunet p&aring; garden Lavik midt p&aring; biletet.</p>

Lavik kyrkje. Skåsheim skriv om ”Tinghaugen vest for kyrkja” og ”Lavik-tunet”. Biletet viser området vest for kyrkja og tunet på garden Lavik midt på biletet.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2011

Fotograf: Hermund Kleppa

Tok vare på historie

Anders Skåsheim fekk informasjon frå fleire informantar. Han nemner Eivind Bekken og Albert Lavik. Dei hadde noko i minnet sitt. Dei visste noko om tingstova i Lavik, frå to kjelder; eigne røynsler og slikt dei hadde høyrt fortalt av andre. Eivind Bekken og Albert Lavik var gamle folk i 1956. Dei er begge borte for mange år sidan og alt dei visste om historia i Lavik med dei. Skåsheim samla noko av det dei kunne fortelja, skreiv ned og formidla til andre, då, i 1956, og til folk i ettertida. Anders Skåsheim leita opp historie og tok vare på historie. Her er stykket han skreiv attgjeve ordrett, men med innsette mellomtitlar.

Tingstover på gamle skipreidestader

”På gamle skipreide-stader var det tingstova. Fedrene våre synte tidleg givnad til å byggja samfunnet sitt med lov og rett. Tingskipnaden er det eldste minne me hev um at nordmenn vilde vera eit folk, og tingstova var det fyrste teikn på samhald millom dei som bygde landet. Leidangen med vitar og skipreide sette Håkon den gode, då han som rikskonge fann at nordmenn laut verja heimane sine.

Sentral stad

Eivind Bekken var den fyrste som fortalde um tingstova i Lavik. Ho stod på Tinghaugen vest for kyrkjegarden. Namnet Tinghaugen hev vore nytta heilt til våre dagar [1950-åra]. Tingstova minner um at Lavik er ein eldgamal samlingsstad. Der var det mest lagleg å møtast for folket i dette herad både frå Lavikdalen og dei som budde i grendene ved fjorden.
 

Flytta opp i Laviktunet

Etter ei gamal segn vart Tingstova rivi og flytt upp i Lavik-tunet [gardstun attmed kyrkja]. Bestefar til Eivind Bekken heitte Mons og var frå Rinde i Feios. Han kjøpte Lavik i 1872. Mor til Eivind kjende godt det tunet, og det var ho som fortalde um Tingstova då Eivind var barn. Han sjølv minnest at folk kom frå Lavikdal laurdagskveldar fyre preikesundagar. Dei låg då i flatseng i det huset dei nemnde Tingstova. Dette minner noko um livet i slikt eit sameigehus. Der gjekk rødone høgt. Det vart fortalt um truer og hendingar soleis at ungguten saup ordi i seg.

Ljorestova

Albert Lavik minnest vel det gamle huset i Laviktunet. Det var ljorestova med kove. Det kan høva godt med det me elles veit um slike hus. Den gildaste Tingstova me kjenner i Sogn var på Klævoll. Det hev elles lite å segja kvar Tingstova i Lavik kom av. Me lyt vera nøgde med den vissa at ho hev vore der. Dette er verdfulle minne for Lavik, som no held på å verta ein ny midtstad for ferdsla [ferjesambandet Lavik-Instefjord opna 1955].

Kunngjeringar frå Tinghaugen

Folk som er komne noko til års kan endå minnast at lensmann Ellingsen las sine kunngjeringar på Tinghaugen. Han stod då på ei gamal eikerot. Det er mest som eit symbol at kyrkjelyden samla seg på Tinghaugen og vilde høyra kunngjeringane lenge etter at Tingstova var teki burt, og at lensmannen då stod på ei eikerot, som er sterkaste treslaget me kjenner. Soleis er det med dei verdfulle minni. Dei hev makt til å samla folket.

Sjø-Olina sitt hus ein møtestad

I Lavik budde ei kjend kona dei nemnde Sjø-Olina. Ho hadde ei gild stova. Det var møtestad for kyrkjelyden, serleg for dei som kom i båt. Men dette huset hadde truleg ikkje noko samband med Tingstova. På Prestegarden i Lavik er endå ei stova dei nemner Bispestova.

Generalmajor og jektebyggjar

Lavik er eit av dei herad som hev gjeve stort tilfang til kunnskapen um Sogn. Generalmajor Ole Elias Holck 1774-1842 gjorde mykje til det. Han budde på den gamle storgarden Alvera. Isak Aven var den siste jektebyggjar i Sogn. Han gav mange og verdfulle upplysningar. Ei onnor god kjelda til litande opplysningar er Endre Solheim, Lavikdal. Lasse Trædal kjøpte Madsnes-jekti til Dei Heiberske Samlingar.”
A. Skåsheim.”

 

 

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Avisa Sogn og Fjordane, 08.08.1956.

PERMANENT IDENTIFIKATOR