Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 10. april 2018

Sist oppdatert 10. april 2018

Kommune

Fylkesbaatane – om rutetrafikken til Bulandet



«Jeg hadde ikke tid til å være redd da det stod på, men etterpå må jeg innrømme at jeg skalv over hele skrotten». Dette fortel los M. Bendiksen i boka si Minner fra sjømannslivet (1962). Han og styrmannen på DS «Gula» hadde kome velberga gjennom Hovdesundet i storm og grønsjø. Fylkesbaatane hadde rutefart på Bulandet i over 100 år, fram til år 2003 då vegsambandet til Værlandet opna.

Hovdesundet i Bulandet

Hovdesundet i Bulandet, sett mot sør, Solund-øyane i bakgrunnen. På austsida (venstre) står ei fyrlykt. Skipstrafikken kom oftast inn dette sundet frå sør. Båtane styrde så litt vest (høgre) inn til stoppestaden på Litle Nikøya/Nikøya (i Nikøyosen/sundet).

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2018

Fotograf: Hermund Kleppa

Stoppestaden

Rutebåtstoppestaden Bulandet låg i Nikøysundet (Nikøyosen), først på Litle Nikøyna, seinare på Nikøyna. Her la rutebåtane til kai; dampskip (DS), motorskip (MS) og ferjer (MF). Den vanlege leia frå sør, var opp Hovdesundet. Ved innløpet til Hovdesundet står ei fyrlykt på austsida. Det ligg ein nakke (grunne) i sundet, men bra store båtar har alltid gått inn. Det sikraste er å halda litt mot aust. Denne nakken er det snakk om skal sprengjast vekk (2018). Elles går fartøy også (pr. 2018) inn ei lei litt lenger vest, etter at leia her er betre oppstaka enn før (det er sett opp fleire stakar/seglingsmerke).

Rutebåtar til Bulandet

Bulandet kom gradvis med som fast stoppestad i rutene til Nordre Bergenhus Amts Damskibe, frå 1919 Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF). Fram mot århundreskiftet 1800/1900 hadde Bulandet båtanløp under sildefisket vinterstid, frå 1904 var Bulandet fast stoppestad, og frå 1910 var Bulandet stoppestad i den då nyoppretta kystruta til og frå Bergen med nybygde DS «Gula»..

Etter «Gula» gjekk «Atløy» mykje til Bulandet, sameleis, «Nesøy» og «Værøy». Etter desse gjekk MS «Tansøy» i mange år til Værlandet og Bulandet. Øysamfunnet fekk bilferje i 1989, først med MF «Nesøy», seinare også med  MF «Værøy». Då vegen til Værlandet, som har namnet Nordsjøporten,opna år 2003, var det slutt for Bulandet som båtstoppestad.

Tre forteljingar

Det kunne vera krevjande å ta rutebåtar inn til kaia i Bulandet. Av og til let det seg ikkje gjera. Som alt nemnt vedgjekk Los M. Bendiksen (1889-1971) at han  skalv «over hele skrotten» ein gong dei gjekk Hovdesundet i storm og grønsjø. – «Vi snudde på den tredje sjøen», fortalde skipsførar Kjell Mundal om ein tur med MS «Tansøy» vinteren 1972. - «Vestavinden er verst – då får vi tung havsjø», fortalde førar på Askvoll-ferjene år 2000. Dei tre forteljingane følgjer; los Bendiksen si forteljing i boka hans Minner fra Sjømannslivet (1962), redigert og omskriven til nynorsk av Finn B. Førsund i boka Dampen og kaia. Stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998 (1998), skipsførarane Mundal og Haugstad i boka 101 fjordabåtar. Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordne 1858-2000 (2000).

«gjennom grønsjøen»

Los Bendiksen nemner «grønnsjø». Grønsjø kallast det når «det bryt», når sjø og bølgjer går grønt, «dei gjekk gjenna grønsjøe». I grønsjø reagerer ein farkost ikkje like godt på ror og propell som i normal sjø. Ordet grønsjø vert også nytta om, når sjøen får grønfarge av grønalgar eller av sandbotn. Det er noko heilt anna enn «grønnsjøen» los Bendiksen kom ut for ei vinternatt i Bulandet.

«Hva var det som feilte skipet i natt, hun var jo aldeles lealaus en stund» undra kapteinen på «Gula» seg på, ein torsdagsmorgon ein vinterdag ein gong i 1920-åra. Losen og styrmannen kunne då fortelje han at skipet hadde passert gjennom grønsjø på veg inn til til kaia i Bulandet. Inn dit går båtane gjennom eit trongt innlaup kalla Hovdesundet, med opning rett inn frå havet. Med straum og storbåra rett på, slær sjøane saman til grønsjø. Det er som om sjøen er knust og slegen sund. Kjem eit skip i en slik sjø, verkar korkje propell eller ror.
Denne torsdagsnatta hadde «Gula» kome til Askvoll klokka halv fire om natta. Der var då korrespondanse med Dalsfjord-ruta frå Bergen. Med denne var det kome førti kassar med brød som skulle til fiskeflåten som låg ute i Bulandet. Samstundes kom det telegram om at dei var lens for brød i Bulandet, slik at det var livsviktig å få brødkassane utover. På vegen ut frå Askvoll var det kuling frå sør og mørkt. Strymannen og losen vart samde om å ta seg inn til Bulandet dersom vindretningen heldt seg sørleg. Men då dei nærma seg seg Hovdesundet og skulle svinge opp i sundet, snudde vinden brått til sørvest og auka i styrke.
Men dei to på brua rekna ikkje med at stormen skulle klare å laga nemneverdig grønsjø så fort at dei ville få noko vanske, så dei endra ikkje kurs. Men så fekk dei brått erfare kor snøgt vind og sjø kan endre seg vinterstid. Dei bøya av ved fyrlykta til innlaupet til sundet, men då «Gula» stod innover med sjø og vind på rett akterut, såg los og styrmann til sin store skrekk at sjøane i sundet laga grønsjø. Men snu kunne dei ikkje, då båten var komen for langt inn i sundet. Men i neste augneblinken tok dei valet; full fart i maskina, og let det stå til gjennom grønsjøen. Stor fart auka sjansane for å få skipet gjennom. Farten og retninga var bra, og så bar det gjennom grønsjøen. «Der var som en usynlig hånd ledet henne gjennom», mintest los M. Bendiksen seinare. Vel gjennom, lystra ror og propell på ny, og dei fekk konroll over skipet og fekk lagt til kai.
Medan dette stod på, hadde dei to på brua ikkje tid til å uroa seg. Men trygt fortøydd ved kai kom reaksjonen, og losen innrømde at han «skalv over hele skrotten» Så var det gjerne ikkje så rart at losen mange år seinare mintest denne nifse opplevinga denne vinternatta i Hovdesundet «som det var i dag»! [1962].

Gjorde som gamlekarane

Vinteren 1985 var det mykje dårleg ver. Som reservebåt i ei rute Bergen – Solund, hadde MS «Tansøy» også turar til Bulandet-Værlandet. Skipsførar Mundal fortalde: (år 2000)

«Vi var komne utover mot Bulandet då «Tansøy» byrja å ta inn sjø over hekken. Det kom tre svære sjøar, og vi snudde båten på den tredje, slik gamlekarane sa. Vi greidde å komme oss opp i hamna i Værlandet.»

«tung havsjø»

I 1989 opna ferjesambandet Askvoll – Værlandet-Bulandet, med Fylkesbaatane si første «havferje», MF «Nesøy». Det gjekk greitt til Værlandet, men det hende dei måtte sløyfa Bulandet. Skipsførar Norvald Haugstad fortalde (år 2000):

«Strekninga frå Værlandet til Bulandet er ope hav og kjem inn under fartsområde 4 – same fartsområde som hurtigrutene går i. [Ferjene] «Nesøy» og «Værøy» har dispensasjon for å gå ut til Bulandet. Det har gått betre enn mange trudde då ferjesambandet starta [1989]. Dette er to glimrande sjøbåtar, og vi har ikkje hatt nokon uhell. I nordavind opp til liten storm går vi ut til Bulandet på sørsida av Værlandet, og i synnavind opp til same styrke, går vi ut på nordsida. Vestavinden er verst – då får vi tung havsjø på oss heile tida, og då må vi innstille turane til Bulandet i stiv til sterk kuling. Enkelte vintrar har vi innstilt opptil 30 turar til Bulandet, andre vintrar berre nokre få.».

 

kjelder:

Munnlege opplysningar frå Håvard Halsøy, Bulandet


Bendiksen, M: Minner fra sjømannslivet. 1962


Førsund, Finn B.: Dampen og kaia. Stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. 1858-1998. 1998.


Torvanger, Magnus: 101 fjordabåtar. Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-2000. 2000.


Torvanger, Magnus: Frå dampskip til gassferjer. Fjord1 Fylkesbaatane 150 år 1858-2008. 2008.


Fylkesbaatane – Boka Minner fra sjømannslivet


Vegsambandet – Værlandet Bulandet