Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 19. desember 2007

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Bringeduken - gamalt smykke til høgtidsbruk i Sogn



Kvinnebunadane på Vestlandet, grovt rekna frå Rogaland til og med Sognefjorden, samt deler av dei nære dalføra, Hallingdal og Valdres, har hatt og har bringeduk som sitt vakraste tekstile smykke. På det vesle tøystykket som ligg over bringa i opningen på ålivet, har oppfinnsame kvinner i alle aldrar, gjennom hundreåra fått utløp for kreativitet og blomstrande skapartrong, ein rikdom av idear ut frå kva dei hadde å hjelpa seg med.

<p>Johannes Flintoe: Seterliv under Skagest&oslash;lstindene. Jenta ved Turtagr&oslash; har kanskje ei salmebok i hendene, sveipt i ein klut, slik det var vanleg &aring; gjera. Ho ser tankefull ut, kanskje ho lengtar til bygda. &quot;Seterjentens s&oslash;ndag&quot;?</p>

Johannes Flintoe: Seterliv under Skagestølstindene. Jenta ved Turtagrø har kanskje ei salmebok i hendene, sveipt i ein klut, slik det var vanleg å gjera. Ho ser tankefull ut, kanskje ho lengtar til bygda. "Seterjentens søndag"?

Eigar: Bergens Kunstmuseum/De Heibergske Samlinger.

Kvinne - og kulturhistorie

Innimellom dagleg slit, strev og sut må det ha vore ei sann glede å få laga noko smått og vakkert, bruka fargar og stoff, med ulike typar dekor, ymse slag saumteknikkar, perler, silkebetar eller broderte restar av eldre tekstilminne. Det er rørande å sjå korleis alt vart nytta til minste trevl. På denne vesle fargerike beten kan det ut av tøyrestar og pynt lesast kvinne- og kulturhistorie, handelssamkvem og økonomi.

Ulike

Det er registrert ei mengd bringedukar frå Sogn. Dei aller fleste er på museum, og knapt to er like. Det er ikkje utført nemnande gradering av alder, men bringedukar sydde på stramei (kanvas), er mellom dei yngste.

" - til stads og Kirkegang -"

Me veit ikkje så mykje om korleis og kor mykje bringedukane var i bruk. Det me har av haldepunkt er akvarellane etter teiknelæraren Johannes Flintoe og skriftlege kjelder. Soknepresten i Årdal og Lærdal skriv i 1817 om korleis folk gjekk kledde på den tid, og han fortel m.a.: "- Til Stads og til Kirkegang bruges desforuten et Bryststykke udsyet med megen Stads af Straaeperler--". Dette ei kjelde som stemmer med andre opplysningar frå same periode. I indre Sogn høyrde altså bringeduken med til høgtidsklea, d.v.s. når kvinna var kyrkjekledd med trøye. "Å gå i berre skjorteermane" var ikkje rekna for å vera så fint som å vera trøyekledd.

Gjekk av mote

Etter det ein veit til no, var det tidleg på 1800-talet at bringeduken enno høyrde til høgtidsklea i dei indre bygdene i Sogn. Men så den gjekk den gradvis ut av bruk, til liks med jentebora. I midtre Sogn heldt bringeduken lenger stand, medan den i ytre Sogn har vore brukt lengst fram i tid. Her låg den over bringa på den kvite skjorta under ålivet, og trøyetypen var ein annan enn i indre strok.

Renessanse med bunaden

Etter å ha "lege på kistebotn" i nesten hundre år vart det rundt 1900 på ny aktuelt å bruka/sy seg bringeduk, men då i samband med "nasjonaldrakta" som vart høgste mote over heile landet. "Nasjonalen" bygde på Hardangerbunaden, men vart forenkla og standardisert, slik også bringeduken vart det. I denne tida finst det fleire bringedukar som har lik oppbygging og mønster. Geometrisk perlesaum på stramei dominerer. Denne nyare type bringeduk har såleis ikkje noko med lokale særtrekk i Sogn å gjera.

Laga på mange måtar

Bakstykket på dei eldste bringedukane er ofte av grovt ullstoff, som heldt bringa varm i den opne splitten på ålivet. Det kan t.d. vera rest av ein vev, antan kvete'dl(ullteppe), vadmål eller ruta/randatøy. Heimevovne linbetar eller restar av trykt bomullstøy (kattun), er også nytta. For å gjera den stødig, kan ein i mellomforet finna restar av papir, som brev eller ark frå ei skrivebok, - eller som ein bringeduk i privat eige frå Fortun,- ljose hårkrullar! Øvst har duken ein avsluttande kant, ofte av fløyel eller silke, markert med band eller blonder i gull eller sølv.

Mange bringedukar er pryda med ullgarnsbroderi, lyneldsaum, korssting eller smøyg som er av dei eldste broderiformer me kjenner i Noreg. Perlenett er små kulørte perler tredd i mønster og sydd fast på underlaget, som oftast er raud vadmål eller klede. Mønster i stråperler blir sydd rett på underlaget, som kan vera både silke og ull.

Applikerte motiv

Å applikera er å sy eit stoff i avvikande farge og mønster fast til eit anna stoff med leggsaum. Det kan og vera ei rad med kvite perler som markerer leggsaumen. Det er utklypte lappar i silke, applikert på slike eller ulltøy, men mest i ull på ull. Motiva er mangfoldige og frodige, utklypte i finurlege mønster, ofte raude på mørk botn. Krossform, hjarte, blomster og blad går att. Det er ein gamal teknikk som har vore brukt i heile fjorden, frå inste Luster til ytst i Solund, men har halde seg lengst og er mest brukt i ytre Sogn.

Sogn har ein unik skatt i alle dei applikerte motiv og arbeid der teknikken er brukt. Få plassar i landet kan visa til noko liknande.

kjelder:

Nanna Ebbing: Norsk Husflid.
Norske bygder. Sogn. Band IV.
Årbok for Sogn. 1997.
Arkivet til Bunad og Folkedraktrådet.