Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 19. oktober 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Friarskori i Fjærland



Friarskori er namnet på overgangen frå Bøyadalen til Suppehelledalen via Skeisnipa. Ruta vart fyrste gong gått på 1850-talet av Lars Johannesen Rødseter, og er ei klassisk forteljing om ulukkeleg og "ulovleg" kjærleik. Soga som ligg til grunn for Friarskori fekk dessutan eit litterært etterspel, ført i pennen av den kjende folkeminne- og musikkinnsamlaren Olav Sande.

Sjølve Friarskori er ei fjellhylle som går oppover langs Skeisnipa. På dette biletet ser vi ho merka med blått. Turen opp fjellsida i bøyadalen er merka med kvitt. I våre dagar er Friarskori tilgrodd, men då Lars Rødseter gjekk ned, må ho ha vore snaubeita av sauer og geiter.

Sjølve Friarskori er ei fjellhylle som går oppover langs Skeisnipa. På dette biletet ser vi ho merka med blått. Turen opp fjellsida i bøyadalen er merka med kvitt. I våre dagar er Friarskori tilgrodd, men då Lars Rødseter gjekk ned, må ho ha vore snaubeita av sauer og geiter.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2007

Fotograf: Per Olav Bøyum

Husmannsson og bondedotter

Lars Johannesen Rødseter vart fødd i 1823, og kom frå ein husmannsplass i Supphelledalen. I boka til Sande, "Innestengt", blir han framstilt som ein maurflittig arbeidsmann, litt fåmælt, og ofte tverr mot folk. På skulen var han ikkje mellom dei gløggaste, men:

i ein ting var han bere enn hine: han var framifraa til aa ganga i fjellet; han var plent som geiti, ja endaa bere. Skuld `kje tru, han vart øren, om han stod uppe paa den høgste nipa, som fanst i fjorden.

Han forelska seg i bondedottra Synnøve Andersdatter Bøyum. Ho blei fødd i 1835, og vaks opp på Tufte i Bøyadalen, der Lars var i teneste. Det viste seg at kjæleiken var gjensidig, men paret røynte fort at dei laut slost mot standsskilje og sosiale normer.

For far til Synnøve var avstanden mellom dottra og husmannssonen avgrunnsdjup. I utgangspunktet tykte han godt om Lars, og såg på han som ein drivande dyktig arbeidsmann. Men då det kom for dagen at Lars hadde eit forhold til Synnøve, sende Anders han attende til husmannsplassen under Rødseter. Det gjekk so langt at han sette folk til å vakte på Synnøve, som om somrane var budeie på ein støl i Bøyadalen.

Men kjærleiken fann omvegar. Då Lars skjønte at vegen fram til Bøyastølen var stengd for han, freista han heller å gå ei rute frå Supphelledalen over Skeisnipa. Oppfarten frå Rødseter gjekk greit, men nedturen til Bøyadalen vart ei fårefull ferd i bratt og ulendt terreng. Han kom seg likevel heilskinna ned, og skapte med det både ei historie for ettertida og eit stadnamn.

Møta mellom Lars og Synnøve viste seg å vere fruktbare. I 1855 fekk dei sonen Ole, og tre år seinare fortel kyrkjebøkene at Synnøve bar fram Jens til dåpen. Likevel blei aldri forholdet deira formalisert gjennom eit ekteskap.

Slik er i korte trekk bakgrunnen til Friarskori. Dei mest sentrale ingrediensane i historia er elles eit ynda motiv i litteraturen: om kjærleik som må bli ufullendt fordi den sosiale og økonomiske avstanden mellom guten og jenta er for stor.

Segn og sanning

På folkemunne i Fjærland heiter det at Sande med boka "Innestengt" ville hemne seg på fjærlendingane. Ei tid skal han ha hatt eit forhold til ei jente frå bygda. Ho vraka han til fordel for ein gut med mykje gods og gull, noko som truleg gjekk hardt inn på Sande. I eit dikt kjem han inn på kor sårt han opplevde det å vere for vesal for ho Anbjørg:

Det var vel av di han var rik - hadde gar`;
i banken han og hadde pengar.
Eg hadde `kje myket, og etter han far
eg fekk korkje aakr elder engar.

Olav Sande gjer det til eit poeng at det var dei sosiale skiljelinene som hindra eit ekteskap mellom Lars og Synnøve. Truleg er det mykje rett i det, men kan hende låg det meir enn standsskilje bak Anders sin uvilje mot å få Lars til svigerson.

Det som ikkje kjem fram i "Innestengt" er at Lars i 1850, før han innleia forholdet til Synnøve, fekk ein son utanom ekteskap. Han var då i teneste, og såleis lite i stand til å forsyrgje barnet sitt. Denne episoden må ha vore i bakhovudet til Anders då han fekk vite at Lars hadde eit godt auge til dottra hans.

Ei anna viktig hending er forvrengt i boka til Sande. I "Innestengt" søkk Sigvor (Synnøve) ned i mismod og apati etterkvart som ho innser at ho og Lars ikkje kan få kvarandre, trass i at dei har avla to ungar i lag. I likesæle innleier ho eit forhold til ein annan tenestegut, og føder seinare eit barn i dølgsmål.

Sanninga er at Synnøve fødde i dølgsmål i 1853, to år før fyrste barnet ho fekk med Lars, kom til verda. Synnøve prøvde fyrst å skjule fosteret på heimestølen, men mor hennar fatta mistanke om kva som hadde skjedd, og fekk Anders til å setje barnet inn under kyrkjemuren i Mundal. Rykta spreidde seg fort, og snart måtte Synnøve svare for sorenskrivaren. Ho blei seinare dømt til fengsel på vatn og brød i 15 dagar "for at have født sit uægte men ikke fuldborne Barn i Dølgsmaal".

No er sjølvsagt boka til Sande fiksjon, og må fyrst og fremst bli vurdert som skjønnlitteratur. Då "Innestengt" kom ut oppstod det likevel ein diskusjon mellom fjærlendingane kor tett handlinga låg opp til røyndomen. I eit lesarinnlegg i Vestlandstidende blei det hevda at "Bogen er nærmest et usandt referat af en gammel historie." Andre hevda derimot at Sande si bok låg nær sanninga.

Kor stor innverknad boka til Sande hadde på ettertida si formidling av romansen mellom Lars og Synnøve er vanskeleg å seie, men etterkvart som detaljane om Friarskori sakte forsvann inn i historia sitt mørke, er det vel truleg at "Innestengt" og det kollektive bygdeminnet snart smelta saman til ei segn som avvik noko frå det kjeldene fortel oss.

Liv og lagnad

Lars emigrerte til Amerika i 1859, og slo seg etterkvart ned i den vesle byen Arendahl, i Filmore county, Minnesota. I ei folketeljing frå 1880 er han oppført med kone og ni born. To av borna han fekk i Fjærland reiste seinare over til Amerika, og slo seg ned i lag med faren.

Synnøve gifta seg i 1862 med Endre Jonson Helland frå Feios. Då han døydde åtte år seinare, gifta ho seg opp attt med Ingebrigt Rasmusson Helland. Også han fall tidleg frå, og Synnøve blei enkje igjen i 1877. Seinare flytta ho heim til Fjærland for å pleie mor si. I 1892 er ho registrert som emigrant frå Bergen, saman med to av borna frå det siste ekteskapet.

Verken Lars eller Synnøve har det vore råd å fylgje lagnaden til i Amerika. Spora etter Lars sluttar med folketeljinga i 1880. Truleg må huslyden ha flytta nokre år etter, for det er ingen med namnet Rodsether gravlagd på kyrkjegarden i Arendahl.

Synnøve er ei enno større gåte. Trass i omfattande søk i amerikanske databasar, ser alle spor ut til å slutte med emigrantprotokollen i Bergen. Men fantasien er det lov å bruke. Kanskje traff Synnøve og Lars kvarandre i landet der ingen vart fødde inn i fastlåste, sosiale roller, men der fattigfolk kunne arbeide seg opp til velstand og rikdom?

Bratt, mest stupande bratt

Det bar nedatt paa hi sida av fjellet. Det rispade og reiv i hender og andlit fyr kver liti ufs, han let seg siga utfyre. Det var faarlegt - det var bratt, mest stupande bratt, og det tok til å verta myrkt. Han hadde aldri gjenget der fyrr; men nede fraa vegen hadde han no i dei sidste dagarne stirt væl etter, korleides skorarne laag deruppe og fenget ut, at ein kanskje kunde kløna seg ned, naar det røynte paa. Han skydde inkje. Og han klarte det! "Men den vegjen har har ingen gjenget korkje fyrr elder sidan," sa folk, naar dei lenge etter fekk vita det.

Slik skildrar Sande nedfarten til Lars mot Bøyastølen, der Synnøve var budeie. I vår dagar går turen motsett veg. Ved Skeisstølen kryssar me brua, og fylgjer fyrst den gamle, nedlagde ferdslevegen som kong Oscar i si tid nytta for ta Bøyabreen i augesyn.

Til å begynne med går turen gjennom krattskog, seinare opnar terrenget seg opp langs eit elvagjel. Derifrå ber det bratt oppover, etterkvart i tett vegetasjon. Med mindre dyr på beite, har fjellsida langs Skeisnipa grodd kraftig att dei siste åra, og særleg har bregneskogen vakse seg stor.

Etter om lag to timars gange blir sjølve Friarskori nådd. Fjellhylla går slakt oppover mot Friarskorbotnen. Her held ein til høgre for ein bekk, og klatrar bratt opp til fjellryggen mellom Bøyadalen og Suppehelledalen. No er den verste stiginga unnagjort, og neste etappe opp til fremste Skeisnipa er eit relativt lett parti.

Frå fremste Skeisnipa, som ligg på om lag 1400 meter, byrjar nedstiginga mot Supphelledalen. Fyrst går det nedover Tyskarbotn til Flatbrehytta. Deretter fortset turen bort til Supphellebreen, og vidare ned Tverrdalen, til Øygard, som er endestasjon for turen.

Friarskori er ein etter måten krevjande tur. Oppstiginga går i brattlendt terreng, og set krav til fysisk form over snittet. Fleire av partia på turen er svært luftige, og sikring med tau er tilrådeleg. Turen krev dessutan kjentmann, og ein bør ikkje gå Friarskori med mindre vèret er fint og terrenget nokolunde turt.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sande, Olav: Innestengt: forteljing. Bergen: Mons Litlére, 1889 


Sande, Olav: Segner fraa Sogn II. Bergen: Mons Litleré, 1892


Maland, Ernest M.: Remember the days of old : the centennial saga of Arendahl Evangelical Lutheran Congregation 1856-1956. Arendahl 1956.


Munnleg informasjon frå: Anders J. Bøyum.


Statsarkivet i Bergen: Sorenskrivaren i Ytre Sogn, Ekstrarettsprotokoll, 1853-1860.


Statsarkivet i Bergen: Sorenskrivaren i Ytre Sogn, Domsprotokoll. Sivile og offentlege saker, 1850-1860.


Vestlandstidende 08.02.1890.


Sogns Tidende 19.02.1890

PERMANENT IDENTIFIKATOR