Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vadheim Turisthotell



Omkring åra 1850 vart det vanleg for velståande europearar, særleg engelskmenn, å dra til Noreg for å oppleve den mektige Vestlandsnaturen. Ei vanleg rute var: - Dampbåt til Odda i Hardanger. Derifrå med hest og trille gjennom Hardanger til Sogn og så vidare til Nordfjord.

Vadheims Hotel 1918. Kvistromma for betjeninga var i 4. høgda. Romma vart omtalte som ishus om vinteren og glovarme i solskin om sommaren.

Vadheims Hotel 1918. Kvistromma for betjeninga var i 4. høgda. Romma vart omtalte som ishus om vinteren og glovarme i solskin om sommaren.

Eigar: I Bygdebok for Kyrjebø og Lavik.

Datering: 1918.

Fotograf: Ukjend.

Stor ferdsle, men trongt og gammaldags gjestgiveri

Etter at vegen frå Nordfjord til Vadheim vart ferdig i 1837 og dampen tok til å gå fast på Bergen - Sogn i 1858, auka ferdsla over Vadheim monaleg.
Landhandlar Sjur Hansen, også kalla Sjur i Veim, hadde som ung tent seg rik på krambu med brennevinshandel og gjestgiveri. Han dreiv også jektefart på Bergen og var godt kjend i bankar og handelshus. Tidleg hadde han sikra seg grunnen der postvegen enda ved dampskipsbryggja. Ei bryggje han sjølv eigde. Alle konkurrentane som kunne tenkja seg å investera i den blomstrande handelsstaden, var heilt utestengde. Sjur såg tidleg at det låg forteneste i turistferdsla, og la planar for eit moderne hotell.

Vadheim Turisthotell vert bygt

Omkring 1881 klemde Sjur til med grunnarbeidet for hotellet. Han var ikkje i beit for kapital, og heller ikkje for billeg arbeidshjelp. To jekter eigde han den tida, så frakta vart også rimeleg.
I året 1882 stod bygget ferdig, og det var eit særsyn i heile soknet. Med mura kjellar under heile huset og tre fulle høgder, gulmåla og gromt. Elles var huset staseleg med panel og tapet av likaste slag. I salongane lyste nymotens parafinlamper med nypussa glas. Men storparten av hotellet var berre i bruk sommars dag. Det var for dårleg isolert til vinterbruk. Høyr berre kva entreprenør Eivind Sommerfeldt Fossum skreiv då han kom til Vadheim den 1. oktober 1906 for å leie bygginga av ny fabrikk:
"Logi fikk vi paa Vadheim Hotel, det var bygget som sommerhotel for turisttrafikken, en svær kold og ukoselig bygning. Det var en frk. Hansen som drev stedet sammen med sine 2 brødre. Faren hadde i sin tid bygget huset. De første dage var jeg alene i hotellet, senere kom efterhvert flere. Først en irsk-amerikaner mr. Taylor, som tidligere hadde været ansatt i en lignende bedrift i Niagara Falls i Amerika."

I skuggen av Kvikne's Hotel

Så lenge Sjur var ved god helse, vart hotellet godt drive. Men det kom i skuggen av Kvikne's Hotell i Balestrand som starta med fire senger i 1877 og i løpet av fåe år bygde nytt og vart kjent i heile Europa som eit staseleg feriepalass.

Eit nytt århundre

Ei dotter av Sjur tok over hotellet etter at faren gjekk bort i 1898. Hansine Edvardine Hansen var namnet. Ho var fødd i 1863 og styrte hotellet heile sitt vaksne liv til ho døydde i 1938. Ho vart alltid kalla Frua av bygdefolket.
Tidene i tjue- og trettiåra var skrale, og dei færraste såg seg råd til å reisa på tur for moro skuld. Men Vadheim hotell greidde seg bra på den vanlege ferdsla. Hansine Edvardine vart gift med ein bergenskjøpmann, Andreas Eide.

Trygve Eide, son av Hansine Edvardine

I 1939 tok Trygve Eide over hotellet saman med kona. Trygve var bymann og kunstnar, og korkje han eller kona blanda seg særleg med bygdefolket. Dei hadde så vidt kome i gang då tyskarane tok over ein del av hotellet. Men han og kona hyste reisande under heile krigen. Etter krigen dreiv dei nokså stort nokre år i sommar-månadane med mange tilsette.
Trygve var ein av dei mest kjende portrettmålarane i Noreg, og hadde vel ikkje den heilt store interessa for hotelldrift, så den var det helst kona og dei tilsette som tok seg av. Han såg aristokratisk ut, var kunnskapsrik og musikkinteressert. Korrekt kledd med dress og slips, og alltid med sigaretten mellom gule fingrar.

Slutten på skaparverket til Sjur i Veim

Ei natt i 1961 kom det varme laus i Vadheim hotell. Den gamle trebygningen, innsett med mange lag oljemåling, brann som halm, og mest ingen ting vart berga. Flotte gamle møblar, pyntesaker og nips, samla gjennom mangfaldige år, piano, verdigjenstandar av alle slag, gjestebøker og gamle fotografi. Og med det den mest interessante delen av bygda si soge. Måleri av kjende kunstnarar. Alt vart flammane sitt rov. Og ikkje minst: Samlinga av Trygve Eide sine måleri vart borte.
Før hadde Verholmen handelsstad brunne, der Kristian Hansen var kjøpmann i mange år, og med det ein stor del av Hansen-slekta sine klenodium. Ved brannen i Vadheim hotell vart resten borte.
Eldre folk rusla rundt på den rykande branntomta som no var like snau som den gongen i 1842 då Sjur Hansen bygde her og tok til med sin brennevinshandel. Dei mumla seg imellom at no må vel den gamle forbannelsen over Hansen-slekta vera slutt, for no er det ikkje att stein på stein av livsverket til Sjur i Veim.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Førsund, A.: Ættebok for Kyrkjebø. Band I. Stavanger, 1995.
Førsund, Adolf og Sigurd: Bygdebok for Kyrkjebø. Band II og III, 1963.
Opplysningar frå:
Mor til forfattaren arbeidde ved hotellet nokre somrar.

PERMANENT IDENTIFIKATOR