Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert: 10. mars 2018

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Peder Pavels – gloppenprest på tokt i Middelhavet



Peder Pavels vart fødd på Hjelmeland i Ryfylke 15. desember 1769. Han kom til Gloppen i 1801, og var prest der til han i 1829 flytta til Kragerø. Før han fann kallet sitt i Nordfjord hadde lagt bak seg nokre opplevingsrike år som skipsprest.

Peder Pavels

Peder Pavels

Eigar: Illustrasjon henta frå "Sandeherred - En bygdebok" av Lorens Berg

Datering: Ukjent


Peder vart i 1794 utnemnd til orlogsprest. Dei fyrste tokta hans gjekk til Nordsjøen og Austersjøen. I 1796-1797 var han med fregatten Thetis til Middelhavet. Den siste reisa hans gjekk til Vestindia med fregatten Freya. Frå toktet til Middelhavet skreiv Peder dagbok der han utførleg gjer greie for opplevingane sine.

Oppdraget til Thetis var dels å eskortere det årlege "presentskib" til Algier, og dels å tinge med pasjaen av Tripoli om ein avtale som hindra piratverksemd og slavetaking. Dei såkalla Barbareskstatane (Libya, Algerie, Tunis og Marokko) hadde i fleire hundreår kapra europeiske skip. Ein million europearar skal ha blitt førte til Nord-Afrika som slavar. Piratane var endå til så djerve at dei gjorde strandhogg i europeiske land. Både på Island og Færøyane vart folk frakta vekk i slavelenkjer.

I 1770 meinte danskekongen at nok var nok, og sende ein eskadre på ti skip til Middelhavet for å tukte piratane. Det skulle vise seg å bli ein formidabel fiasko. Allereie før flåten kom fram hadde sjukdom tynna godt ut i mannskapsrekkene. Då skipa nådde Alger skulle det setjast makt bak krava. Skipskanonane gjekk heite, men offiserane si dugløyse førte til at knapt ei kanonkule trefte byen. Det heile enda med at ein svært pengesum måtte bli sendt sørover frå København for å få til ein fredsavtale med sjørøvarane.

I 1796 blas det opp til strid med Barbareskstatane, og fregatten Thetis blei beordra til Middelhavet for å få til ei løysing. Eitt av føremåla med toktet var å forhandle om fred med pasjaen av Tripoli, noko Pavels òg kjem inn på i dagboka si. Den 15. november 1796 noterte han til dømes fylgjande:

Nu var G: A. og Consulen kommen tilbage fra Paschaen, han havde kun forlangt 300000 Piaster og en 40 kanoners fregat for at slutte Fred. 

Den 23. mai året etter såg det ut til at oppdraget til Thetis var fullført:

Og da vi nu ved ankomst til Malta erfarer ved Breve fra Constantinopel over Smirna, at Storsultanen nu har taget sig af Sagen, givet Pachaen af Tripoli Ordre, ikke allene at tilbagelevere i fuldkommen Stand de tvende danske Skibe, som hans Corsair tog uden for Padras, men og strax at slutte Fred med Danmark, har sendt Ambassadeur derhen i samme Anledning. 

Vona om fred skulle vise seg å breste. Det var fyrst med Najaden, ein fregatt som avløyste Thetis, at det vart oppnådd ein fredsavtale med pasjaen.

På tur til Malta og Sardinia

Sjølv om oppdraget til Thetis ikkje førte fram, så fekk Pavels likevel stort utbytte av toktet til Middelhavet. Innimellom var det rikeleg med tid til utflukter, og dei høva greip han med stort attrå. Ein god del av dagboka minner mest om ein turist si reiseskildring, sorglaust fortalt av ein mann med eit ope sinn og ein  nyfiken personlegdom. Under eit opphald på Malta skreiv Pavels til dømes dette om ein tur innover på øya, til Mdina:

Cita Vecchia kom nu op ved en temmelig høy Bakke til - her tildrog sig først af alt nogle Abelsintræder min opmærksomhed, paa venstre Side af Veyen ned i en Dal stod disse saa skiønne, saa lystelige at see, med sin Frugt saa indbydende til at smage, aldrig saa jeg før et Træ saa prydet. Mens vi kiørte langsom op ad Veyen saalenge Trærne var at see ville ikke mine Øyne forlade deres gule og grønne friske og hvelsignede Kroner. Fra denne Bakke oversaa vi den hele Øe. De mange Landsbyer hist og her omstrøde, St. Paul Havn hvor han leed Skibbrud, Byen Mascias hvis Indbyggere foregive sig at være de første, der lod sig døbe af Paulus. Denne frie Udsigt her over heele Landet og Havet giør Stedet ganske behageligt. 

Pavels si interesse for hagebruk er godt kjent. I Nordfjord skal han ha lært bøndene å pode frukttre. Kanskje var det på toktet til Middelhavet interessa hans for fruktdyrking vart kveikt?

I mars 1797 kom Thetis til Sardinia. Pavels var skeptisk til innbyggjarane i Cagliari, men ein dag fekk han høve til å «ride paa Landet», som han skreiv i dagboka. Då var det tydeleg at han saug til seg opplevingar. Utanfor ei kyrkje sette han seg ned og studerte folk, mest som ein antropolog på feltarbeid:

Vi havde den allerbedste Plads til at see alle de Mennisker, som gik ud af Kirken og jeg troer der var over 300 som passerede os forbi og giorde holdt ved Vievandet. Det var Fruentimmer allene; Mandspersonerne vare alt uden for – og at vi opholdt os med Fornøielse ved at betragte disse - var ganske rimeligt, siden de baade vare prydede med  naturlige og kunstlede Yndigheder. [...] Om Halsen har de fleste en smal Guldkiæde, paa Hovedet et hvidt Tørklæde, de havde Sko paa deres Been men ingen Strømper. Deres gang var ligesaa rask og utvungen, som deres Dragt er modellisk og aldrig saae jeg nogen bære sit Legeme bedre end disse smukke Landsbypiger. Der vare adskillige Enker imellom, som man kunde meget ledt see Ansigtet af, et langt sort Klæde indhyller dem fra Hovedissen til Fodsaalen og er deres Særkiende. 

Møtet med Nord-Afrika og slavehandelen

Det nyfikne sinnet til skipspresten er det mange eksempel på. I det første møtet med Nord-Afrika, då Thetis låg til anker ved Tripoli, er det rett nok tydeleg at han var dregen mellom frykt og oppdagartrong. I lag med eit par skipskameratar gjekk han i land for å besøke den danske konsulen og dessutan ta nokre gamle ruinar i augesyn. Utanfor byen låg det ein leir, som han med nervøse skritt nærma seg. Der traff han bønder som hadde kome for å selje varene sine. I ettertid fortel han om ei redsle som viste seg å vere grunnlaus:

Hvor bebreydede jeg mig siden den Frygt, med hvilken jeg nærmede mig disse Mennisker! Jeg skulle jo i Forveyen tenkt: De ere Landsmænd! Langt fra Røverie og lænker og bedrag, langt fra Kiøbsted boer disse, har Eyendom, har Faar og Marke og Træer, deres Flid og Arbeyde føder dem; de har Frihed; ingen Rigmands eller Herremand, som boer i deres Naboelav ængster dem hverken med Trælarbeyde eller undertrykkende Ringeagt. Paa de stærke kameler legge de hvad Overflødighed deres Jorder yde, giennemreyse saa lange Veys til kiøbstad, og derfra hiem til deres fredelige Boliger. 

Eit opptrinn med ein rasande handelsmann om bord på Thetis dagen før hadde planta ein skepsis i Pavels, ei frykt som han tok med seg på land: «Tyrken, som var saa grim inden Skibsbord hos os, havde givet mig en slags Respekt for Tyrker i almindelighed». Pavels kjem kanskje i sitatet ovanfor til ei erkjenning som gjeld meir generelt: bønder er no bønder over alt. Så lenge dei får dyrke jorda si i fred, utan åk og undertrykking, så er dei i all hovudsak fredsæle og gjestfrie.

Det ser ut til at Pavels etter kvart blei varm i trøya. Den 29. mars 1797 skreiv han utførleg om ein audiens hjå Deyen i Alger:

Min lyst at see denne Herre, som Europas mægtigste Nationer ydmygeligen maa krybe for, og udbetale hvad Summe som vilkaarligen paa bydes dem [...] Denne Tyran hvis høflighed og Vrede jeg har hørt beskrive saa skræksomt, som aldrig har vist at tilgive og aldrig at tæmme sine voldsomme Lidenskaber, og endelig ham som har den rigeste Datter pa Jorden maatte det vel interessere mig at see. 

Men det var urolege tider, og i Alger fekk Pavels samstundes sjå resultatet av røvartokta:

Det er en Ynk at see her i land de mængde Slaver mest Genuesiske og Venetianske, som her saa jammerlig maa i græmmelse, jærn strængt arbeyd og ussel Forlegning uden
Udsigter til Frihed forud og hensørge sine Dage, fordi de vare saa ulykkelige at falde i disse Røveres Hænder. Anden er icke deres Brøde end at de vare Søfarende paa Handelsskibe. 

Barbareskstatane fortsette med slavejakt til eit stykke ut på 1800-talet. Det fanst ei utbreidd frykt mellom europeiske sjøfolk å hamne i klørne på korsarane. På heimturen gjorde båten til Pavels ein stopp i Malaga. Under dette opphaldet fortel han om ein norsk sjømann som så vidt berga seg unna sjørøvarane:

Et Exempel, som nok er uden lige har en Skipper Hage fra Stavanger viist, som i disse Dage er kommen paa en Baad med alle sine Folk herind til Malaga. En liden Seyler, som han antog for en Tyrkisk eller anden kaper havde nogen Tid holdt efter ham men da han en Aften i Nærhed af den spanske Kyst saae Seyleren nærme sig hans Skib, gaaer han selv med sine Folk uden at efterlade en Mand paa Skibet i sin Jolle. Han holder sig noget
i nærheden medens Kaperne styrer til Skibet, gaaer ombord, han seer hvor de gaaer om med tænde lanterner paa Dækket, (ventelig for at søge efter Mennisker, som Her Hage, for at forhindre dem at finde, ikke havde havt behov for at forlade skibet) Vel tenkt saa at du ikke kom i det Selskab!, og holdt sig i saa passelig afstand, at han kort derpaa forvaldede sig fra skibet og fandt det ikke meere. Han er nu kommen ind til Malaga. Der bliver lyst og spurgt om sligt et drivende Skib i alle Havne. Det tilhørte Middelthon i Stavanger. 

Det var ikkje berre på havet at det føregjekk slavetaking. Frykta for dei Nord-Afrikanske sjørøvarane var i tillegg levande mellom folk som budde i dei kystnære områda i mange europeiske land. Under eit opphald på Sardinia kom Pavels i tale med ein mann som uttrykte eit intenst hat mot korsarane. Og den norske presten hadde langt på veg forståing for sinnet:

Dette Had mod Barbarerne som og er temmelig rimeligt siden man siger, at især de Tunisiske korsaire gaar her i Land paa Kysterne, giør Indbrud hos Beboerne og plyndrer ikke deres Guld og Sølv og Mad allene men deres Piger, Dattre og koner, jo smukkere, jo heller og føre dem med sig. 

Men Pavels fortel òg om sitt eige raseri og følelsen av maktesløyse i møte med piratane. Desse kjenslene velta opp i han etter ei hending ved Tripoli. To kapra skip vart førte til land, utan at Thetis makta å avskjere dei:

At see disse saaledes undløbe os var intet behageligt Syn, men at see efter Ankringen det danske Flag heyset under Bugsbrydet paa den tremastrede af de indkommede Skibe var et Syn at blive gal af. 

At dei to skipa var danske, skapte naturleg nok ei fortvilt stemning om bord i Thetis:

At see tvende af vores Landsmænds Skibe slæbes her i klørerne paa denne rovgierrige Barbar, uden at kunde ile dem til Hielp, og at tenke sig de arme Fanger og ventelig mishandlede Matrosers Glæde saa snart de saa os, i hvem de havde ventet deres Befriere, og siden deres skuffede Haab. 

Det viste seg at prisa var norske. Det eine skipet høyrte heime i Christiania. Pavels opplyser at dei vart kapra då dei låg til anker ved Morea. Truleg må det ha vore dei to skipa som korsarane tok ved Patras.

Pest

I tillegg fanst det ein annan fare som var mest like frykta som piratane. Pesten skal ha herja hardt i Nord-Afrika. I følgje Pavels var det svære folkemengder sjukdommen reiv vekk. Hjå den danske konsulen i Alger fekk han sjå dødslister som fortalte at det år om anna døydde 17 000 menneske. I mai 1797 fekk Thetis ordre om å hente ein dansk konsul i Tripoli, ein by der det på den tida skal ha døydd 5-600 menneske dagleg av pest.

Tala verkar svært høge, men det er ikkje tvil om at faren for pest var reell. Det førte naturleg nok til otte mellom mannskapet på den danske fregatten. Pavels skriv til dømes dette i dagboka si 31. mai 1797, då Thetis låg oppankra utanfor Tunis:

[…] nogle Discourser, som herved blive foranlediget ere ikke af de muntreste; hvordan en, om han var den ulykkelige der først kunde blive angreben af Pest, for at redde de øvrige, strax ville springe over bord, en anden skydes, hvad mig angaaer, saa ville jeg forlange at blive sat i Land og blande mig blant hoben derinde, […] 

Men Pavels slapp unna pesten. Sjukdomen påførte derimot Thetis lange karanteneperiodar i hamnene dei kom til.

Middagsselskap hjå Jean Bon Saint-André

Då Thetis låg for anker ved Alger vitja Pavels den franske politikaren Jean Bon Saint-André. Saint-André blei fødd inn i ein protestantisk familie i 1749. Han vart oppalen av jesuittar i Marseille, men vende seinare attende til den protestantiske trua. Ideen om religionsfridom gjorde at Saint-André kom til å støtte den franske revolusjonen, og han vart vald som utsending til nasjonalkonventet frå departementet Lot. Han sat på Berget, og stemte for avrettinga av kong Ludvig XVI.

Den 2. april 1797 fekk han besøk av Pavels og nokre av skipskameratane hans frå Thetis. Pavels noterte dette i dagboka:

I dag har jeg med G:A: L: Bille H: og V: været paa den republicanske Consuls, den berømte Jambon Saint Andres Landstæd og sikkerlig har denne dag været for mig en af de interesanteste paa denne heele Reyse.

Under besøket kom Saint-Andrè inn på spørsmål om religion, truleg i samtale med personen Pavels kalla G:A:

Efter det muntre gode Middagsmaaltid indlod han sig i anledning af Dupuis Skrift de l'origine de toute la religion hvoraf tvende Deele laa paa Bordet i samtale med mig om dette Skrift og dets Indhold, tillagde det overordentlig Roos, ville forfægte i overenstemmelse dermed at alle Jordens maader at dyrke Gud paa, og alle de forskiellige Forestillinger der nogensinde var giorte om det høyeste Væsen kunde og maatte udledes af Astronomie. Alle de allegoriske Fremstillinger i Johannis Aabenbaring, kunde og maatte ligeledes efter denne Hypothese forklares som miskiendte eller kiendte ikke Lutherdanernes heldige Fremskridt i de seenere Tiider i henseende til det nye Testamentes Exegetik.

I tillegg la Saint-Andrè i veg om politikk, og det tok nesten av då han fylgde gjestene sine ned til båten etter middagen:

St Andree fortsatte sine politiske Discourser ad den heele Vey med G:A som skikkelig godt kunde holde ham Stangen – og paa Guds grønne jord standsede ham undertiden, kom i affekt parerte og gesticulerte, som om han troede med et at være sat paa Talerstolen i et Parlament.

Pavels skreiv ikkje noko om innhaldet i dei politiske diskusjonane. Han klaga òg over at han ikkje var heilt stø i fransk. Men det er ingenting som tyder på at Saint-Andrés politiske synspunkt smitta over på Pavels. 

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Ms.8° 709 Peder Pavels: Reisejournal 1796-1797 som skipsprest på en Middelhavs-farer, fregatten Thetis.


Larssen, Vetle Lid: 1001 natt : den utrolige historien om to norske slaver i Alger. Cappelen Damm, 2013


Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim : Frå om lag 1800 til vår tid. . Band II. Gloppen, 1979.


Arkivet Thorvaldsens Museum 


Wikipedia: Jean Bon Saint-André


Wikipedia: Bertel Thorvaldsen


PERMANENT IDENTIFIKATOR