Tilkomst
Strandastøylen ligg frå gamalt på Strandaheia, med ein svært bratt og vanskeleg stølsveg som låg utsett til for flaum frå vatnet på Strandaheia. Ein kan undre seg over at kyr verkeleg greidde å ta seg fram på denne smale, og til dels stupbratte stølsvegen.
Bruk av stølen
Strand sin støl skulle ha vore kring 200 m sør for Bergheimsstøylen, mellom elva og vegen. Strandastøylen vart seinare teken opp att på den gamle staden på Strandaheia. I lia ovanfor tunet er restar etter to fjøsar. Dette kan vere spor av ein eldre støl enn den på Strandaheia.
I Kjell Råd si bok fortel Brita Skinlo etter bestemora si, Brita E. Strand, fødd 1839:
I min barndom og ungdom var det mykje rovdyr i fjellet, og borna måtte gjeta dyra. Vi hadde ikkje fjøs i den tida, berre sel. Når bjørnen kom om kvelden og natta og dyra kjende teven av den, sprang dei til selet og trykte seg inn til veggen medan dei belja og skreik i redsle. Då måtte vi fortast mogeleg få varme på grua og setja fyr på neverskrullar som vi festa på ei lang stong. Så var det å springa ut med den brennande neverskrullen og skrika og huja. Då vart bjørnen redd og reiste sin veg. Ein gong såg vi og blodspora etter to bjørnar i ei snøfonn på fjellet. Dei hadde drepe og drege med seg ein av sauene våre."
Frå Bygdeboka tek vi med ein strid om stølsrett i 1720-åra.
"I 1726 rasa stølsvegen ut, slik at det vart uråd å få krøtera på Strandaheia. Dei på Strand prøvde dermed å få stølsrett inne i Våtedalen. I ei rettssak fekk Strand medhald. Dei skulle ha stølsrett i seks veker, på same tid som Bergheim dreiv sin støl her inne. Strand skulle betale 4 skilling for kvart storfe og Bergheim skulle ha tilgjenge til beite for sau og ungfe i Strandaheia. Dei på Egge nekta å bøya seg for denne dommen. Dei vart dømde til bøter for å ha hindra Strand å bruke dette beitet."
Nokre fakta
Strand, gard nr. 106, Breim sokn, hadde 2 bruk i 1890.