Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Husmannsplassen Halabrekka



På vestsida av innløpet til Tynjadalen ligg husmannsplassen Halabrekka. Plassen høyrer til garden Øvrevoll i Lærdal kommune. Dei fyrste husmannsfolka fekk feste her kring midten av 1600-talet og dei siste på byrjinga av 1900-talet.

Husmannsplassen Halabrekka slik han ser ut i dag. Arkitekt Claus Lindstrøm kjøpte husa på plassen og har sidan restaurert dei.

Husmannsplassen Halabrekka slik han ser ut i dag. Arkitekt Claus Lindstrøm kjøpte husa på plassen og har sidan restaurert dei.

Eigar: I Lærdal Bygdebok III.

Datering: 1993.

Fotograf: Jens Hauge.

Husmannsplass på 1600-talet

Husmannsplassen Halabrekka har ei forholdsvis lang soge. Det er truleg at plassen har hatt to periodar i si soge. Murar i området kan tyda på dette.
Plassen var i bruk på midten av 1600-talet. I 1645 er det Per Brecke og kona som er husmannsfolk på "Brecke". Per betalte ein ort i kop-skatt.
I 1661 er Østen Lasseson på Halabrekka den einaste husmannen under Øvrevoll. Han vart i 1697 stemd av futen for "løsgjengeri" og ulovleg handel av tobakk. Straffa var anten å betala to riksdalar eller å lida på kroppen. Østen skal sidan ha vore i lovlydig teneste på Øvrevoll. Også nestemann på plassen heitte Østen, med etternamnet Knutsson.

To husmannsplassar

Det ser ut til at plassen har lege ubrukt på store delar av 1700-talet. Ein kjenner ikkje til at det har vore husmenn her i perioden etter Østen Knutsson og fram til nye folk byrja å nytta plassen eit stykke utpå 1800-talet. Då var det to husmannsplassar her: Fremre og Heimre Halabrekka, eller Nord og Sør.
På Fremre Halabrekka fekk Ingvard Jonasson frå Bjøllehola feste. Han var gift med Anna Halvardsdotter Sande. Dei hadde fem born. Ingvard Jonasson er i 1851 nemnd som Thrane-tilhengar. I 1865 fødde dei to storfe og tolv sauer på plassen, og sådde ei halv tønne bygg og tre tønner poteter. Ingvard reiste i 1867 til USA saman med kona og dei to yngste sønene.
På Heimre Halabrekka var det Jakob Jakobson frå Prestegarden som fekk feste. Plassen har vorte kalla Jakob-Halabrekka etter han. Jakob var gift med Johanna Jonsdotter frå Lærdalsøyri og dei hadde åtte born. I 1865 hadde dei plass med jord her og fødde to kyr og seks sauer. Dei sådde ei kvart tønne bygg og halvanna tønne poteter. I folketeljinga for 1875 finn ein at Jakob og familen framleis på plassen, men nokre år seinare emigrerte dei til USA.

Attende til ein plass

På Heimre Halabrekka overtok Mons Ingebrigtsen (1849-1926) frå Skorpeholene feste på plassen, men han vart her berre i fire år. Han var gift med Anna Håkonsdotter (1846-1933). Etter dei har det ikkje budt folk på denne delen av Halabrekka.
I 1867 overtok Anders Ivarson (1830-1909) frå Geili festet på Fremre Halabrekka. Han var gift med Anna Ingvardsdotter (1837-1910), eldste dotter til førre brukaren. Dei hadde sju born, tre av dei reiste til USA. I 1875 hadde dei to kyr og fire sauer på plassen. Åkervidda var stor nok til å så 4/5 tønne bygg og tre tønner poteter. I følgje festekontrakten måtte dei svara ein vekesdag heile året: lauving av to lauvrauk, to sallsåer skør og ei onneveke for kar og kvinnfolk. Anders dreiv elles som lasskøyrar.

Leie av en Ko

I 1899 leigde Anders Ivarson Halabrekka ei ku etter følgjande kontrakt:
Undertegnede Anders Iversen Halabrækken leier fra i dag en Ko, Venapru kaldet, af Anna Andersdatter Tønjum, paa følgende betingelse:
1. Koen skal fodres og røgtes forsvarlig.
2. I leie betales kr 4,00 - fire kroner for aaret, hvilket betales hvert aars 14de April, første gang 14de April 1899.
3. Eieren, Anna Andersdatter Tønjum, forbeholder sig fuld ret til, naarsomhelst hun maatte ønske det, at hæve leiekontrakten og tage Koen tilbage uansæt hvor kort eller længe Koen har staaet paa leie, uden noget varsel eller lovmaal og dom. Nærværende kontrakt vedtages i alle deele af begge parter i underskrevne vidners overvær.Tønjum den 27 Februar 1899.

Som eierske   Som leier
Anna A. Tønjum   Anders I.
    Halabrækken, m.p.p.
  Til vitterlighed  
  Hans Tønjum  

Restaurert

Den siste husmannen på Halabrekka var Henrik Johannesson (1880-1960) frå Tynjahagen. Han var gift med Durdei Andersdotter (1876-1908), yngste dotter til førre brukaren. Dei hadde tre born, alle dei døydde nokså unge. Familien hadde både kyr og sauer på plassen. Jorda vart godt oppdyrka med fine, flate sletter.
Ingvard Hagen arva husa på Halabrekka og selde dei vidare til Jens Tønjumshagen (Jens i Ur'n). Sidan vart husa selde til arkitekt Claus Lindstrøm, men tomten leiger han hjå garden Øvrevoll. Lindstrøm har føreteke eit omfattande restaureringsarbeid på husa, slik at dei i dag står fram som eit flott kulturminne. Han nyttar plassen som fritidsbustad.

Kulturlandskap

Området kring munningen av Tynjadalen i Lærdal er eit heilskapleg kulturlandskap med kulturmarkstypar som ligg innanfor den gamle husmannsplassen Halabrekka og bjørkehagen på Fossateigen. Området har eit mosaikkprega og fortetta småskala kulturlandskap rundt dei to gamle husmannsplassane på Halabrekka. Her dannar eit restaurert bygningsmiljø frå 1850, monumentale steingardar og spor etter omfattande utmarksbruk, med mellom anna oppbygde hellerar for lagring av lauv, restar etter eit omfattande vatningssystem, styvingstre og søyleeinerar, eit variert og relativt autentisk heilskapleg kulturlandskap. Men kulturmarkstypane er under forfall og attgroing.

Husmannsplassen Monsehalabrekka har eit intakt bygningsmiljø som kan tena som referanse både for byggjeskikk, hustype, storleik og lokalisering. Dei små inngjerda hagane er også typiske med gamle bær- og fruktsortar. Innanfor området finst ei mindre slåttemark med intakt veitesysytem. Ein har også kjennskap til kor omfattande og korleis den opphavlege vegstrukturen var i dette området. Bygningane er heilt restaurerte, men det er gjort ein del interiørmessige endringar i uthusa.

Det er særleg dei mange steingardane som gjerdar inn slåttemarkene, åkrane og nyttehagane som særmerker området. Det er bygt opp ein markert buveg som passerer gjennom tunet. Det finst elles fleire bakkemurar og mange rydningsrøyser her som i dag ligg delvis skjult av skog. Grunna den omfattande og tydelege steinstrukturen, er det relativt lett å forstå mønsteret i kulturlandskapet med dei ulike teigane sin funksjon. Dermed har mange av areala fått ny og endra bruk og andre karaktertrekk. Mellom anna gjeld dette dei mange slåttemarkene som i dag har fått meir preg av einerhagar.

Dette området er i dag ein del av eit større forskingsprosjekt vedkommande endringar i det biologiske mangfaldet. Fyrst og fremst er det bjørkehagane som skal undersøkast. Det er sett i gang forsøk med skjøtsel av dei attgrodde bjørkehagane ovanfor husmannsplassen samt rydding av einer og kratt, med tilbakeskjering av trekronene mot gamle styvingsspor. Målet er å sjå om lysopninga i kronesjiktet og ryddinga i feltsjiktet fører til ein endra og meir artsrik flora. Ein vil også skaffa seg kunnskap om restaurering av gamle styvingstre av bjørk er å tilrå.

Området har store estetiske og kreative verdiar. Ein har som mål å få utarbeidd ein grundig istandsetjings- og skjøtselsplan for det mosaikkprega kulturlandskapet rundt husmannsplassen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Hovland, Kåre: Lærdal Bygdebok, III, Heim og ætt, Tønjum og Hauge sokn, Grøto-Hunderi. Lærdal kommune. Lærdal 1994.
Hauge, Leif: Kulturhistoriske undersøkelsar på Halabrekka, Øvrevoll i Lærdal kommune. Høgskulen i Sogn og Fjordane. Sogndal 1998.

PERMANENT IDENTIFIKATOR