Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Målstriden i Vik



Målstriden i Vik var uvanleg hard, kanskje hardare enn i noka anna bygd i Sogn og Fjordane. Striden varte frå rundt 1890 til kring 1930, men hardaste taka var rundt 1910.

Sigurd Nesse (1852-1955), lærar i Vik 1882-93. Han gjorde det heilagbrotet at han let elevane fortelja Guds ord på vikjamålet, og nytta ikkje talemålet til Kristus, som var riksmål. Han let og borna syngja landsmålssongar. Dette provoserte mange, og det vart ein hard strid. Så hard at Nesse følte seg pressa frå bygda, og han valde å flytta i 1893.

Sigurd Nesse (1852-1955), lærar i Vik 1882-93. Han gjorde det heilagbrotet at han let elevane fortelja Guds ord på vikjamålet, og nytta ikkje talemålet til Kristus, som var riksmål. Han let og borna syngja landsmålssongar. Dette provoserte mange, og det vart ein hard strid. Så hard at Nesse følte seg pressa frå bygda, og han valde å flytta i 1893.

Eigar: Fylkesarkivet. SFFf-88003.0954.

Datering: 1930-50.

Fotograf: Ukjend.

Svært hard strid

Striden var så oppheta at han vart omtalt i riksavisene. Særleg i riksmålsavisene fordi dei meinte at Vik var eit døme på at tapte skansar vart attvunne. Dei viste til stor oppslutnad om riksmålsforeininga, som opererte med eit medlemstal på over 1000. I heile Vik kommune var det ca. 3500 innbyggjarar.

Fyrste målstriden

Fyrste gong det dukka opp det ein kan kalla målstrid i Vik, var i Arnafjorden i 1889. Det året sende 47 oppsitjarar eit klagebrev om den rette forståinga av vedtaket frå 1880 om at undervisninga skulle føregå på talemålet til borna. Oppsitjarane protesterte på at dei større borna som forstod bokspråket "Af Læreren skal tvinges til, imod sin egen, og Forældrenes Villie, at oversætte Bogsproget paa sit eget Talesprog."
Lærarane i Arnafjorden fekk uttala seg, og dei påpeikte at lova ikkje skilde mellom undervisning av små og store born. Dei meinte det var ein stor pedagogisk fordel at borna fekk fortelja bibelsoga med eigne ord. Skuledirektøren vart kobla inn. Han konkluderte med at når borna var store nok til å forstå bøkene dei las, skulle dei uttrykkja seg i "det almindelige, for det hele Land fælles Bogsprog".

Målstriden kring Sigurd Nesse

I 1882 kom Sigurd Nesse som lærar til Vik, der han var i 11 år. Han drog frå Vik til Eidsvoll i januar 1893. Då orka han ikkje meir strid om sin person. Nesse vart pressa ut or skulen i Vik.
Det saka galdt var at Nesse let elevane fortelja bibelsoga på dialekt og let elevane syngja songar på landsmål. Anders A. Sæbø og 40 andre sende inn ein klage der dei kravde å få Nesse avsett. Sæbø trua og med å ta dottera si ut or skulen. Kravet vart handsama i skulestyret i oktober 1892, og dei gav Nesse full støtte. Sjølv om Nesse fekk støtte og hadde mange tilhengjarar i bygda, fekk han nok.

Vik Mållag og Viks Riksmålsforening

Vik Mållag vart skipa i 1902 og Viks Riksmålsforening i 1908. At riksmålsfolket gjekk saman i 1908, skuldast nok at det året vart landsmål innført som opplæringsspråk i Vik. Riksmålsforeininga fekk og skipa eit eige ungdomslag, og saman dreiv desse to laga godt nokre år. Dei heldt eigne festar i eige lokale. Riksmålsfolket festa på ein stad, og landsmålsfolket i heradshuset og seinare ungdomshuset. Riksmålsfolket hadde eigi vallista til valet i 1910, men tapte knepent. Dei arbeidde og iherdig for å få oppretta ein riksmålsskule i Vik, men heller ikkje det fekk dei i stand.

Sigra på alle frontar

Riksmålsfolket arbeidde hardt frå skipinga av foreininga i 1908, men oppnådde lite. Striden stilna av, og landsmålet sigra på alle frontar.
Vik har vore ei trugen nynorskbygd, og i 1996 fekk bygda pris for beste markering av Ivar Aasen-året. Men som me har høyrt, har det vore kamp for å koma så langt.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bergfjord, Kjell og Sæbø, Arne Inge: Målsoge for Vik. I Årbok 1997. Vik Historielag, s. 7-32. Vik i Sogn 1997.
Sæbø, Arne Inge: "Skriftsproget for Norge bør være et¿". I Dag og Tid. Nr. 30, 1999.
Aas, Sverre: Kristendom og norskdom. Sigurd Nesse 1852-1955. I Pridlao, nr. 3, 1993, side 53-56. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.

PERMANENT IDENTIFIKATOR