Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 16. november 2018

Kategori

Kommune

Stårheim kyrkje



Stårheim kyrkje er ei langkyrkje i tre som står på det gamle hovdingsetet Stårheim i Nordfjord. Kyrkja, som har 340 sitjeplassar, vart vigsla 4. desember 1864 av prost Wilhelm Frimann Koren. Arkitekt Christian Henrik Grosch laga teikningane til kyrkja, som skal vera den tredje på staden. Kyrkja er soknekyrkje for Stårheim sokn i Eid prestegjeld.

Stårheim kyrkje har mange flotte detaljar. Ho er teikna av den kreative og dyktige arkitekten Christian Henrik Grosch (1801-1865).

Stårheim kyrkje har mange flotte detaljar. Ho er teikna av den kreative og dyktige arkitekten Christian Henrik Grosch (1801-1865).

Eigar: Starheimsbygda.no.

Datering: 2001.

Fotograf: Ukjend.

Kyrkje på 1100-talet

På det gamle hovdingsetet Stofreimr vart det truleg reist ei høgendekyrkje eller huskapell tidleg på 1100-talet. Kyrkjehistoria i bygda inneheld både brannherjingar og dramatikk, med makteliten på ei side mot provoserte bønder på den andre.

Ein reknar med at det var Arne på Stofreimr gjorde opptaket til å få bygt kyrkje på Stårheim. Han var lensmann under kong Inge Krokrygg på midten av 1100-talet, og tok seinare ein slags fyrstetittel og kalla seg Arne Kongsmåg etter at han gifta seg med den svenske prinsessa Ingerid. Slik sett var opphavet til kyrkjelivet i bygda både framståande og fornemme folk. Men seinare var gudshuset likevel lite akta i bondestanden.

Spesiell innvendig

Stårheim kyrkje er bygd i 1864, i ei tid då dei kvite høgreiste gudshusa reiste seg overalt i fylket og i landet elles. Kyrkja på Stårheim fekk dei same tuftene som den førre kyrkja, like ved vegen nede langs fjorden. Ho ser ut som langkyrkjene flest, men har fleire spesielle løysingar innvendig. Så var det òg den kreative og dyktige arkitekten Chr. H. Grosch som teikna kyrkja.

Sakristia på kvar side av koret har dører i kvar sin ende av gangen som er bygd attåt austveggen i koret. Frå denne gangen er det også dører inn i sjølve alterringen. Ringen er uvanleg vid og dekkjer heile området mellom nord- og sørveggene i koret. Bak alteret vart det på 1960-talet laga ein sprinkelvegg på innsida av alle dei tre korveggene. Dette vart gjort for å dekkje det store, runde glaset i austveggen, eit glas som mange meinte tok merksemda frå altertavla. Soknerådet støtta seg til fleirtalet då dei bestemte at glaset skulle skjulast innanfrå.

I dag er det runde glaset igjen tema, for soknerådet har vedteke at det skal fram att i lyset. Eit argument som talar for å fjerne veggene, er at koret dermed får tilbake ei kjærkome lyskjelde. Dei fleste meiner at vindauget er pent å sjå på, og det let seg gjere å studere vindauget frå utsida. Det står att å sjå om det også vert synleg frå innsida.

Restaurert på 1960-talet

Restaureringa av kyrkja vart gjort tidleg på 1960-talet, og skulle vore fullført til 100-årsjubileet i 1964. Men arbeidet tok lengre tid enn ein rekna med. I tillegg til dei nye sprinkelveggene i koret, vart m.a. veggene i den tidlegare gulmåla kyrkja luta. For at kyrkja skulle verte heilt ferdig, vart feiringa utsett til 1965.

Innvendig vart ho måla om i nye fargar. Benkene er måla i rosa og ein lillafarge, men hovudfargen elles i kyrkjerommet er gråtonen. Gallerifronten er rosemåla og gir kyrkjerommet eit preg av norskdom, men i ein heilt annan skala enn det ein ser i Kinsarvik-kyrkjene i Eid, Rugsund og på Totland. Det er nærliggjande å tru at dei to kyrkjemålarane Harry og Eivind Botn har late seg inspirere av desse kyrkjene. Galleriet vart utvida like etter krigen for å gi plass til nytt pipeorgel. I 1946 vart det lagt inn elektrisk lys og varme i kyrkja.

Dei mektige søylene på kvar side i skipet og i korskiljet, bidreg til å gi Stårheim kyrkje eit staseleg preg. Det same gjer dei store vindauga med spissboge langs veggene. Dei bakerste på kvar side i skipet gir godt lys både under og over galleriet.

Inventar

Altertavla frå 1903 er eit oljemåleri på lerret, laga av Anders Orheim. Biletet er ein kopi av Asta Nørregaard si tavle i Gjøvik kyrkje frå 1883. Som i fleire andre kyrkjer i andre halvdel av 1800-talet, vart det i fyrste omgang sett opp ein relativt enkel trekross på eller bak alteret. Fyrst i 1903 kom den noverande altertavla på plass.

Her er i alt fire altarlysestakar, to udaterte i messing og to i sølvplett frå 1874. Nattverdsutstyret er i sølvplett og omfattar ein kalk og ein disk, begge udaterte.
Både preikestolen og døypefonten er i tre og datert 1864. Dåpsfatet og dåpsmugga er i tinn og er udaterte. Orgelet frå 1957 har 14 stemmer. Det er kjøpt brukt frå Svelvik kyrkje i Vestfold, og opphavleg laga i 1916.
Stårheim kyrkje har to kyrkjeklokker. Den eine er frå ei eldre kyrkje og vart attfunnen i 1901, men er ikkje i bruk i dag. Den andre er frå 1903.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.