Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Skredulukke i Stardalen (Heggheim)



Året 1868 var eit av dei verste snøskredåra på Vestlandet. Kring 150 menneske omkom. På garden Heggheim i Stardalen vart alle husa råka av raset. 17 menneske vart tekne av snømengdene; berre 3 berga livet. I 1993, 125 år seinare, vart det reist ei støtte til minne om "Då Heggheim tok ut".

Frå minnehøgtida 12. august 1993. Her er etterkomarar etter Kolbein Heggheim samla ved minnesteinen.

Frå minnehøgtida 12. august 1993. Her er etterkomarar etter Kolbein Heggheim samla ved minnesteinen.

Eigar: Randi og Trygve Sægrov.

Datering: 1993.

Fotograf: Randi Sægrov.

14 menneske omkom

Det var Storfonna dei frykta mest på Heggheim februardagane i 1868, men det var Grønskredfonna som kom, ei mjellsnøfonn dei ikkje hadde venta. Ho endra løp på ein hamar oppe i lia, og kom feiande over Indre Heggheim med katastrofalt utfall. Husa på to gardsbruk vart tekne, og 14 menneske omkom. Ein dreng greidde å berga seg ut ved eiga hjelp, og to vart funne av leitemannskapa som kom til. Desse omkom på dei to bruka ulukkesdagen 11. februar 1868: Bonde Ole Knudsen (49 år), kona Anne (47), borna Knud (19), Anne (17), Ole (11), Elisabeth (8), Axel (6), Johanne (4) og Anne Marie (2). Jeremias (13) døydde ein månad seinare av kaldbrann etter skadane han blei påført. Kårenkja Johanne Knudsdotter (80), gardbrukarkona Pernille Olsdotter (52) og sønene Samuel (11) og Ole (8).

Minnemarkering 1993

125 år etter ulukka vart det avduka ein minnestein. Fleire bar fram gripande minneord. Det er vanskeleg å fatte den grusomme opplevinga det må ha vore, sa sokneprest Øystein Skauge i minneorda sine. Fortvilinga til jenta som låg under snøen og høyrde det gjekk oppå snøen, utan at dei kunne høyre hennar skrik. Jenta miste mor, far og åtte sysken. Fortvilinga til Kolbein Heggheim som kom heim frå sildefiske og fekk vite at heile den næraste familien hans, kone og to born, var borte.
Naturen formar menneska som bur her, sa Svein Heggheim , etterkomar etter Kolbein. Det er godt å sjå at dei var i stand til å reise seg igjen! Året etter ulukka tok dei til å byggje oppatt husa på Heggheim, men dei vart då flytta lenger ned.

Minnesteinen

Det var Jølster Sogenemnd som tok opp arbeidet med å få reist eit minnesmerke til året 1968, 100 år etter ulukka. Det lukkast ikkje, men Varden Bygdeungdomslag, med støtte frå kommunen, lag, organisasjonar og einskildpersonar, greidde oppgåva til 125-årsmarkeringa. Minnesmerket, som står på staden der ulukka ramma, er laga av Eide Steinindustri, etter utkast frå det same firmaet. Minnesmerkenemnda samla og inn historisk dokumentasjonstilfang som vart utgjeve i heftet Då Heggheim tok ut, 1993.

Ikkje berre Stardalen

Året 1868 er truleg det verste snøskred-året i Sogn og Fjordane nokon gong. Ulukka i Stardalen var berre ei av ulukkene som kravde menneskeliv, medførde tap av husdyr og påførde folk veldige materielle øydeleggingar. Norsk Folkeblad melde om tragiske hendingar Luster, Sogndal; Balestrand, Jølster, Stryn og andre stader på Vestlandet.

Hjelp frå Afrika

Mange menneske kom i stor naud etter rasulukkene i 1868. Offentleg hjelpeordningar og trygdeordningar var ikkje utbygde slik som i dag. Likevel blei ikkje dei skadelidande ståande åleine. Nære slektningar, grannar, sambygdingar og andre kom til med hjelpande hender. Jamvel ein nordmann i Afrika sende hjelp. Norsk Folkeblad hadde i desember 1868 fylgjande notis:Missionsbiskop Schreuder har skjænket 45 Spd(spesiedalar) til de i sidste Vinter her i Landet ved Sneskred Nødlidende.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Firda, 1993.
Firda Tidend., 1993.
Då Heggheim tok ut, Minneskrift. 1993.
Jol i Sunnfjord. 1927.

PERMANENT IDENTIFIKATOR