Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. juli 2013

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Grunnlovsjubileum 2014 - Silkeflagget til Eidsvollsbygningen



Eidsvoll 1814 - er namnet på Eidsvollsbygningen sitt museum. Det omfattar «gjenstandar» som har kome inn til Eidsvollsbygningen frå midten av 1800-tallet og fram til i dag. Ein «gjenstand» er eit silkeflagg, ei kiste som høyrer til og ei mappe med «papirer». Våren 1914 samla Anna Sunde i Sør-Vågsøy kommune inn 10 øres-bidrag til dette flagget. Ho var gift med ordførar Kristen J. Sunde.

Spesiallaga kiste til «Eidsvoldsbygningens silkeflagg»

Spesiallaga kiste til «Eidsvoldsbygningens silkeflagg»

Eigar: Museet Eidsvoll 184

Datering: 2013

Fotograf: Ukjend

Heist første gang 16. mai 1914

Det var Norsk kvinnesaksforening, skipa 1884, som stod føre jubileumstiltaket å gje ei silkeflagg til Eidsvollsbygningen. Flagget blei overrekt 16. mai 1914 og heist første gang same dagen av leiaren i kvinnesaksforeningen, fru Randi Blehr. Kongefamilien var tilstades.

Brev til «samtlige ordførerfruer»

Norsk kvinnesaksforening ønskte at så mange kvinner som råd var skulle vera med i jubileumsgåva, slik at det med rette kunne seiast at flagget var ei gåve frå «Norges kvinder». Difor prøvde dei å nå vidare enn til medlemmene i eigne organisasjonar. Dei sende brev til alle ordførarfruene i landet. (I 1914 over 400 kommunar). I brevet stod det:

«Norsk kvindesaksforening har besluttet at opta arbeidet for denne sak og har hendvendt sig til de øvrige kvinnesaksforeninger om bistand. Men for at naa de flest mulige kvinder inden Norges byer og bygder henvender foreningen sig også til samtlige ordførerfruer i landet med anmoding om at enhver av dem blandt kvinderne inden sin by eller sit herred vil forsøke at samle op til kr. 3.oo til Eidsvoldsflagget. Lykkes dette vil flaget med ret kunne siges at være en gave frå Norges kvinder.»

Anna Sunde – «ordførerfrue» i Sør-Vågsøy

 I 1914 var Kristen Sunde ordførar i Sør Vågsøy. Han var skipsekspeditør, fødd 1860 i Jølster, og gift med Anna, fødd 1865 i Breim. Anna Sunde var ei av «landets ordførerfruer» som tidleg på året i 1814 fekk brev frå Norsk kvinnesaksforening. Ho tok saka vidare i lokalavisa Fjordenes Tidende der ho gjorde greie for tiltaket og oppmoda kvinnene i Sør Vågsøy om å vera med. - Det er snakk om eit «meget beskedent beløp», og for at flest mogeleg skal få høve til å ta del i jubileumsgåva, tenkjer ho seg einskildbidrag på 10 øre. Pengane må vera innkomne til henne før 18. februar. Om det skulle koma inn meir enn 3 kroner, tykkjer Anna Sunde det høver å gje det overskytande beløpet til ei grein av forsvaret.

Korleis gjekk det?

Førebels kjenner me ikkje til kva som kom ut av «ordførerfrue» Anna Sunde i Sør-Vågsøy kommune sitt innsamlingstiltak, men det ligg nær å tru at 10 øres-bidraga kom inn, og at 3 kroner blei vidaresendt til Norsk kvinnesaksforening saman med eit brev, kan henda også ei liste over bidragsytarane. Innsamlinga i Sør Vågsøy er elles den einaste i Sogn og Fjordane me så langt har kjennskap til.

Innsamlingslister tekne vare på sentralt?

Museet Eidsvoll 1814 sitt foto av kista til silkeflagget viser også ein konvolutt med «papirer». Mon tru det i den konvolutten finst brev frå Anna Sunde? Eventuelt og frå andre «ordførerfruer» i Sogn og Fjordane? Me sende spørsmål til konservator Solveig Therese Dahl. I ein epost svara ho:

«Jeg har dessverre ikke kunnet finne noe register over hvor de innsamla midla kom fra. Mappa med papirer ligger nå sammen med kista på et fjernmagasin, så jeg har ikke hatt mulighet til å undersøke hva slags papirer det er. I katalogen står det oppført at det er adresser fra giverne, men om det da betyr adresser i moderne forstand eller adresser som hilsninger har jeg dessverre ikke hatt mulighet til å finne ut.»

Venteleg får me nærare opplysningar seinare, både om innhaldet i konvolutten og om status for Eidsvollsbygningen sitt silkeflagg anno 2013.

 

kjelder:

Fjordenes Tidende. 11.02.1914.
Informasjon frå:
Museet Eidsvoll 1814
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

PERMANENT IDENTIFIKATOR