Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 12. november 2008

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Sogn og Fjordane fylke - fylkesvåpenet



Den 23. september 1983 fekk Sogn og Fjordane fylkesvåpenet sitt. Det skjedde ved kongeleg resolusjon, og ordlyden er: På sølv grunn tre blå spissar mot venstre.

Fylkeshuset i Sogn og Fjordane på Hermansverk. Fylket sitt flagg med fylkesvåpenet vart teke i bruk i 1983. Fylkeshuset stod ferdig hausten 1991.

Fylkeshuset i Sogn og Fjordane på Hermansverk. Fylket sitt flagg med fylkesvåpenet vart teke i bruk i 1983. Fylkeshuset stod ferdig hausten 1991.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2008

Fotograf: Hermund Kleppa

Fylkesmerket 

Alle kjenner fylkesvåpenet til Sogn og Fjordane. Me møter det i fylkeskommunen sitt flagg, på publikasjonar, på konvoluttar og brevark, på koppar og kar, på Nettet, og i mange andre samanhengar. Dei tre blå spissane inn "på sølv grunn" symboliserer dei tre dei tre fjordane Nordfjord, Sunnfjord (fjordane i Sunnfjord) og Sognefjorden. "Sølv grunn" kan assosierast med landskapseiningane Nordfjord, Sunnfjord og Sogn.

Fleire år 

Det tok eit par-tre år før fylkesvåpenet vart endeleg godkjent i Statsråd, 23. september 1983. Fleire fylke hadde då alt fått ordna seg med fylkesvåpen. Ei fylkesmerkesnemnd overleverte 9.12.1981 fylkesutvalet ei innstilling med fem framlegg. Innstillinga vart oversendt kulturutvalet og fylkeskultursjefen fekk utarbeidd ferdige framlegg til våpenskjold. Framlegga vart vidare sende til Riksarkivet for førebels vurdering, som i brev av 1.3.1982 sa frå om at alle kunne brukast ut frå ei heraldisk vurdering.

Fem utkast 

I framlegget frå fylkesmerkenemnda finn me ein kort presentasjon av dei fem utkasta:

1. Fjell og sjø
"Sterkt stilisert motiv i samsvar med heraldiske reglar. Ideen er om det treeinige er teke vare på, samstundes som det viser til naturen i eit fjell-, fjord- og kystfylke."

2 og 3. Tre fjordar
"Tre fjordar er enkelt symbolisert på heraldisk vis. Dei viser til dei tre hovuddelane av dette fjordfylket der mest alle bur nær til ein fjord og der alle har levevilkår prega av det. Dei gjev grunnlag for samband, men og stengsler."

4. Geitebukk
"Dette er det prinsipale framlegg til fylkesmerke for Sogn og Fjordane som vart utarbeidd av Noregs Bondelag si fylkesmerkenemnd i 1930. Arkivar Trætteberg hjå Riksarkivaren, som har utarbeidd dei fleste våpen for kommuanne i landet, var medlem i nemnda."

5. Rutekors
"Dette er våpenmerket for Losna-ætta, ei mellomalderætt som har hatt ei særskild tilknytning til fylket. Frå før har Troms gjort dette idet fylket har teke våpenet til den kjende Bjarkøy-ætta (griff). Rutekorsen er ifølgje Riksarkivet eit godt motiv og det representerer tradisjonar attende til 1300-talet."

Viktige moment 

Fylkeskultursjefen, Lidvin M. Osland, la for sin del vekt på følgjande moment:

1. Motivet måtte vera samlande for alle i fylket
2. Motivet måtte vera einfelt og let skjønleg
3. Motivet måtte vera tidlaust
4. Motivet måtte vera mest mogeleg særmerkt for Sogn og Fjordane og ikkje motiv som utan vidare kunne nyttast av andre fylkeskommunar.
5. Fylkesvåpenet måtte vera vakkert.

Fylkestinget 

Fylkesutvalet handsama saka i møte 29. april 1982. Medlem Bell Fossen sette fram følgjande framlegg til vedtak:
"Alternativ 2 vert å leggje til grunn for utforminga av fylkesmerke for Sogn og Fjordane." Ved endeleg røysting vart framlegget samsrøystes vedteke.

Saka gjekk deretter til fylkestinget som handsama sak "Fylkesmerke for Sogn og Fjordane" som sak nr. 14 i samlinga 14. juni 1982 på Sunnfjord Hotell i Førde. Etter tilråding frå fylkesutvalet og fylkesordførar Ola M. Hestenes, vart alternativ 2 vedteke.

Endeleg vedtak 1983 

Etter at fylkestinget hadde vedteke alternativ 2, "Tre fjordar" gjekk "Fylkesmerke for Sogn og Fjordane" til endeleg utforming og endeleg godkjenning ved kongeleg resolusjon. Det skjedde 23. september 1983, med ordlyden På sølv grunn tre blå spissar mot venstre. (Merk at heraldisk høgre og venstre tek utgangspunkt i den som held merket/skjoldet framfor seg, ikkje den som ser det frammanifrå.)


 

kjelder:

Sogn og Fjordane fylkesting, 1982. Fylkesmerker. Forslag fra Norges Bondelags fylkesmerkesnevnd, 1930.