Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. mai 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Garden Dyrdal



Garden Dyrdal ligg ved sjøen, på vestsida/nordsida av Nærøyfjorden og på vestsida av Dyrdalselva. Det gamle gardstunet ligg på ein terasse, kring 200 meter opp frå sjøen. Nede ved sjøen og ved gardstunet var det åkrar, og i liene oppover dalen var det slåttemark. Frå garden går dalen nordover og vestover og fører opp til stølsområde og jaktterreng.

Det eine gardsbruket i Dyrdal ligg nede ved sjøen, dei andre ligg på ei flate noko høgare oppe. Midt på biletet ligg kaien, og det kvite huset til høgre er skulehuset.

Det eine gardsbruket i Dyrdal ligg nede ved sjøen, dei andre ligg på ei flate noko høgare oppe. Midt på biletet ligg kaien, og det kvite huset til høgre er skulehuset.

Eigar: Aurland Kommune

Datering: 1998

Fotograf: Åsmund Ohnstad

Ein gamal gard

Med den sentrale plasseringa ved fjorden og lett tilgang til ressursane i fjellområda er Dyrdal ein av dei eldre gardane i området, frå tida kring Kristi fødsel eller noko før. Seks km ovanfor Dyrdal ligg garden Drægo, og denne garden har i eldre tid hatt dei same utmarksressursane som Dyrdal. Sidan denne garden ligg meir sentralt i gardsvaldet, kan han vera eldre enn garden nede ved sjøen. I fjellet ovanfor og vest for desse gardane er det mange spor etter eldgamle anlegg for fangst av reinsdyr. På fjellryggen Handadalseggi er det ein lang mur som viser korleis fangst-mennene har jaga reinsdyra utfor eit høgt stup.

Bruksdeling og folkeauke

I høgmellomalderen kan det ha butt 3-4 familiar og 20-30 menneske i Dyrdal. Etter Svartedauden i 1349/50 har det truleg butt folk på garden, gjerne ein eller to familiar. Frå midten av 1600-talet og like fram til 1880-åra var det to bruk, to driftseiningar, på garden. Etter denne tid vart kvart av dei to bruka delt i tre partar, og det vart i alt seks bruk. 1845 var det to bønder, 11 husmenn og i alt 71 personar på garden. Husmennene hadde husa sine ned ved fjorden. Dei leigde noko jord hjå bonden, hadde nokre få husdyr, og dei arbeidde hjå bonden i sommarhalvåret. I 1900 var det 100 menneske på garden.

Produksjonen

I 1723 var avlinga 26 tønner blandkorn, og dei hadde 20 storfe og 30 småfe, sauer og geiter. Kombinasjonen av husdyrhald og åkerbruk var tenleg, for den verdfulle husdyrgjødsla vart nytta på åkrane. I 1845 var avlingane i Dyrdal, på bruka og husmannsplassane, 54 tønner byggkorn og 150 tønner poteter, og dei hadde 64 storfe, 103 sauer og 159 geiter. Det viktigaste husdyrproduktet var mjølk, og ho vart nytta til produksjon av ost og smør, koking av graut og anna. Etter 1900 fall korndyrkinga bort, og geita vart det dominerande husdyret. Fram mot slutten på gardsdrifta, kring 1970, var produksjonen av geitost heilt dominerande.

Innmark, utmark og stølar

I 1860-åra vart kring ¾ av innmarka nytta til åker, for det meste til kornåkrar. I området utanfor innmarka, kalla utmarka, beita husdyra om våren og hausten, og bøndene slo grasgangar og sletter og henta ut lauv og ved. Kring 1850 bar folka lauvet ned bratte lier på ryggen. Seinare skaffa bøndene seg stålstrenger, opp til 4-500 meter lange, og høy, lauv og ved vart frakta over berg og hamrar på desse. I midten av juni månad drog folk og dyr seks-sju km oppover dalen til Hjølmo, og fire-fem veker seinare gjekk ferda til Vassete, tre-fire km sør for Hjølmo. På stølen vart dyra mjølka, og i eldre tider laga budeiene, husmora eller tenestejenta, ost og smør. Kring 1900 og noko seinare var produksjonen av geitost dominerande. Tidleg på hausten gjekk ferda frå fjellstølen og tilbake til dei andre stølane, og 29. september skulle alle vera komne heim til garden.

Etter 1900

Etter 1900 gjekk folketalet gradvis tilbake, og kring 1950 budde det kring 30 menneske i Dyrdal. I 1920-åra vart det bygt kai, slik at dei støre rutegåande båtane kunne koma inntil. Dette gjorde kjøp og sal av varer enklare. No gjekk bøndene saman om å byggja eit lite kraftverk i Dyrdalselva, nokre hundre meter frå gardstunet. Dette var ei stor investering, men folka på garden fekk lys i husa sine på eit tidleg tidspunkt. I 1950-åra vart det bygt ny veg, ein god køyreveg, frå sjøen og kring 7 km oppover dalen til garden Drægo og endå litt vidare mot stølane. Det vart ikkje bygt veg til Dyrdal, og kring 1970 tok gardsdrifta slutt.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Åsmund Ohnstad: Undredal og Nærøy, Gard og Ætt, 2006

PERMANENT IDENTIFIKATOR