Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 14. januar 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Krigsseglar frå Hennebygda - Kveldulf Henden



Bokverket Våre falne har åtte menn knytte til Gloppen kommune. Fem har namna sine på minnesteinar i Gloppen. To av dei andre tre er oppgjevne gravlagde i utlandet. Den tredje, Kveldulf Henden, omkom i krigsforlis i Mexico-golfen og gjekk ned med skipet. Henden var frå Hennebygda som 1. januar 2002 vart overført til Eid kommune.

Anders Jakobsen Henden og kona hans, Berta, med dei åtte borna deira oppstilte etter alder: Jakob, Anfin, Elisabet, <i>Kveldulf</i>, Bjarne, Asmund og Jorun. Den yngste, Jon Dagfinn, sit på armen til mora.

Anders Jakobsen Henden og kona hans, Berta, med dei åtte borna deira oppstilte etter alder: Jakob, Anfin, Elisabet, Kveldulf, Bjarne, Asmund og Jorun. Den yngste, Jon Dagfinn, sit på armen til mora.

Eigar: Bjørg Bergset

Datering: Kring 1918

Fotograf: Ukjend

Omtale i Våre falne

"HENDEN, KVELDULF, sjømann, Gloppen. Født 27, oktober 1905 i Gloppen, s. av Anders Jakobsen Henden, f. 1868 i Gloppen, og Berte f. Andersdatter, f. 1876 s.st. Var matros på m/s Bayard og omkom 6. juli 1942 da skipet ble torpedert ca 40 n. mil nordost for munningen av Mississippi, på vei fra New Orleans til Cristobal C.I."

Meir

Anders Jakobsen Henden budde med huslyden sin på garden Indre Henden i Hennebygda. Kveldulf voks opp som nummer fire i ein syskenflokk på åtte. Han gjekk snikkarkurs på Holmøy arbeidsskule før han reiste til sjøs.

Minnestund

Bjørg Bergset hugsar godt minnestunda like etter krigen heime i skulestova i Hennebygda. Ho fortel at mor til Kveldulf, Berta, med tårevåte kinn tok imot blomar og medkjensle frå bygdefolket. Det vart lyst fred over minnet til "den tapre sjømannen som fekk si våte grav langt der borte."

Krigsforliset

Bokverket Nortraships Flåte (1976) omtalar hendinga i Mexico-golfen. Bayard, med kaptein Arvid Heiberg, gjekk frå New Orleans den 5. juli lasta med stykkgods til Cristobal. Ved middagstid neste dag var posisjonen enno berre 40 nautiske mil frå land. Dei hadde Missisippi-deltaet til styrbord. Det var utenkjeleg at ubåtar ville gå til angrep her, men begge kanonérane stod likevel på post ved kanona akter. I mannskapsmessa rett under dei gjekk kameratar til middag.

Ein tysk ubåt var likevel i nærleiken. Klokka 11.58 observerte korvettkapitän Muller-Stòkheim på U 67 at torpedoen hans trefte. Han manøvrerte seg bort utan å verta oppdaga. Om bord i Bayard forsvann dekkshuset med kanona og begge kanonérane, og av messa og mannskapskvartera stod det berre att avbrotne spant og opprivne plater.

Midtskips blei maskina stoppa og båtane låra. Kapteinen forvisssa seg om at der ikkje var fleire i live om bord og la frå med det same Bayard krenga til babord og gjekk ned etter ti minutt. Elleve mann omkom. Fleire av dei overlevande var såra og trong legebehandling med ein gong, noko dei også fekk. Eit sjøfly landa ein times tid etter ved båten og fekk folka inn til New Orleans.

Minnebilete

Kveldulf Henden har aldri kome med på nokon minnestein. No er det på tale å skaffa eit bilete av krigsseglaren frå bygda som sette livet til under krigen. Meininga er å gje det ein plass i grendahuset.

Pr. 2015: Minne om Kveldulf Henden i grendehuset på bryggja i Hennebygda. «Biletet» er laga til med portrett, omtale i «Våre falne», stykke i avisa Fjordingen, Stryn, og familiebilete.

kjelder:

Våre falne. Bind 2, 1950.
Hegland, Jon Rustung: Nortraships flåte. Krigsseilasen under den allierte offensiv. Bind 2, 1976
Opplysningar frå:
Bjørg Bergset, Stryn
Inge Fænn, Stryn.

PERMANENT IDENTIFIKATOR