Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 09. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Plassen Munken



Inne i ein hage like ved ferjekaien i retning Esefjorden ligg ei gamal stove. Dette er Munkastova på folkemunne. Her budde folka på plassen Munken, nær fjorden der dei henta dei høy, ris og lauv. I fjorden fann dei og mykje av den maten dei åt. Fjorden var ein god granne.

Plassen Munken kring århundreskiftet. Munkastova står til venstre like bak eldhuset.

Plassen Munken kring århundreskiftet. Munkastova står til venstre like bak eldhuset.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: Ca. 1900.

Fotograf: K. Knudsen.

Plassen Munken

Nede ved sjøen, ikkje langt frå ferjekaien i Balestrand, ligg ei gamal stove som på folkemunne heiter Munkastova. Dette er gamle bustadhuset på husmannsplassen Munken. Munken er gamal plass under garden Bale. I 1875 kjøpte Ambjørn Olsson plassen som faren, Ola Ambjørnson, hadde hatt. Ambjørn vart gift med Brita Andersdtr. Grøneng. I 1875 var Ambjørn husmann og dagarbeidar. Det tyder at han tok ymse førefallande arbeid i bygda. Plassen hadde to kyr, ein kalv og 14 sauer. Dei sådde 0,3 tønner bygg og 2 tønner poteter. I 1891 hadde Ambjørn yrkesnemninga gardbrukar og fiskar. Han dreiv fiske meir enn folk flest gjorde til husbruk. Ambjørn hadde òg vore borti jektefart saman med Gjest Feten, og hadde vore på sildefiske ved kysten.

Bilete frå tunet på plassen Munken.

Slåtteteigar langs fjorden

Bruket hadde åker nedom den gamle stova mot sjøen. Dei dyrka korn og poteter annakvart år. Etter skurden lyste kornstaurane nede i Munken. Potetriset vart hesja og nytta til fôr. Dei hadde kyr, sauer og gris på dette bruket. På Esestrondi hadde dei slåtteteig. Dei hesja høyet der og hadde det inn i utmarksløa. Vinterstid rodde dei høyet heim. Dei hadde òg slått på Kjenes, og frå gammalt av var det beite for plassen Munken. Det syner enno murar på Kjenes. Dei lauva òg på Kjenes, Strondi, Asknesslåtta (innom Storasva) og ved Svartefossen i Fjærlandsfjorden. Elles hadde Munken slåtteteig ved Sjurskorhamrane ved Raushjellane. Almen var viktig i husdyrhaldet. Dei hadde almar heime, på Kjenes og ved Svartefossen. Almeriset tok dei om våren. Bruket ligg like ved fjorden, og dei nytta mykje tang til grisefôr. Det hende ofte at dei slo blom på Kjenes. Det vart nytta til kyrefôr i knappe tider. Bruket har stølsrett i Langedalen. Dei har òg hatt beist på beite i Rommedalen over garden Romøyri.

Munkastova

Huset i Munken vart truleg bygt av Ola Ambjørnson Bale eller Elling Endreson. Ola døydde i 1833 og Elling vart gift med enkja, Brita Samsondotter. I samband med regulering i sentrum i slutten av 1980-åra, var det dei som tok til orde for at Munkestova måtte bort og området nyttast til utbyggingsføremål. Me kan vera lukkelege for at klokare tankar vann til slutt, og at stova fekk stå. Ambjørn Olsson Bale var den siste som budde i stova som husmann. Då sonesonen Hans, bygde noverande bustadhus i 1893, fekk systera Brita og huslyden hennar ta stova i bruk.

Eit berømt motiv

Munkastova er et omgrep i Balestrand. Huset er nok det huset i Balestrand som flest kunstmålarar har festa til lerretet. Den vakre plassen i Munken med dei rolege og samstundes mektige og ville fjella i Esefjorden i bakgrunnen, har fått mange kunstnarar til å stansa. Mange har tenkt fylgjande tanke: "Dette må eg måla. Dette var eit godt motiv."

I 1852 måla kunstnaren Tycho Jæger Munkastova, og dette er det eldste biletet me kjenner til av Munken med Esefjella i bakgrunnen. Amaldus Nielsen måla Munken i 1865, Hans Løvaas i 1875, og Alfred Heaton Cooper måla ei brudeferd med Munken i bakgrunnen, truleg like før århundreskiftet. Både Hans Dahl og sonen Hans Andreas Dahl måla Munkastova og Munken, og fleire av dei mest kjende fotografane i landet tok bilete av plassen like før og etter århundreskiftet.

Målarstykket "Fra Sognefjorden" av Amaldus Nielsen.

Målarstykket "Parti fra Munken i Balestrand" av Marie Hauge.

Brita og Peter

Brita Olsdotter Bale (1893-1990) og Peter Andersson Bale (1890-1967) var dei siste som budde i stova. Peter livnærde seg for det meste av fiske. Han dreiv med teiner etter ålen sommarstid, og han fiska laks, mellom anna i verpet på Reset i ytre Ese. Elles sette han liner og nytta andre velprøvde fiskemåtar. Den vanlege matfisken selde han for det meste til folk i bygda. Brita tente hjå Kindleberger på Kringsjå i fleire år. Ho var eit ope og livleg menneske som hadde mange vener.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Urtegaard, Gunnar: Balestrand. Gards - og ættesoge. Bind II. Balestrand, 1991.
Intervju med eldre folk i Balestrand.

PERMANENT IDENTIFIKATOR