Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 13. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Viksdalen kyrkje



Viksdalen kyrkje er ei lafta langkyrkje i tre som står på garden Vika i Gaular kommune. Kyrkja, som har 284 sitjeplassar, vart vigsla 5. november 1848 av prost Johan Grønn Lund. Ho er truleg bygd etter typeteikningar av Hans Ditlev Franciscus Linstow. Viksdalen kyrkje er soknekyrkje for Viksdalen sokn i Gaular prestegjeld.

I 1889 vart Viksdalen kyrkje ombygd og nesten ikkje til å kjenne att. Tårnhjelmen vart bytta ut med spir og kyrkja fekk tilbygt kor. Like før andre verdskrigen stod tilbygget på nordsida ferdig.

I 1889 vart Viksdalen kyrkje ombygd og nesten ikkje til å kjenne att. Tårnhjelmen vart bytta ut med spir og kyrkja fekk tilbygt kor. Like før andre verdskrigen stod tilbygget på nordsida ferdig.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Bygt utan kor

Ein hovudreparasjon kalla dåverande sokneprest Jens Jakob Hansen kyrkjebygginga som gjekk føre seg i Viksdalen frå mai 1847 til november 1848. Mykje av materialane frå den gamle tømmerkyrkja vart nytta om att, og i grove trekk samsvara måla på den nye kyrkja med tidlegare mål. Likevel meinte bygdefolket at det var ei ny kyrkje dei fekk, ettersom ho vart tømra opp att frå grunnen.

Tilliks med den tre år eldre kyrkja i Bygstad, vart Viksdalen kyrkje bygd utan eige kor. Utvendig var kyrkja 17 m lang og nesten 8,5 m brei. Den fremste delen av kyrkjeskipet fungerte som kor, men ein veit ikkje korleis overgangen var, og heller ikkje korleis alterringen såg ut. Det ein heilt sikkert veit, er at kyrkjetårnet var ein kopi av tårnet på Bygstad-kyrkja, bygt inntil kyrkjeveggen og påsett ein låg hjelm, ikkje spir. Innvendig hadde kyrkjerommet kvelv med slak boge. Den gamle altertavla og alterbordet fekk plass i den nye kyrkja. Ho vart måla fyrste gongen i 1851.

Ombygging i 1889

Etter vel 40 år, i 1889, vart Viksdalen kyrkje ombygd og nesten ikkje til å kjenne att. Tårnhjelmen vart bytta ut med spir. Kyrkja fekk tilbygt kor og endå ein gong vart måla frå den førre kyrkja, 6 x 6,5 m, nytta. Taket i koret er nesten like høgt som taket i kyrkjeskipet. Nye store vindauge med fire ruter i breidda og åtte i høgda erstatta dei gamle som berre hadde to ruter i breidda og tre i høgda. Veggene i kyrkja vart avstiva, og kvelvingen innvendig vart bytta ut med flatt tak. Galleriet vart senka og delar av interiøret måla. Benkene vart måla gule, det same vart galleriet, medan altertavla vart måla i fargane raudt, blått, brunt, grønt og kvitt. Og slik såg Viksdalen kyrkje ut dei neste 50 åra, like fram til dei siste åra før andre verdskrigen.

Ombygging 1938-1939

Bilete av konfirmantane i Viksdalen i jubileumsåret 1998.

Kyrkja fekk nytt tilbygg i vinkel på nordsida av koret i 1938. Her vart det innreia prestesakristi, konfirmantrom og gang. Våren 1939 vart det flate taket i koret fjerna, og Vik kyrkje, som ho dengong heitte, fekk igjen kvelving. Benkene i kyrkja vart ombygde og fekk no heile ryggar, og golvet i midtgangen vart heva slik at folk slapp å trakke eit trinn ned når dei kom ut av kyrkjebenkene. I det heile skjedde det store utbetringar i kyrkja i desse åra før og under andre verdskrigen. Denne siste store restaureringa hadde som mål å gi kyrkja det preget ho hadde før 1889, og ei følgje av dette var at dei store vindauga måtte erstattast med nokre mindre med antikkglas. Det omfattande arbeidet vart i all hovudsak utført med hjelp av innsamla midlar, basarar og offer.

Hovudinntrykket i dag er ei svært lys og triveleg kyrkje, ikkje minst takka vere dei trekvite veggene og det kvitmåla taket. Galleriet og kyrkjebenkene er måla i blått, medan preikestolen og alterringen har ein raudbrun hovudfarge.
I 1953 vart det installert elektrisk lys.

Bilete av preikestolen.

Altertavla

Altertavla frå om lag 1620 er ei renessansetavle, tredelt og med stort gavlfelt og rik kasettornamentikk. På baksida av tavla er årstalet 1734 og bokstavane SHK skorne inn. Truleg er dette signaturen til ein som måla tavla, sidan ei tilsvarande tavle i Bygstad fekk sine måleri dette året. Heller ikkje her er målaren kjend. Tavla i Viksdalen vart fargerestaurert i 1939 av Ulrik Hendriksen.

Bilete av altertavla frå om lag 1620.

Altertavla er ei kombinert katekisme- og bilettavle, der det nedst på kvart av dei tre biletfelta er skrive ord frå katekisma med gylte bokstavar på svart botn. Det venstre biletet viser innstiftinga av nattverden, med nattverdorda under, og dei held fram på midtfeltet. Det midterste biletet viser Jesus på krossen, med Maria og Johannes på kvar side. Til høgre er det bilete av Kristus som sigrar over død og grav. Ved foten er det måla fleire symbol som tolkar Jesu oppstode som overvinning av syndefallet (1. Mos. 3): slange og dødningskalle, eple og to kongekroner. Kristus trakkar på slangen. Biletet på toppstykket framstiller Jesu himmelferd. Øvst kan ein sjå nedste kanten av ein brunraud kjortel, og to føter, under og på begge sider 10 læresveinar. (Luk. 24,44-53; Apgj. 1,6-14).

Kunst og inventar

Alterbordet, frå om lag 1600, er dekorert med rombeforma listverk i enkel stil frå 1590-åra. På alteret står to lysestakar i sølv frå 1952. Nattverdsutstyret er ein kalk og ein disk i sølv, truleg frå 1620, ei oblatøskje, og vinkanne i svart keramikk med gulldekor.

Døypefonten er frå 1848, dåpsfatet, frå slutten av 1500-talet, er i messing med rosett og bord med innskrifta "Gott sei mit uns", dåpsmugga i messing er frå 1980. Både den trearma lysestaken og lysekrona, begge i messing, er frå om lag 1620.

Orgelet frå 1923 har fem pluss ei stemme, og er laga av Olsen og Jørgensen. Den gamle kyrkjeklokka frå 1534 er no i våpenhuset. Innskrifta er vanskeleg å lese, men namna Maria og Anna kan tydast, saman med Anno domino MCCCCCXXXIIII (I Herrens år 1534).

Bilete av kyrkjeklokka.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 1. Nordfjord og Sunnfjord. Selja Forlag. Førde 2000.
Kyrkjeblad for Gaular, Nr. 3. November 1998, 36 årg. Viksdalen kyrkje - 150 år.

PERMANENT IDENTIFIKATOR