Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Den første brøytebilen på Hemsedalsfjellet



Før brøytebilen kom var høgfjellsovergangane stort sett stengde for bilkøyring om vinteren. Etter at bilrutene byrja å komma i Lærdalsområdet, vart det meir og meir aktuelt å brøyta vegane om vinteren, slik at sambandet til austlandet vart oppretthalde også vinters tid. Frå 1932 og i mange år, tente traktorbilen Eddie som vegopnar på Hemsedalsfjellet. Eddie var den første brøytebilen som vart sett inn på høgfjellsvegane i Sogn og Fjordane.

Her er den nyrestaurerte brøytebilen Eddie utanfor vegkontoret på Leikanger. Bilen var av typen Citroen C6G 1929-modell. Totalvekt fullt lasta var 3760 kg, og vekta var 1315 kg. Motoren hadde 45 HK ved 3000 omdreiingar i minuttet. Opphavleg hadde ikkje bilen lasteplan. Det vart sett på under restaureringsarbeidet.

Her er den nyrestaurerte brøytebilen Eddie utanfor vegkontoret på Leikanger. Bilen var av typen Citroen C6G 1929-modell. Totalvekt fullt lasta var 3760 kg, og vekta var 1315 kg. Motoren hadde 45 HK ved 3000 omdreiingar i minuttet. Opphavleg hadde ikkje bilen lasteplan. Det vart sett på under restaureringsarbeidet.

Eigar: Statens vegvesen Region Vest

Datering: 2000

Fotograf: Per Birger Lomheim

Rutetrafikk også om vinteren

For Indre Sogn var vegen over Hemsedal det kortaste sambandet til Austlandet. Høgaste punktet på fjellovergangen er 1170 moh. Det var vanskeleg å halda vegen open for vanleg biltrafikk om vinteren. Det hadde lenge gått rutebiltrafikk over Filefjell om sommaren, men då Bergensbana opna i 1909 vart Gol eit viktig knutepunkt. Ut over 1920-åra kom kravet om vinteropne "automobilruter", og vinteren 1928-29 vart det brøytt mellom Lærdal til Borlaug bru for biltrafikk.

Med beltebil over Hemsedalsfjellet

I 1930 kjøpte eigarane av Maristuen hotell og Bjøberg fjellstue i fellesskap inn ein beltebil av typen Citroen-Kegresse, for å køyra passasjerar over fjellet frå Borlaug bru på sognesida til Tuv i Hemsedal på ubrøytt veg. Ruta stod i samband med vanlege rutebilar på begge sidene. På denne måten kunne reisande rekna med å gjera turen mellom Lærdalsøyri og Gol stasjon på 9-10 timar om vinteren. Beltebilen hadde plass til åtte passasjerar i tillegg til sjåføren. Med oppstarten av denne ruta venta ein auka gjennomgangstrafikk mellom Indre Sogn og Oslo.

Citroen traktorbil vert brøytebil

Det vart såleis eit press på vegvesenet for å få vegen brøytt over ei lenger strekning, og i oktober 1932 tinga vegvesenet i Sogn og Fjordane ein Citroen "traktorbil" til å setta inn på den 21 km lange strekninga mellom Borlaug bru og Breistølen. Traktorbilen som på det dåverande tidspunktet var disponert av Vegdirektoratet, vart levert i november 1932. Den fekk registreringsnummer S-1346. Bilen vart omtala som traktorbil av di det var ein kortbygd type, bygd for å trekka semihengarar. I utgangspunktet hadde den difor ikkje lasteplan.

Traktorbilen frå namnet Eddie

Historia fortel at i bilen sin barndom budde det to kortvaksne karar i Lærdal. Den eine bar namnet Eddie, og den andre heitte Vetle-Henrik. Brøytebilen fekk frå først av tilnamnet Vetle-Henrik, men så var det ei tenestejente som gjekk litt i surr då ho ein dag såg bilen komma. "Der kjem han Eddie", utbraut ho, og dermed vart bilen for ettertida kalla Eddie på folkemunne.

Med plog på venstresida

Å brøyta heile Hemsedalsfjellet ville ha vore umogleg med det utstyret som den gongen fanst. Dessutan er det om lag fire mil mellom Borlaug og Tuv. Brøytebilen starta brøytinga frå Breistølen for å brøyta i unnabakke. Då kunne dei skyfla all snøen utfor vegen. Den regulerbare sideplogen til bilen vart difor tinga for montering på venstre side, ikkje høgre side som var vanleg. Ole I. Breistøl var sjøfør på Eddie. I dårleg vêr gjekk bilen heile døgnet. Då var det to sjåførar som bytte om å brøyta. Snømengdene var ofte så store at brøytebilen ikkje kunne komma fram ved eiga hjelp. Det måtte difor handmokast i tillegg. Det er sagt at det kunne vera opp til 60 mann som moka for å få brøytebilen fram!

Eddie vert adla

Eddie tente som brøytebil for vegvesenet truleg fram til krigen. Då vart Eddie seld til Ola I. Breistøl og tente sine siste yrkesaktive år som traktor og møkakjerre på Breistølen. Frå 1950 vart Eddie pensjonert og stod på ein låve. Men vedlikehaldsjef Lars Lefdal ville det annleis, og i 1976 vart Eddie kjøpt tilbake til vegvesenet. Her stelte karane på vegsentralen godt med Eddie og fekk han i gang att. Då Lars Lefdal byrja som vegsjef i Statens vegvesen, Sogn og Fjordane, fekk Eddie status som representasjonsbil i samband med vegopningar. Vegvesenet planlegg no å stilla ut Eddie i ein monter utanfor administrasjonskontoret på Leikanger.

Full stopp på Hemsedalsvegen

Med til historia om brøytinga på Hemsedalsfjellet er óg historia om den første Peterfresen. Erfaringane frå brøyting på Filefjellet hadde vist at brøyteutstyret var for dårleg til å halda vegen open heile vinteren. Vegvesenet kjøpte difor ein snøfresar av "Konrad Peters konstruksjon" og ein roterande plog. Snøfresaren vart levert i januar i 1939 og vart stasjonert på Nystova. Fresaren var tenkt som eit supplement til brøytebilen (på Filefjellet) når vegane fauk att i uversperiodar, samstundes som den ville eigna seg til å opna fjellvegane om våren for biltrafikk. Diverre fekk fresen motorstopp då Hemsedalsvegen skulle opnast våren 1940. Grunna krigen var det vanskeleg å skaffa reservedelar, og Peterfresen vart ståande i vegen heile sommaren. Då han var for tung å flytta la dei like godt om vegen rundt fresaren. Først rundt 1950 vart det vanleg med vinteropen veg over Hemsedalsfjellet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Vegar og reiseliv i gamle Lærdal og Borgund. Frå Lærdal Bygdebok sitt arkiv, Lærdal Lions Club.
Røyseth, Asbjørn: Eddie - franskmann og lærdøl. I Vegstubben, s. 5-8, nr. 6-1991.
Askeland, Kristen: Historia om maskindrifta i Statens vegvesen Sogn og Fjordane. Maskiner ryddar veg. Statens vegvesen Sogn og Fjordane 2002.

PERMANENT IDENTIFIKATOR