Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 14. oktober 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Seimsstranda - natur- og kulturlandskap



Seimsstranda i Breim ligg mellom bruka på Seime og Årdalsstranda. I dag verkar terrenget vanskeleg å ta seg fram i, men for 70-80 år henta gardsbruka på Seime mykje av fôret sitt herifrå.

Nils Seime har laga denne teikninga av Seimsstranda og skrive på stadnamn.

Nils Seime har laga denne teikninga av Seimsstranda og skrive på stadnamn.

Eigar: Nils E. Seime.

Datering: 2000.

Fotograf: Teiknar: Nils E. Seime.

Tidleg vår og frodig vegetasjon

Våren kjem svært tidleg på Seimsstranda, og det ligg vanlegvis lite snø om vinteren. Det lune, frodige og fuktige klimaet gjer at ein vårtur i området kan opplevast som ei vandring i eit kjempestort drivhus. Dei gamle slåtteteigane ligg inn mellom urene ved foten av høge berg som strekkjer seg bratt opp mot synsranda. Det vart i tidlegare tider slege oppe i fjellhyller og ute på kantane av juv der ein i dag synest det er nifst å ta seg fram. Det er både større og mindre fossefall i bekkane i området, og både Fremstegrova og Instegrova har stor vassføring vår og haust.

Innhausting

Slåttonna i Seimsstranda varde i 14 dagar, med fire menneske frå kvart bruk. Stølsjentene kom ned Stølsskora frå Seimsstølen med slåttematen, - surmjølk (skjør), kalde "komparar" og byggmjølsgraut. Asbjørn Seime har skrive:

"Dei slo nede med vatnet og langt oppe i fjellet. Alle tre bruka hadde høyløer oppe på Kvithamrane. Der slo og hesja dei graset og bar tørrhøyet inn i løene. Om vinteren rulla dei høyet ned til vatnet i meis. Meisa var eit nett laga av snøre. I Stranda var det meir å hente. Dei rispa lauv av alm til grisefôr, og hogg og kjerva lauv av rogn og selje til sauer og geiter, ofte langt oppe i fjellet. Dette fôret tok dei ned til vatnet med løypestreng."

Lasting ved berga og løypestreng

Hamnen heiter ein stad i Seimsstranda. Her la dei store båtane og færingane inn til berga for lasting av fôr og ved. To løypestrenger, begge vart oppsette kring 1895, gjekk i kvar sin retning opp frå Stranda. Strengene er framleis å sjå og festa er intakte i øvste enden, like eins låge grunnmurar etter høyløer.

Natur- og kulturlandskap

Seimsstranda er i dag mykje tilvaksen av skog, men kulturminna er likevel etter måten godt synlege. Mellom anna finn vi mange større og mindre styvingstre, eller "navar", som dei gjerna vart kalla i Breim. Almetrea er truleg mellom 150 og 300 år gamle.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

PERMANENT IDENTIFIKATOR