Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Lensmannsgarden i Bø



Lensmannsgarden i Bø i Vik er vorte kalla meisterverket til bergenssnekkaren Jan Lund. Denne bygningen vart ført opp i 1840-åra av lensmann Christoffer Parelius Aarestrup. Det freda huset ligg ca. 4 km frå Vikøyri med flott utsikt over bygda.

Lensmannsgarden i Bø i Vik sett frå nord. Huset vart bygt av bergenssnekkaren Jan Lund. Huset har valma tak, er utan ark, har profilerte hjørnebord. Innvendig er det mange interessante detaljar.

Lensmannsgarden i Bø i Vik sett frå nord. Huset vart bygt av bergenssnekkaren Jan Lund. Huset har valma tak, er utan ark, har profilerte hjørnebord. Innvendig er det mange interessante detaljar.

Eigar: Arne Inge Sæbø.

Datering: 1999.

Fotograf: Arne Inge Sæbø.

Sjølve bygningen

Bygningen er kvitmåla, er 14x10 m, og har valma tak med raud pannestein. Takgesimsen er enkelt profilert med ca. ½ m utstikk. Inngangspartiet er på nordsida ut mot dalen. Trappa på sørsida er høg og hellelagd med rekkverk rundt. Det er ingen ark på huset, difor heller ingen portal rundt hovudinngangen. På høgre sida av gangen er storstova og til venstre daglegstova. Bak gangen er kjøkenet med soverom på begge sider. I andre etasje er det gjesterom i kvar gavl.
Storstova er på 6.5x5 m, med fotpanel ca. 60 cm høgt. Fotlista var opphavleg gråfiolett, og panelet hadde fiolette dekorasjonar i kvar fylling. I rommet var det ein flott empireomn.

Bygd av Jan Lund

Bergenssnekkaren Jan Lund (1808 - ) arbeidde fleire stader i Sogn midt på 1800-talet. Han var mest nytta til utforming av interiøret i hus. Særleg var han flink med listverk og utskjeringar. Han arbeidde både i Vik, Sogndal, Kaupanger og Lærdal. I Vik bygde han og Kålhagen og Valentinsgarden på Hove, og i Lærdal Hansegarden, apoteket og fleire hus. I Sogndal var han byggmeistar for prestegarden og huset til lensmann Jersin.
Jan Ludolf Torgeirson Lund vart i 1839 gift med Ragnhild Jonsdotter frå Sogndal. Med henne fekk han fem born mellom 1838 og 1845. Ei tid budde familien i Sogndal, men flytta så til Lærdal. I Lærdal budde Lund fram til 1858. Kor det vart av han seinare, veit me ikkje.

Christoffer Parelius Aarestrup

Christoffer P. Aarestrup (1814-1876) var lensmann i Vik frå 1840 til 1864. I 1864 sa han opp stillinga og byrja som vaktmeistar ved Vik Hjelpefengsel. Han hadde lensmannskontoret i heimen sin i Bø.
Christoffer dreiv og gard i Bø. Garden hadde han kjøpt i 1847. I 1865 budde han og kona Anna Harbo Frimann og to ugifte born på garden. På garden var det då ein dreng og tre tenestejenter. Garden fødde 3 hestar, 13 kyr, 19 sauer og 1 gris, og utsæden var 3 tønner korn og 10 tønner poteter.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Lindstrøm, Johan: Gammel byggeskikk i Vik. I Tidsskrift frå Forening til norske fortid sminnesmerkers forening. Bergen 1922.

PERMANENT IDENTIFIKATOR