Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 28. september 1999

Sist oppdatert 15. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Paul Berstad - bygdesongar og tonesamlar



Paul Berstad (1908-1993) var ein framifrå bygdesongar, og i tillegg var han ei viktig kjelde for slåttetradisjonen i ytre Nordfjord.

Paul Berstad (1908-1993)

Paul Berstad (1908-1993)

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Aktiv songar i mange år

Rolf Myklebust seier om songen hans at "toneklangen var som hjå ein profesjonell songar, men syngjemåten var i gamal folketradisjon".

Berstad er eit døme på at det går an å kombinere enkle folketonar med vanskelege komposisjonar av Grieg, Händel, Bach og Mendelssohn. Allereie i 14-årsalderen stelte han i stand ein songkvartett i heimen. Paul Berstad byrja tidleg å samle på gamle folketonar, regler og salmar frå Nordfjord. Hans første skulelærar, Zakarias Kvamme, var ihuga tonesamlar, og som gammal mann, bad han Paul Berstad om å samle inn alt han kom over. Difor har Berstad berga mykje for ettertida, båder regler, viser og salmetonar.

Songtradisjon frå foreldra og besteforeldra

Paul Berstad mintest frå skuledagane at dei fleste tykte mest om dei nye tonane til salmar og songar. Desse vart brukt i songkor og spelte på orgel i kyrkja. Men i heimen til Paul Berstad var det "gamle-tonane" som vart brukte, om det skulle vere ekstra høgtid. Berstad mintest godt frå dei første barneåra at alle fire besteforeldra song, anten i lag eller kvar for seg.

Det meste Paul Berstad kunne av gamle songar, hadde han etter mor si, Helga Berstad (1878-1973). Mormor hans heitte òg Helga, fødd i Oppstryn. Ho var dotter til Harald Kolbeinson Guddal, som ofte var kjøkemeister. Farmor til Paul Berstad, Johanne Berstad, var dotter til spelemannen Rasmus Bortne. Ho song støtt, og av henne lærde Paul m.a. Selje-varianten av "Den bakvende visa", der namn på alle dyr, stader og ting er frå Selje.

Berstad nytta ofte høve til å plukke opp gamle songar og historier når han var ute og reiste, og var ein meister til å fortelje segner og soger, hermer og ordtak.

Songar og felespelar

Det er songen ein først tenkjer på i samband med Paul Berstad. Men Berstad er òg interessant som ei viktig slåttekjelde på vanleg fele. Den viktigaste kjelda for Paul Berstad var Hans M. Berstad (1869-1928), "Berstadhaugen", frå Selje, som igjen lærte slåttar av Anders Skorge (1834-1905). Truleg kan Berstad sitt alderdommelege stiltrekk i spelemåten skrive seg tilbake til Skorge sitt spel. I tillegg finn ein interessante hallingar på repertoaret til Berstad.

I 1986 mottok Paul Berstad den første Folkemusikkprisen som Sogn og Fjordane Folkemusikklag deler ut, for sin innsats med å ta vare på og formidle vidare folkesongen. Fylkesarkivet sitt folkemusikkarkiv har ei rekkje med opptak av Paul Berstad, både i song, spel og forteljekunst.

På plate

Om ein ynskjer å lytte til songen hans Paul Berstad, så er han å finne på fleire samleplater/ kassett-utgjevingar, bl.a.:

  • "Slik let det før" frå Musikkarkivet i Sogn og Fjordane, 1992.

     

  • Songboka "Skumringstimen" med tekst/ notar og arkivopptak frå Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, 1998.

     

  • NRK sin serie med Norsk Folkemusikk, 1995, CD nr. 8. Folkemusikk frå Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal.

     

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Myklebust, Rolf: Femti år med folkemusikk.Oslo 1982.
Sæta, Olav:Norsk folkemusikk: Slåtter for vanlig fele. Bind 3. Oslo 1995.
Folkemusikk og folkemusikkutøvarar i Noreg. Bind 2. Oslo 1996.
Aarøen, Magne: Religiøse folketonar i Selje; og tolkaren deira. I Jul i Nordfjord. 1986.
Djupedal, Reidar: Om folkesongen i Selje. I Årbok for Nordfjord. 1984, 1985 og 1986.

PERMANENT IDENTIFIKATOR