Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 26. november 2004

Sist oppdatert 14. mai 2020

Kategori

Rå-data

1905 - Folkerøystinga 12. og 13. november



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om folkerøystinga 12. og 13. november.

Det 55. storting (1905-1906) vart opna 12. oktober 1905, av statsminister Christian Michelsen, som formann for regjeringa. Det 54. stortinget vart oppløyst to dagar før, 10. oktober.

Det 55. storting (1905-1906) vart opna 12. oktober 1905, av statsminister Christian Michelsen, som formann for regjeringa. Det 54. stortinget vart oppløyst to dagar før, 10. oktober.

Eigar: I Unionens opløsning 1905.

Datering: 1905.

Fotograf: Hilfing Rasmussen

Kva røystinga galdt

Stortinget vedtok i møte 31. oktober å gje regjeringa i oppdrag å oppmoda prins Carl av Danmark til å la seg velja til konge i Norge på vilkår av at det norske folk gav si tilslutning gjennom folkerøysting. I folkerøystinga skulle veljarane svara ja eller nei til dette. I røynda vart det ei røysting mellom kongedøme og republikk som statsform. Dei som røysta ja, ville ha kongedøme. Dei som røysta nei, ville ha republikk.

Krav før Stortinget tok avgjerd

Spørsmålet om framtidig statsform og ny konge var heilt frå 7. juni av og til oppe i avisene og andre fora. Likeeins kom det om hausten fram krav om at folket måtte høyrast før det vart teke avgjerd. Medlemmene i fylkesvegnemnda i Sogn og Fjordane sende til dømes ei fråsegn til styresmaktene i midten av oktober der dei ved sida av å uttrykkja misnøye med Karlstad-semja, sette fram "forlangende om, at forfatningsspørsmålet" måtte avgjerast ved folket i val. "Folkets Røst bør høres" skreiv Søndfjords Avis den 20. oktober.

Ulike meiningar

Medan det berre var ei meining om kva som var rett å røysta i august (ja til unionsoppløysinga som hadde funne stad 7. juni) var det ulike meiningar ved folkerøystinga i november. I denne valkampen vart det agitert for to alternativ.

Søndfjords Avis, Florø, skreiv: "Vi vil ikke ha kongedømme! Vi vil ha Republikk!" Og så grunngav avisa i 11 punkt kvifor ho gjekk inn for republikk. To av punkta var: "1) vi vil ha en norsk Mand i Norge. (..) 4) fordi vi ikke vil ha Hof, Snobberi osv., og fordi Kongedømmet sjelden og aldrig har været opdragende for et Folk til god Moral, Sædelighed og Nøgternehed - men ved sin Flitter minder om "Jødernes Guldkalv", "Keiserens nye Klæder" eller "Dale-Gudbrands Billede."

Avisa Sogningen, Vik, skreiv:

En historisk Affstemning bliver den, som nu forestaar. Den vil afgjøre Landets Skjæbne for en uoverskuelig Fremtid. (..) For eller mod Grundloven er det, Affstemningen (..) gjælder. Stemmer De Nei, bidrager De til at omstøde Grundloven og styrte Landet op i Anarkistiske Tilstande. Stemmer De Ja, betyder det Grundlovens bevarelse.

Massiv agitasjon i avisene

Dei seks lokalavisene i fylket var no - som før folkerøystinga i august - proppfulle av valkampstoff: redaksjonelle stykke, artiklar, lesarinnlegg, opprop, saksa stoff frå andre blad, praktisk rettleiing, kunngjeringar frå valstyra m.m.

Republikanarar i Sogn og Fjordane på landsopprop

Regjeringa sende ut opprop om å røysta Ja. I oppropet vart sterkt understreka at det denne gongen galdt å ta vare på grunnlova og "Norges selvstændige kongetrone."

Mellom underskrivarane på eit ja-opprop frå "en del venstremænd i Kristiania" finne me sunnfjordingen Endre Joh. Svanøe (overingeniør). På "Det republikanske landsropet" finn me fleire frå fylket: Haakon Aasvejen (amtsskulestyrar, Nordfjordeid), S.K. Aarnæs (gardbrukar, Stryn), D.O. Bakke (gardbrukar, Ytre Holmedal), V. Flugum (folkehøgskulestyrar, Sogndal), N. Gjelsvik (dr. juris, dosent ved universitetet), Elias Melvær (gardbrukar, Florø), og Lasse Trædal (gardbrukar, Lavik).

Stortingsmann Holsen: Støt nuværende Regjering!

Stortingsmann Holsen konkluderer i ein lenger artikkel (Sogningen, 8.11.) med heilt eintydig råd og oppmoding: "..støt den nuværende Regjering, der har ført Statsskibet uskadt frem mellem mange Brændinger og vil med Folkets Støtte føre os i tryg Havn. Det finst ikkje tvil "i min Sjæl", sluttar Holsen, "at dette er det klogeste Folket under forhaandenværende Omstændigheder kan gjøre."

I avisa Nordfjord, Sandane, hadde stortingsmann Knut A. Taraldset ope brev "Til vælgerne i Nordfjord" den 10. november. "Valget er frit", skreiv han før sluttsatsen i brevet, dei to alternativa i klårtekst: 1) Svarar du nei, kven vil du då skal styra og gjennomføra "republikken Norge". 2) Svarar du ja, då svarar du ja til eit fritt, sjølvstendig og uavhengig kongerike.

Nils Lem redd for sosialistiske eksperiment

Folk argumenterer for og imot på begge sider. Nils Lem i Sogndal var redd for at republikk kunne bana vegen for sosialistane:

Lad os ikke lokke af eller høre efter politiske Skraalhalse og Opviglere, der med urigtige forespeilinger søger at føre Folket bort fra den sunde Fornufts Vei (..) Skal nu vi hjelpe Sosialisterne med en Presten Eriksen i Spidsen til dette? Skal vi, der vil have Ro og Fred, hjælpe dem til at fiske i rørte Vande og gjøre Landet til en Prøveklud for ulogiske Theorier og uprøvede Experimenter? Nei og atter nei, det maa ikke ske.

Amtmann Utheim meir nyansert

Amtmann Utheim var knapt mellom dei "skrålhalsane og oppviglarane" som Lem hadde i tankane når han skreiv åtvaringa si. Utheim var republikanar og gjekk ikkje av vegen for å seia frå. Han heldt ein "drivande god tale" på eit folkemøte i Sogndal, skreiv Sogns Tidende .. og la til: "dei maa vera underleg laga dei som etter dette foredraget kann faa seg til aa røysta ja". Dessutan rykte han ut med ein uttale om statsforma i fleire aviser. Han skreiv:

Flere republikansksindede vælgere har spurgt: Hvorledes skal vi stemme? Jeg har svaret: Konflikten med Sverige er endt, og unionen ogsaa fra svensk side erklæret opløst, og fremmede magter har traadt i diplomatisk forbindelse med vort land som et selvstændigt rige. Der er i den nuværende situation saaledes intet som skulde tvinge nogen til mod sin overbevisning at stemme for kongedømme.

De, der som jeg, har den mening at det nu høver bedre i spidsen for vort folkestyrede samfund at vælge en norsk borger som præsident end en fremmed fyrste som arvelig konge, bør derfor ved afstemningen paa søndag svare Nei.

Leikanger 6 november 1905. J. Utheim.

Røystestader og valdeltaking

Folkerøystinga i november vart gjennomført etter reglane for stortingsval, og administrert av eit lokalt valstyre i kvart av dei 28 valsokna fylket var delt inn i. Valet gjekk over to dagar, søndag og måndag, og kyrkjene vart dei fleste stadene nytta som vallokale. Røystestadene var for det meste dei same som i august.

Valdeltakinga ved folkerøystinga i november var jamt over høg samanlikna med stortingsvalet i 1903, men monaleg mindre enn ved folkerøystinga i august. Det kan for ein del skuldast tida, det var seinhaustes, og mindre intensitet i valagitasjonen.

Resultat

Resultatet for Sogn og Fjordane: 18 278 røysteføre, 14 315 (78,3%) godkjende røyster, 11 507 (80,4%) ja (for kongedømme), 2808 (19,6%) nei (for republikk). Resultatet for heile landet: 433 273 røysteføre, 328 827 (75,9%) godkjende røyster, 259 563 (78,9%) ja (for kongedømme), 69 264 (21,1%) nei (for republikk).

Hyllestad valsokn hadde prosentvis flest monarkistar (96,0%), medan Stryn hadde flest republikkanarar (47%).

Meir om resultatet

Valstyra talde opp røystene straks røystinga var over og sende resultatet til styresmaktene i hovudstaden. Resultata kom snart i avisene, og det vart laga fleire tabellar til Stortingsmelding nr. 5 (1905-1906, om folkerøystinga. Tabell 1 inneheld resultata for kvart valsokn ordna amtsvis (etter fylke), tabell 2 viser resultata for landdistrikta oppsette amtsvis, og tabell 3 omfattar kjøpstadene.

kjelder:

Fjordenes Blad.


Søndfjords Avis.


Sogns Tidende.


Heiberg, J.V.: Unionens Opløsning 1905.

PERMANENT IDENTIFIKATOR