Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 13. februar 2002

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Sparebanken Sogn og Fjordane på Hermansverk



Leikanger Sparebank, skipa 1864, gjekk 1. april 1988 med i den fylkesomfattande Sparebanken Sogn og Fjordane. I 1992 flytte banken inn i næringsbygget sitt på Hermansverk. Det var den fjerde flyttesjauen i løpet av 54 år.

Sparebanken Sogn og Fjordane - Leikanger på Hermansverk. Leikanger Sparebank bygde huset og flytte inn med hovudkontoret sitt her i 1992.

Sparebanken Sogn og Fjordane - Leikanger på Hermansverk. Leikanger Sparebank bygde huset og flytte inn med hovudkontoret sitt her i 1992.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2002.

Fotograf: hermund Kleppa.

Sparebanken på Hermansverk

Sparebanken Sogn og Fjordane sitt hus på Hermansverk var planlagt for eiga verksemd og utleige, og stod ferdig hausten 1985. Banken oppretta i fyrste omgang ny filial i det nye bygget, men flytte inn med hovudkontoret sitt i 1992. Lensmannen i Leikanger, Distriktstannlegen i Leikanger og Sogn Politikammer var mellom dei fyrste leigetakarane. Seinare har nokre verksemder flytta ut, medan andre er komne inn. I 2003 er Leikanger Næringshage AS den største leigetakaren.

Kort historisk oversyn

Sparebanken på Leikanger vart skipa som Leikanger Sparebank i 1864 og dreiv som sjølvstendig bank fram til 1. april 1988 då banken gjekk med i den fylkesomfattande Sparebanken Sogn og Fjordane. Før 1864 nytta folk Tjugum Sparebank (Balestrand Sparebank) skipa i 1847. Bygdene Feios og Fresvik på sørsida av fjorden, som høyrde til Leikangar kommune til 1992 fekk kontordagar før 1970 og seinare faste filialar. Då hovudkontoret i 1992 flytte til Hermansverk, vart det samstundest oppretta filial på Hanehaug. Denne vart nedlagd då Samvirkelaget på Hanehaug stengde dørene ved årsskiftet 2000/2001.

Bankhuset ved Tinghuset

Eit kort stykke opp frå tinghusa og kyrkja ligg huset banken bygde og tok i bruk i 1962. Huset er eit typisk 1960-tals bygg. Utanom banklokala var her husvære og utleigelokale. Banken selde huset til Slinde Transport i 1996 som seinare selde til arkitektfirmaet Lokus, Leikanger.

Det fyrste bankhuset

I åra 1939 – 1962 heldt banken til i kommunen sitt tinghus, bygd 1939. Banken måtte flytta frå eige banklokale då riksvegen gjennom bygda vart utvida. Huset hadde då tent som banklokale i om lag femti år. Det var i 1878 banken kjøpte eit skulehus som stod på Halland, reiv huset og sette det opp tett attmed bygdevegen om lag halvveges mellom Hanehaug og Hermansverk. I 1906 vart det mykje påkosta og mellom anna sett opp sval over troppa i den søre enden.

Dei fyrste 15 åra etter skipinga i 1864 heldt banken skiftesvis til hjå fleire av banktenestemennene.

Bankran

Sparebanken i Leikanger er den einaste banken i Sogn og Fjordane som har vorte rana. Det skjedde natt til 28. desember 1889. To ungdommar braut seg inn i banklokalet og tok med seg heile pengeskåpet. Det vart seinare funne att nedsøkt i sjøen.

Banken tok etterpå kontakt med forleggjaren og systrendingen Olaf Huseby i Oslo for å få han til å skaffa dei eit nytt skåp. Han skriv:"Det vækker lidt mundterhed her, at nogle tyveknegte skulde kunne ta et helt jernskab, praktisere det ned til sjøen og sågar ind i en båd -".

kjelder:

Leikanger Sparebank 100 år. Leikanger 1964.
Kjelda. Nr. 3. 1997.
Opplysningar frå:
Banksjef Arnstein Hauståker, Sparebanken Sogn og Fjordane, Leikanger.