Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 11. august 2017

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kommune

Rå-data

SS «Empress of Ireland»-forliset 1914 – Peder Bjordal overlevde



Den 28. mai 1914 kolliderte det norske lasteskipet «Storstad» med det canadiske passasjerskipet «Empress of Ireland». Samanstøyten var katastrofal. Atlanterhavs-damparen gjekk under på mindre enn 20 minutt. Over eitt tusen menneske miste livet. Norsk-amerikanaren Peder Lauritz Bjordal frå Sogn og Fjordane var ein av dei overlevande. Denne artikkelen ser på kva aviser i Sogn og Fjordane skreiv om «Empress of Ireland»-forliset, også nemnt som «Canadas Titanic». Dessutan har artikkelen med personopplysningar om Peder Bjordal.

Det canadiske passasjerskipet SS «Empress of Ireland» på canadisk frimerke i høve 100 års-markeringa 2014. Skipet tilhøyrde Canadian Pacific Steamship Company (CPA).

Det canadiske passasjerskipet SS «Empress of Ireland» på canadisk frimerke i høve 100 års-markeringa 2014. Skipet tilhøyrde Canadian Pacific Steamship Company (CPA).

Datering: 2014

Mange lokalaviser

År 1914 kom det ut åtte aviser i Sogn og Fjordane, tre i Sogn, to i Sunnfjord og tre i Nordfjord. Dei kom ut 2 -3 gonger i veka. Utanom lokalstoff hadde avisene oppslag og notiser om nyhende andre stader, oftast med aviser og telegrambyrå som kjelde. Nytt om hendingar andre stader kunne koma fleire dagar på etterskot, alt etter korleis det klaffa med utgjevingsdag. «Empress of Ireland» skjedde onsdag 28. mai 1914, ca. kl. 02 om natta, lokal tid, som vil seia onsdag 28. mai ca. kl. 08 norsk tid.

«Sunket amerikadamper»

Torsdag 29. mai 2014 fekk Fjordenes Blad (Nordfjordeid) telegram frå Kristiania med urovekkjande innhald. Eit canadisk passasjerskip med «1200 mennesker» var «antagelig sunket.» Fjordenes Blad refererte telegrammet i utgåva si dagen etter, 30. mai:

«Canadiens Pacificselskapets damper Empress of Ireland 14 000 tons med 1200 mennesker om bord afgik fra Quebec 28/5 er antagelig sunket, Sidste traadløse [melding] optoges (…) [28.05.] kl. 3, hvori meddeles at damperen er sammenstødt med et andet skib og er synkende. Paa nødsignal fra Empress svaredes fra regjeringsdamper [statseigd fartøy, Canada]. Pludselige avbrydelse av teleforbindelsen opfattes som at Empress er sunket.»

Ei anna lokalavis

Tysdag 2. juni hadde Sogns Tidende (Sogndal) ein kort notis med overskrifta «Syrgjeleg ulukka». Skipet sokk etter 10 minutt, berre 400 blei berga, over 1000 omkom. Mellom dei berga «skal det vera ein mann med det norske namn J. Foss.»

Oppfølgjande artikkel

Fjordenes Blad hadde kort etter oppfølgjande artikkel med overskrifta: «Empress of Ireland»s forlis. Ei ny «Titanic»-ulukke [1912].«Fleire hundrad er drukna». Oppslaget viser til det korte telegrammet referert 30. mai, og at det no er komne «nærmare meldingar».

«Canadian-Pacificlinja» sitt skip «Empress of Ireland» gjekk frå Quebec 27. mai med ialt “1367 menneskje umbord”. Det faste mannskapet var over 400. Etter 12 – 14 timar var skipet kome ut i St. Lawrence-elva mot open sjø. Ved 2-tida om natta, i tjukk skodde, støytte ein annan «stor dampar» med «ei fæl magt» mot båten midtskips og «flengde upp heile sida bakover». Det vart straks sett ut livbåtar, men etter berre 20 minuttar var skipet sokke.

Av artikkelen går det elles fram at [den norske] «Vicekonsulen» i Quebec trur at det berre var kring 15 nordmenn om bord, og at tre-fire av dei er berga, etter namna deira å døma.

«Canadian Pacific Linien» (Canadian Pacific Steamship Company)

Den canadiske pacific-linja frakta folk frå Europa til Amerika. I Bergen var A. Litland generalagent. Han annonserte i bergens-avisene, og i lokalavisene i Hordaland og Sogn og Fjordane. Av ei annonse i Sogningen (Vik) 9. mai 1914, går det fram at Canadian Pacific Line er den einaste «Linje» med eigne jernbanar «tvers over hele Amerika & Canada». CPL har dei største og snaraste skipa «paa Atlanteren». «Kun ca 3 ½ døgn fra Land til Land», lovar annonsen. Vidare opplyser annonsen mellom anna at ein må reisa frå Bergen måndag 11. mai for å koma med «Empress of Ireland» sin neste avgang frå Liverpool.

Liverpool var den store hamna for amerika-båtar. Frå Bergen reiste folk til Newcastle og vidare med tog til Liverpool. Det tok to-tre døgn. Annonsa i Sogningen 9. mai viser at folk som ville reisa med «Empress of Ireland» sin første avgang frå Liverpool, «burde» reisa frå Bergen 11. mai. Det vil seia at «Empress of Ireland» må ha hatt avgang frå Liverpool kring 15./16. mai; den siste turen Liverpool – Quebec, før katastrofe-turen attende med avgang frå Quebec om ettermiddagen 27. mai, lokal tid.

«Hr Peder Luritz Bjordal» - overlevde.

Fjordenes Blad melde at det var «kring 15 nordmenn om bord» og at «tre-fire» var berga, «etter namna deira å døme». Sogns Tidende melde 2. juni at mellom dei berga var det ein nordmann med «det norske namn J. Foss».

År 2012 hadde NRK v/journalist Kjetil Saugstad ei liste over 25 norske passasjerar om bord på «Empress of Ireland». 17 omkom. Ein står oppført som «Hr Peder Luritz Bjordal»

«37 år gamle [Peder Luritz] Bjordal emigrerte til USA i 1904 og var fisker i Bellingham, Washington. Han var på vei til Bergen og var blitt amerikansk statsborger i 1907. Han dro til Norge etter ulykken, og planla å dra tilbake til USA i 1917, men kansellerte billetten han hadde bestilt på Bergensfjord.»

Peder Lauritz Bjordal

Kven var han, den overlevande frå Sogn og Fjordane? Eit lite leiteprosjekt har gjeve nokre spreidde opplysningar til livssoga hans. Det rette namnet er Peder Lauritz Bjordal. Han var fødd 8. november 1877 på garden Myrane i grenda Bjordal, Guddal kyrkjesokn, i Ytre Holmedal prestegjeld (Ytre Holmedal kommune (etter 1911 Fjaler kommune). Foreldra var gardbrukar Kristian Knudsen Bjordal og Janne Hansdotter.

Amerika

Peder Bjordal utvandra frå Bergen, via Liverpool, 16. mars 1900 (ikkje i 1904). Frå Liverpool reiste han med skipet «Germanic» vidare til Amerika den 21. mars, og kom til New York den 30. mars. Frå New York drog han til Nord Dakota og budde der hausten 1900 på adressa Grand Forks Ward 1, i byen Grand Forks. Truleg er det ein bror, Chris Bjordal, han bur saman med.

År 1908/1909 var han «hjemme i Norge på besøk», og reiste attende 6. februar 1909. Han er då oppgjeven å vera heimehøyrande i State of Washington. Han er ugift og driv med skogshogst. Denne gongen drog han også via Liverpool, med SS “Empress of Britain” (Canadian Pacific), og kom til St. John, New Brunswick, Canada, 17. februar 1909.

Den amerikanske folketeljinga 1910 viser at adressa hans då var Bellingham Ward 5, Whatcom, Washington State. Han er fiskar og «partner», som truleg tyder at han dreiv fiske saman med nokon. Han er framleis ugift.

Så var det, at Peder Bjordal den 28. mai 1914 gjekk om bord i «Empress of Ireland» i Quebec for å reisa til Norge for andre gong. Han var ein dei heldige som overlevde katastrofen. Den vesle omtalen i NRK-oppslaget 2012, opplyser at «han dro til Norge etter ulykken, og planla å dra tilbake til USA i 1917»

Eit offisielt dokument om amerikansk statsborgarskap, utferda i Bergen 1916, «fortel» meir: I 1916 er Peder Bjordal i Bergen. Han oppsøkjer den amerikanske konsulen der, Mr. C. Forman. Ærendet er å få ein attest, eit “Certificate of Registration of American Citizen”. Det får han, og der står det mellom anna at han er ein “naturalisert” amerikansk statsborgar. Vidare star det at han reiste frå USA 23. mai 1916, og kom til Guddal 15. juni 1916, der han no er “residing for the purpose of health”. Vidare går det fram at det amerikanske statsborgarskapet hans “is established by Certificate of Naturalization issued by Superior Court of Whatcom County, Washington' (årstal er ikkje oppgjeve). Det «certificate» han fekk i Bergen har kort gyldigheit og «expires on March 27, 1917». Dokumentet er underskrive av Peder Bjordal og C. Forman.

Etter Amerika – gardbrukar i Fjaler

Vi har sett at Peder Bjordal «planla å dra tilbake til USA i 1917» Det gjekk ikkje etter planen. Han kansellerte billetten han hadde kjøpt med «Bergensfjord». Norsk-amerikanar Peder Bjordal vart buande i Norge.

Peder Lauritz Bjordal gifte seg i Bergen 6. januar 1920 med Hansine Lovise Hovlandsdal. Hovlandsdal er nabogrend til Bjordal, litt lenger vest. Peder og Hansine busette seg i heimetraktene sine, i Espedal. Dei kjøpte eit lite gardsbruk i Øvre Espedal.

Oddvar Vassliås, fødd 1948, minnest Peder Bjordal og Hansine. Peder vart kalla Kviperen etter Kvia, namnet på gardsdsbruket. Kona Hansine vart kalla Sina eller og Persina, kona til Peder eller Peren. Dei fekk to born, som begge flytte bort frå Fjaler. Peder døydde i 1956, og vart gravlagd på kyrkjegarden i Dale. Nokre år seinare vart gardsbruket selt. Oddvar Vassliås fortel elles:

«Kviperen skulle vere ein utruleg seig arbeidsmann. Garden var lite oppdyrka då han kjøpte han. Då han døydde, var mest alt oppdyrka som kunne dyrkast. Etter si tid hadde dei eit godt levebrød. Husa på garden står mest i same standet som då Peren og Sina dreiv bruket.»

kjelder:

«The tragic story of the Empress of Ireland», 1914, nyutgåve 2014.


Fjordenes Blad, 30.05. og fleire, 1914


Sogns Tidend, 02.06., 05.06.1914


Sogningen, 09.05.1914


Informasjon frå:
- Jan Hovlandsdal, Bergen
- Oddvar Vassliås, Fjaler
- Oddvar Natvik, Årdal


Liste over norske ombord på Empress of Ireland

PERMANENT IDENTIFIKATOR