Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Stølstufter i Friksdalen



Om lag 3 km inne i Friksdalen, ca. 800 m o.h ligg Svolset, eit eldgamalt stølsområde med ikkje mindre enn 15 tufter. Dei er datert til perioden 400-800 e.Kr, men det er uvisst kor mange av tuftene som var i bruk samstundes. Arkeologane held på med utgravingar og registreringar i dette spennande området.

Staden Svolset fotografert frå sør sida av Friksdøla. Legg merke til dei karakteristiske svullane i landskapet og snøen som enno ligg midt i juli. Det er truleg svullane som har gjeve namnet til Svolset. Truleg er det morenehaugar som er laga av isen.

Staden Svolset fotografert frå sør sida av Friksdøla. Legg merke til dei karakteristiske svullane i landskapet og snøen som enno ligg midt i juli. Det er truleg svullane som har gjeve namnet til Svolset. Truleg er det morenehaugar som er laga av isen.

Eigar: Eigar:: Marit Anita Skrede

Datering: Datering:: 16.07.1999

Fotograf: Marit Anita Skrede

Fram i dagen

Folk i Leikanger har lenge trudd at det ein gong har vore busetnad i Friksdalen, men det var fyrst etter at Bjarne Eggum og sonen Terje fann ei glasperle at arkelogane for alvor fatta interesse for staden. Då utgravingane tok til sumaren 1981, var mange spente på kva fagfolka ville finna. Sumaren 1999 var det og fagfolk med graveutstyr på Svolset. Undersøkingane i denne omgangen skal sluttførast i år 2000.

Funn frå utgravingane

Under utgravingane er det funne litt keramikk, nokre glasperler, spinnehjul og deler av kleberkar. Spinnehjula viser at det har vorte spunne på stølen. Då det er funne få ting som er forbunde med mannleg aktivitet, kan det vera ein indikasjon på at det er kvinner som har halde til her. Dersom dette er tilfelle, må ein rekna med at det har vore ein sesongbustad - ein stad folk heldt til om sumaren og fyrst på hausten.

Berre ein støl?

Det er usikkert kva slag aktivitet det har vore i Friksdalen. Kanskje er det ikkje ein støl i tradisjonell tyding. Menneska kan ha budd her i lengre periodar og deler av jorda kan ha vore dyrka. Enkelte meiner at dette ikkje er mogleg så høgt til fjells, men dette er spørsmål ein håpar å få svar på den næraste tida.

Handel?

Kanskje har bøndene nede i bygda brukt til dømes torv frå Friksdalen for å byta til seg andre varer? Området rundt tuftene er myrlendt, så dette er ei ikkje usannsynleg. Det store antalet kokegroper i dalen kan også ha samband med ei eller anna form for vareutveksling. Den vanlege tolkninga av slike groper er at dei vart brukt til matlaging, men det store talet og det at dei ofte ligg nær kvarandre gjer denne tolkninga usikker. Ein veit at trekol har vorte brukt til å vinna ut jarnmalm, og dette kan også ha vore tilfellet i Friksdalen.

Religiøs aktivitet?

Det er også funne ein del såkalla gropesteinar på Svolset. Dette er steinar der den eine sida er dekt med mange skålgroper; groper på om lag 5 cm som er hogd ned i steinar. Dette er funn som ofte blir sett i samanheng med ei eller anna form for religiøs aktivitet. Uansett korleis ein tolkar desse steinane, er det vanskeleg å sjå at dei kan ha hatt noko praktisk funksjon.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Magnus, Bente: Seterdrift i Vest-Norge i yngre jernalder? En foreløpig rapport om en undersøkelse. I Hus, gård och bebyggelse. Föredrag från det XVI nordiska arkeologmötet. Reykjavik 1982.
Magnus, Bente: Bygda, fjorden og fjellet. Systrond i fjern og nær fortid. Bergen 1985.
Magnus, Bente: Iron Age Exploitation of High Mountain Resources in Sogn. Bergen 1986.
Magnus, Bente: "Koen skider ikke smør i Sogn." I Arkeo Nr1,1991. S. 16-22. Bergen 1991.
Bjørgo, Tore, Kristoffersen, Siv og Prescott, Christopher: Arkeologiske undersøkelser i Nyset-Steggjevassdragene 1981-1987. Arkeologiske rapporter 16. Historisk Museum, Universitetet i Bergen. Bergen 1992.
Martinussen, A.O. og Myhre, Bjørn: Kulturminne i Etnefjella. Konsekvensanalysar for utbygging i Etnevassdraget. Arkeologiske rapporter 8. Historisk Museum, Universitetet i Bergen. Bergen 1985.
Randers, Kjersti og Mons Kvamme: Breheimundersøkelsene 1982-1984. II: Stølsområdene. Arkeologiske rapporter 15. Historisk Museum, Universitetet i Bergen. Bergen.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg 1. Sætertypar og driftsformer. Oslo 1992. Sandnes, Jørn: Ljåen og krøttermulen. Om opphav og alder til det norske seterbruket. I Historisk tidsskrift. Nr 3, s.353-356. Oslo 1989.
Svensson, Eva: Människor i utmark. Lund Studies in Medieval Archaeology 21. Lund 1998.

PERMANENT IDENTIFIKATOR