Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 19. mars 2007

Sist oppdatert 19. februar 2019

Kommune

Grava til prestefolket Dahl i Eivindvik



Den landskjende presten Dahl og kona Hylleborg ligg gravlagde på kyrkjegarden i Eivindvik. I 1933 skipa undgomslaget Vårbrudd til ei minnehøgtid ved grava. Dei hadde sett grava i stand etter at ho hadde lege overgrodd i fleire år.

Grava til Niels Alstrup Dahl og kona Hylleborg på kyrkjegarden i Eivindvik.

Grava til Niels Alstrup Dahl og kona Hylleborg på kyrkjegarden i Eivindvik.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1990.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Biografi i Norsk Alkunnebok
"Niels Griis Alstrup Dahl (1778-1852), res. kap. til Eivindvik (Gulen (..)), sokneprest der 1807, prost i Ytre Sogn 1823. Stortingsmann 1814, 1827, 1828 og 1830. På omframstortinget 1814 var han ein av dei få som røysta mot union med Sverige. Ihuga folkeopplysningasmann og jorddyrkar. Wergeland seier om han: "Brød af Sten og Aand af Strile, Dahl i Eivindvigen tvang."

Grava
Grava til presten Niels Griis Alstrup Dahl og kona Hylleborg ligg på den nordaustre delen av kyrkjegarden rundt Gulen kyrkje i Eivindvik. Gravminnet er ein sarkofag i smijern omkransa av åtte steinar med lekkjer mellom. Det står skrive:

Herunder hviler Støvet
Af Provst og Sognepræst til Evindvig
Niels Griis Alstrup Dahl
Født den 14de Marts 1776
Død den 4de August 1852

og

Hustrue Hylleborg Godtsen Dahl
Fød Hertzberg
Født den 21de September 1766
Død den 26de Mai 1846

Fred med Eders Støv
Velsignet være Eders Minde

Minnehøgtid
Etter gudstenesta 17. mai 1933 samla kyrkjefolket seg til minnehøgtid ved grava til prestefolka Alstrup Dahl. Formannen i ungdomslaget Vårbrudd ynskte velkomen med ord frå ein kjend song:
Lat oss inkje forfedrane gløyma, - i alt som me vender og snur, - han er større en mange vil tru."

Ei særnemnd i ungdomslaget, kyrkjegardsnemndi, hadde i fleire år arbeidd for å få kyrkjegarden i betre stand, og nemnda hadde mellom anna rydda ved prost Dahl si grav. Grava hadde i mange år lege ustelt og tilgrodd av kratt.

Den nyutnemnde prosten i Ytre Sogn og sokneprest i Gulen, Øystein Hovden, heldt minnetale. Han sa m.a. at folket hadde gjort vel ved på denne måten å heidra dei som i åra etter 1800 kjempa i tunge og harde tider for Noregs framtid.
Koret til fråhaldslaget Fjellbekken på Dalsøyra, gledde forsamlinga med fleire songar.

Kva Karl Gåta hadde funne i arkiva
Signaturen "N.B." sende eit stykke om minnehøgtida til Sogns Tidende. Han fortalde også om kva bygdesogegranskaren Karl Gåta hadde funne i "arkivi" om den vidgjetne soknepresten.

Dahl hadde vore ein "vyrdeleg prestefader som på ein viseleg, men ogso streng måte tok seg av sokneborni sitt åndelege og timelege vel. [Han] fekk ordna skule- og fattigstell, [og] refsa drikk og ulivnad. [Han] tok seg ogso av utskiftning gardane imillom og avgjorde på ein klok og myndig måte mange trettor. Med sine store givnader og svære arbeidskrefter fekk han i den tunge borkebrødstidi reist bygdi både åndeleg og økonomisk", står det i avisstykket.

 

kjelder:

Sogns Tidend 23.05.1933
Norsk Allkunnebok. Band 3, 1951.