Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Erik Grant Lea og Gjølanger Mølle



Den bergenske skipsreiaren og spekulanten Erik Grant Lea tapte formuen sin, men reetablerte seg på Gjølanger med mølledrift.

Den gamle tømmerstova på Gjølanger slik den såg ut då Erik Grant Lea og familien kom flyttande dit. Det nye huset vart seinare bygd rundt det gamle.

Den gamle tømmerstova på Gjølanger slik den såg ut då Erik Grant Lea og familien kom flyttande dit. Det nye huset vart seinare bygd rundt det gamle.

Eigar: I Fra gull til grønne skoger.

Datering: 1929.

Fotograf: Ukjend.

Høgt opp og raskt ned att

Under første verdskrigen var det gode tider for dei som spekulerte i internasjonal skipsfart. Stigande fraktinntekter gav høg kurs på skipsaksjar, og enkelte tente seg eventyrlege formuer. Ein av desse var bergensaren Erik Grant Lea. I 1916 var han leiar av om lag 10 reiarlag, han hadde sin eigen bank og sitt eige assuranseselskap, - det siste med kontor i tre verdsdelar. På Kronstad utanfor Bergen budde han i eit palass av eit hus, Lea Hall, med 40 mål hage rundt, og han var gift med Hilda Connor, ei indisk-britisk jente med svært fornem bakgrunn.
Berre få år seinare tvinga nauda denne mannen ut på Dalsfjorden for å skaffe mat til familien ved å fiske, og det på sjølvaste julaftan. Kva hadde skjedd i mellomtida?

Frå "maktens tinde" til Dalsfjorden

Lea hadde sin bakgrunn i ein småborgarleg familie. Faren, som var translatør, hadde vore i Amerika i sin ungdom, gjort teneste som soldat i hæren og slost mot indianarar, og han bestemte at sonen, fødd i 1892, skulle verte kalla opp att etter nordstatsgeneralen Ulysses Grant. Erik Grant Lea var såleis noko av ein oppkomling i finansmiljøet i Bergen, og han var berre 25 år gammal då han sommaren 1918 valde å selje alle sine selskap og reiarlag. Dette kunne ha vore eit verkeleg smart trekk, om ikkje han hadde gått inn att i eit konsortium som nærma seg konkursens rand. Etter at krigen tok slutt, stupte marknaden, og forretningane gjekk stadig dårlegare. I 1925 var det slutt. Det einaste Lea sat att med, var Gjølanger bruk, som ingen av kreditorane ville ha.

Ein driftig møllar

Gjølanger Bruk var ikkje noko imponerande tiltak då Erik Grant Lea kom for å overta drifta. Den dåverande mølla og sagbruket vart drivne av eit skovlhjul som fekk tilført vatn gjennom eit turbinrøyr. Her fanst ikkje kai, og våningshuset var gammalt og i dårleg stand. Men den allsidige og driftige Lea bygde nytt kraftverk, moderniserte mølla med tørkeanlegg og fekk etablert butikk, postopneri, trelastlager og stoppestad for rutebåtane. Han planta også mykje skog på eigedomen, både norsk gran og meir sjeldne plantesortar.
Gjølanger Mølle produserte både grynmjøl, sikta mjøl og havregryn, og med full drift hadde den 8-10 mann i arbeid. I 1951 brann mølla ned, men Lea bygde den opp att og dreiv vidare. I 1971 selde han vidare til Conrad Martin Øvrebø. Erik Grant Lea døydde i 1979.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Losnegård, Gaute og Rolf, og Rivedal, Henning: Dalsfjordboka. Leikanger 1999.
Tveit, Norvald: Fra gull til grønne skoger. Oslo 1972.

PERMANENT IDENTIFIKATOR