Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 19. november 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Fortun bedehus



Me har fleire døme på to generasjons-bedehus i fylket. Det gamle bedehuset måtta vika plassen for eit nytt. Føremålet var å få eit meir tenleg hus i høve til nye krav. Bedehuset i Fortun er eit andre generasjons hus. Det første vart bygd i 1908, det andre stod ferdig i 1970. Men det var ein spesiell grunn som førde til nytt bedehus i Fortun. Det kom i vegen for ein transformator.

Det andre bedehuset i Fortun, stod ferdig 1970.

Det andre bedehuset i Fortun, stod ferdig 1970.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2006.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Det gamle bedehuset
Bygdene i gamle Luster kommune var tidleg ute med å byggja bedehus, og alle bedehusa stod ferdige i løpet av ein femårs-periode, - i Dale i 1903, i Skjolden i 1907, og i Fortun i 1908. Fortun bedehus vart bygd på eigedomen til Sølfest Skagen, tett attmed bygdevegen ved brua over Skagelvi (lenger oppe er elva kalla Bergselvi). I 1960-åra vart det påkosta over 20.000 kroner, og var då for si tid eit høveleg stort og godt bedehus.

I vegen for transformator
Kraftutbygginga av Fortun/Garndfasta-vassdraga starta i 1956 og heldt på i tre byggjesteg til bortimot 1980. Då bedehuset kom i vegen for transformatoranlegg vart løysinga at utbyggjaren, Årdal og Sunndal Verk, tok kostnaden med å byggja nytt hus. Det nye bedehuset vart bygt på eigedomen til Helga Fortun, om lag 300 m lenger heime i dalen.

Det nye bedehuset
Byggmeister Jon Dale frå Sunnfjord teikna og bygde bedehuset. Det stod ferdig hausten 1970. Huset har ei grunnflate på 12 x 8 m. Det er bygt i to høgder, den eine som kjellarhøgd. Kjellarhøgda vart innreidd med kjøken, matsal, garderobe og toalettrom, andre høgda med storsal og småsal, skilde med faldedører. Alle veggene i andre høgda vart kledde med trekvit panelmaterial.

I 2006 er romløysinga den same, men "matsalen" er gjort om til aktivitetsrom med sofagruppe-møblering. Ute er det bygd tilkomstveg for rullestolbrukarar.

Vigslingshøgtida
Bedehuset vart vigsla om kvelden, søndag 18. okotober 1970. "Folk frå dalen og fjorden fylte Huset", skreiv lærar Olav Falkegjerdet i eit stykke til indremisjonsbladet Sognevarden.

Knut Flåten helsa velkomen og opna med å minna om orda som står på veggen ute, Jer. 22.29: "Land, land, land, høyr Herrens ord." Sokneprest Leithaug i Luster heldt festtalen ut frå Salmane 73, 28. Han slutta talen sin med orda i talen til William Carey (grunnleggjaren av baptistkyrkja) som på eit stort misjonsmøte i Northampton 30. mai 1792 sa: "Vent store ting av Gud! Våg store ting for Gud!"

Driftsleiar Oddmund Nyland representerte Årdal og Sunndal Verk. Etter matpause med mylse-smørbrød, kaffi og kaker, overleverte han huset til bygda. Bedehuset var ei gåve frå ÅSV.

Helga Fortun las ein prolog skriven for høvet av Helga Steig. Andrea Nedrelid, Olav H. Skagen og Otto Fuglesteg hadde skriftlesing. Det var helsingar frå Hans Lerum, Sigmund Ylvisaker, Karl I Kvam og Olav Falkgjerdet. Peder Vigdal hadde avslutninga. Erik Hæreid spela orgel og det var musikk av ein dametrio.

Allsidig aktivitet
Det er bygda som eig bedehuset i Fortun, og eit bedehusstyre som har ansvaret for bruk og aktivitet. Svein Arvid Skagen, formann i 2006, fortel at det er søndaggskule og yngresarbeid, einskilde møte og møteveker ved tilreisande. Dei skipar årvisst til bedehusbasar og juletrefest. Elles brukar kyrkja huset til konfirmantfestar og ordnar av og til kyrkjekaffi. Det hender også at folk leiger huset i samband med dåp og konfirmasjon.

kjelder:

Sognevarden 31.10.1970.
Informasjon frå:
Svein Arvid Skagen, Fortun, Luster.

PERMANENT IDENTIFIKATOR