Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 05. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Gamlehotellet på Hermansverk



"Hotellet" kallar gamle folk den raudmåla, toetasjes trebygningen i sentrum av Hermansverk, men det er over 80 år sidan hotellverksemda slutta. No er "gamlehotellet" eit næringsbygg, med eit forlag, ein taxisentral og fleire andre leigetakarar.

"Gamlehotellet" på Hermansverk, bygt i 1887 og brukt som hotell til 1918. Lars Nes kjøpte bygningen i 1999, pussa opp inn- og utvendig, og leiger ut rom til taxisentralen på Leikanger, Skald forlag og fleire andre næringsdrivande.

"Gamlehotellet" på Hermansverk, bygt i 1887 og brukt som hotell til 1918. Lars Nes kjøpte bygningen i 1999, pussa opp inn- og utvendig, og leiger ut rom til taxisentralen på Leikanger, Skald forlag og fleire andre næringsdrivande.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Bakgrunn

Huset vart bygt i 1887 og det var hotelldrift her til 1918. Dette var likevel ikkje starten på slik verksemd på Hermansverk. Nils Aamundsen fekk kring 1810 løyve til å drive gjestgiveri og landhandel, men i 1833 vart det heile overteke av Johan Herman Brun. Han kom frå Bergen og må ha vore ein dyktig mann, han var m.a. ordførar i to periodar. I eit juleselskap hos han avgjorde gjestene at staden skulle heite Hermansverk som ein takk for det han hadde gjort.

Bilete av Leikanger.

Hotellet vart bygt

Hotellet vart bygt av Peter Johan Fretheim. Han hadde bevilling som gjestgjevar, og gifta seg med Hanna Marie Brun, eit barnebarn av Johan Herman Brun. Han bygde hotellet i 1887 og stod som eigar til 1897. Fretheim var kaptein i det som no heiter Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, og kunne ikkje samstundes ha drive hotellet. Det må såleis ha vore kona hans som dreiv det i namnet til mannen. Gifte kvinner kunne ikkje ha ansvar for gjeld som fellesbuet måtte ha, og kunne difor ikkje drive slik verksemd som dette i eige namn. Dei gjekk konkurs i 1897.

Portrettbilete av Peter Johan Fretheim.

Portrettbilete av Hanna Marie Brun.

Seinare eigarar

Arnanda Knutsen og Henriette Schjelderup tok så over eigedomen. Den førstnemnde var dotter til Gullak Knutsen som flytta hit frå Lærdal og den andre var dotter til soknepresten i Lærdal. Desse to dreiv hotellet i lag til 1902. Dei var ikkje gifte og kunne difor drive slik verksemd sjølv om dei var kvinner.
Henriette Schjelderup gifta seg i 1902 og da tok Arnanda Knutsen over aleine. Ho gifta seg i 1904 med Hans Paludan Smith Schreuder frå Bergen. Ho sytte for ektepakt og kunne på den måten framleis eige og drive hotellet. Ekteparet Schreuder flytta til Bergen, og det ser ut som at ho då sette bort drifta til frøknene Spangelo frå Lærdal.

Bilete av hotellet kring 1905.

Gerhard Michael Daae eigde og dreiv hotellet frå 1907 til 1910. Han hadde budd ei tid i USA. Daae gav opp hotelldrifta for å drive ein gard i Måren som han seinare fekk kjøpe.
Magda Knutsen var brordotter til Arnanda Knutsen og eigde og dreiv hotellet frå 1910 til 1918. Då vart eigedomen selt til Hallvard Drægni som ville nytte den til å bygge ein saft- og frukthermetikkfabrikk.

Skjenkeløyve

Det vart ikkje søkt om skjenkjeløyve for øl og vin før i 1895. Det vart stort sett gjeve slike løyve, men det var eit stadig aukande mindretal som røysta mot i kommunestyret. Det vart ikkje søkt om skjenkeløyve etter 1907.

Seinare bruk av huset

Drægni nytta huset til husvære for nokre av arbeidarane sine, men det vart og leigd ut til andre. Drægni hadde også kontor her den første tida.
Huset er i 2001 eigd av SKALD EIGEDOM AS, eineeigar er Lars Nes. Leigetakarane er ein taxisentral, eit forlag, ein advokat, ein tekstilkunstnar og eit par frie yrke innan kommunikasjon, reklame m.v.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Skjånes, Knut: Hermansverk Hotel. I Systrendingen. Nr. 1. 2001. Leikanger.

PERMANENT IDENTIFIKATOR