Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. mars 2009

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Raudeberg bedehus



Søndag 17. november 1968 vart bedehuset på Raudeberg vigsla. Om lag 300 menneske var tilstades. Måløyavisa Fjordenes Tidende hadde fleire stykke om hendinga. Førti år etter, laurdag 15. november 2008, vart det halde stor jubileumsfest. Arne Larssen gav eit historisk tilbakeblikk, og Karl-Egil Johansen kåserte om bedehusa og kystkulturen.

Raudeberg bedehus, ferdig og innvigd hausten 1968.

Raudeberg bedehus, ferdig og innvigd hausten 1968.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2008

Fotograf: Hermund Kleppa

Støtteforeining av kvinner

I februar 1968 melde Fjordenes Tidende at arbeidet med nytt bedehus på Raudeberg var i god gjenge. Dei utvendige arbeida var så godt som ferdige. Det stod berre att litt pussearbeid og å leggja eternitt på taket. Dei rekna med at huset kunne takast i bruk og vigslast same sommaren. Avisa skreiv at bedehuset var reist takka vere stor "velvilje" av indremisjonsforeininga og bygdefolket. Særleg vart ei støtteforeining av kvinner framheva. Foreininga hadde kome saman ein onsdag i kvar månad gjennom 2-3 år og samla inn 7-8000 kroner på møta sine.

"ferdig til høsten"

Det gjekk ikkje heilt som venta. Huset vart ikkje ferdig til sommaren. I juli melde Fjordenes Tidende at arbeidet med innreiinga nærma seg slutten og at huset kunne takast i bruk "til høsten". No stod det att å leggja golvbelegg, noko måling, å installera sanitetsutstyr og få ordna med møbler.

Stor omtale

Det nye bedehuset stod ferdig til å takast i bruk i november. Fjordenes Tidende laga eit større oppslag om saka. Me får høyra at byggjearbeidet hadde halde på i vel to år, men tanken om å byggja eit bedehus på Raudeberg var mykje eldre. Alt rett etter krigen 1940-1945 tok dei fatt på å gjera tanke om til røyndom. Dei kom jamvel i gang med å grava ut tomta, men måtte slutta. Dåverande Nord-Vågsøy kommune ville ha staden til ny skule.

Merkesak

Bedehuset vart bygt rett nordom staden som gjekk under namnet Holdeplassen. I hovudetasjen var det to salar med plass til vel 250 menneske. Dessutan hadde huset kjøken, garderobe og toalett.

Reidar Berg, medlem i byggjenemnda, fortalde til avisa at det var eit stort økonomisk løft å byggja bedehus og at det til sine tider ikkje hadde vore lett å få endane til å møtast. Men takka vere stor gjevarglede frå mange var dei komne velberga i land. På spørsmål om det var bruk for eit bedehus på Raudeberg, siterte avisa:

"Det er et stort savn å være uten eget forsamlingshus. Alt menighetsarbeid blir på sett og vis så mye vanskeligere. Ofte er det vanskelig å finne møtelokaler. Rett nok har vi kirkekjelleren, men den er heller liten. Dessuten er det lang vei. Derfor er vi svært glade for at vi nå snart er ved veis ende når det gjelder denne merkesaken. Alt ungdoms- og yngresarbeid vil forhåpentligvis gå bedre nå. For den saks skyld også foreningsarbeidet. Det har mange ganger vært vanskelig å samlest i heimene. Vi håper at vi med dette kommer inn i en vekkelsestid."
 

Vigslingshøgtid

Den 12. november 1968 kunne så Raudeberg Indremisjonsforeining kunngjera at det skulle haldast bedehusvigsle søndag 17. november. Sokneprest Vestre skulle halda vigslingstalen og det ville bli helsingar frå fleire misjonslag. Det skulle takast opp offer og det skulle vera bevertning.

Om lag 300 møtte fram. Johannes Refvik opna høgtida og ynskte velkomen. Møtelyden song O store Gud, og lærar Jon Lillestøl las prologen Tufta på berget. Så song Kvalheim blandakor dirigert av Sigrid Kvalheim før skriftlesing og song av musikklaget i Vågsvåg.

I vigsletalen sin heldt sokneprest Vestre fram dei to tankerekkjene ein finn i det gamle og nye testamentet: Gud tek bustad i oss og Gud er ein bustad. - Det er over desse to tankerekkjene dette huset er bygt, sa han. Soknepresten understreka elles kor viktig lekmannsrørsla er i kristenlivet.

Etter talen song Reidar Berg akkompagnert av sonen Leif Arne. Kallskapellan Aske ynskte folket på Raudeberg til lukke med det nye bedehuset. Sekretær Berstad helsa frå Den indre sjømannsmisjon.

Etter kaffipausen fortalde formannen i byggjenemnda, Nils Vedvik, om innsamling av pengar til nytt bedehus som byrja på 1930-talet. Ordførar Iversen helsa frå Nord Vågsøy kommune og overrekte ein sjekk på 1500 kroner. Jon Lillestøl helsa frå Nord Vågsøy sokneråd og Hans Vaage frå nabosoknet i Sør Vågsøy. Sekretær Halleraker bar fram helsing frå Nordfjord Indremisjon, og sekretær G. Fretland helsa frå Misjonssambandet. Lærar Wilhelm Barmen i Det Norske Misjonsselskap avslutta den lange rekkja av helsingar. Til inventar kom det inn 4000 kroner under vigslingshøgtida.

40 år etter - 2008

Ein av programpostane på jubileumsfesten, laurdag 15. november 2008, var eit historisk oversyn ved lærar Arne Larssen. Han las først opp ei notering av Ragnvald Myre om den første bedehusfesten:

"Fyrste festen vart halde for Bedehuset laurdag 24. mars 1945 i skulehuskjellaren. Då festen tok til var salen fullsett av ungdom, born og ein del eldre. Nils Vedvik leda festen og heldt andakt. Wilhelm Barmen heldt bibeltime over 1. kapittel i åpenbaringsboka. Ungdomslaget med Sigurd Kvalheim som leiar song fleire songar. Til slutt var det loddtaking. Det kom inn 756 kr."
 

Gått i oppfylling?

Larssen las deretter opp siste setninga i referatet frå vigslingsfesten: "Må huset bli nytta godt og må velsigning gå ut frå det". Har dette ønskjet gått i oppfylling, spurde han? I svaret rekna han opp dei mange som hadde brukt huset: Misjonssambandet, Misjonsselskapet, Muhammedanarmisjonen, Samemisjonen, Sjømannsmisjonen, Den indre sjømannsmisjon, Tibetmisjonen, Ungdomsforbundet, Frelsesarmeen, Hvite Bånd, Blå kors, Misjon bak jernteppet og fleire. Dessutan hadde huset vore nytta av kyrkja, til konfirmantundervisning, konfirmantforeldremøte, Våre heimar, ungdomsklubb, søndagsope, Yngres, søndagsskule, barnering m.m. Og i tillegg hadde huset vorte nytta av Husmorlaget, skulemusikken Stormklang, Motorførerenes avholdsforbund, til vallokale og ymse slag private samkomer.

Larssen fortalde at i nokre år vart huset i vinterhalvåret brukt kvar kveld. Det kunne vera søndagsskule og søndagsmøte, bøne- og samtalemøte måndag, ungdomskoret tysdag, Frelsesarmeen onsdag, torsdagsmøte, barnekor fredag og ungdomsklubb laurdag. Det var jamt over ein liten flokk samla på desse samkomene. Derimot var det trongare om plassen på særlege tilstellingar som 13. dags-basaren, barnejulefesten og Unge Heimar-samlingar leia av Kolbjørn Aske.

Avskilsfestar for misjonærar

Gjennom dei 40 åra hadde det fleire gonger vore halde avskilsfestar for misjonærar frå Nord-Vågsøy: Greta Refvik i 1970, Hildur og Tryggve Lillestøl i 1987, Hilde Gangeskar Isene og mannen hennar i 1993 og Randi Berg.

Larssen nemnde vidare at han hadde lagt merke til ei endring i frammøtet på bedehuset. Den første tida var ungdommen i fleirtal i samlingane. No var dei fleste på dei vanlege møta eldre. Likevel - i det store og heile - ville han seia at bedehuset i første rekkje hadde vore eit barne- og ungdomshus.

Endringar

Mot slutten av det historiske oversynet kom Larssen inn på endringar i arbeidet. Det var slutt med møteveker der ein predikant hadde fire-fem møte på rad. Dei siste åra [før 2008] hadde dei hatt felleskapskveldar, temamøte, songmøte og ettermiddagskaffi. Men nokre tilskipingar var dei same: bedehusbasaren, 17. maifest og måndagsmøte. Oppslutninga på måndagsmøta hadde minka av. Dei ønskte at fleire ville vore med på desse møta, der dei samtalar om føreståande søndagstekst og der dei ber for kvarandre og for misjonen.

Lysbilete

Arne Larssen avslutta oversynet sitt med å visa ein lysbileteserie frå arbeidet på bedehuset gjennom 40 år. Det høvde godt med at han gjennom alle desse åra hadde vist lysbilete i ymse høve på bedehuset.

Kåseri

Historikaren, professor Karl Egil Johansen heldt kåseri om bedehusa og kystkulturen. Johansen voks opp i Nord Vågsøy (Sjå nedanfor).  

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fjordenes Tidende 02.02, 08.07, 14.11, 15.11, 20.11.1968, 14.11.2008.
Larssen, Arne: Handskrive manuskript til historisk utgreiing om Raudberg bedehus i 40 år. 2008.

PERMANENT IDENTIFIKATOR