Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 14. august 2017

Sist oppdatert 20. august 2019

Kommune

Rå-data

Martha Elisa Skorpen – ei tragisk hending og eit kassert gravminne



«Signal frå ein kystkultur» stod som overskrift på Ragnar Skorpen sitt stykke i Firdaposten 24. november 1984. Han reagerte kraftig på at eit gravminne på Kinn kyrkjegard var kassert. Det knytte seg ei tragisk hending til gravminnet, ei drukningsulukke.

Gravferd på Kinn kyrkjegard, 10. mai 1911, Martha Elisa Pettersdotter Skorpen, fødd 10. desember 1896, død ved drukning, 3. mai 1911. Mannen med skjegg, litt oppe til venstre, er far til Martha Elisa, Petter Skorpen. Familien budde i Båsundet.

Gravferd på Kinn kyrkjegard, 10. mai 1911, Martha Elisa Pettersdotter Skorpen, fødd 10. desember 1896, død ved drukning, 3. mai 1911. Mannen med skjegg, litt oppe til venstre, er far til Martha Elisa, Petter Skorpen. Familien budde i Båsundet.

Eigar: Ragnar Skorpen/

Datering: 10.05.1911

Fotograf: Albert Clausen

«på ein skraphaug»

Ragnar Skorpen (1927-2019) var kunstnar. Han voks opp på Skorpa vest av Florø, og flytte seinare i livet til Gøteborg. Etter mange år i Sverige flytte han og kona, Katalin Hidas, tilbake til Norge, og budde dei siste åra på Drage i Selje. Hausten 1984 vart Ragnar Skorpen vitne til ei - etter hans syn - rasering av det gamle kyrkjegardslandskapet på Kinn. Gravminne vart øydelagde og graver sletta. Skorpen likte ikkje det han såg:

«Tuvene på kyrkjegarden ovanfor Kjelnesvika kan eg ikkje lenger finne, men på ein skraphaug nordafor kyrkjegarden, fanst slikt som skal slengjast, no når vi endeleg er komne igong med å få kyrkjegarden «pen.»

«Eg vart ståande å sjå på ein sundslegen stein. Den vakre, ovale plata fortalde meg (…) at det her måtte røre seg om ei ung kvinne. (…) Eg såg: [Martha Elisa Pettersdotter Skorpen] 1896-1911. Berre 15 år, altså. Nedst på namneplata var det noko tilgrodd. Der står det: HØIT ELSKET. Barn, - eller kvinne, eg veit ikkje så visst. Men det må ha vore ein livstråd som vart avsliten i den sterkaste, blømande våren.

Martha Elisa Pettersdotter Skorpen (Båsund)

- Martha Elisa Pettersdotter Skorpen (Båsund) interesserer meg,» skriv Skorpen i artikkelen sin. «Eg prøver å leite etter signala hennar». Ragnar Skorpen gav seg ut på leit, han snakka med eldre folk, fekk tak i fotografi, samla og sette saman. Denne gongen var det ikkje eit målarstykke i olje, det var ei forteljing i ord og foto, om ei ung jente og ei tragisk hending.

«Ei syrgjeleg ulukke»

I Nordre Bergenhus Folkeblad (Florø) fann Skorpen eit oppslag om hendinga, onsdag, 3. mai 1911. Det står:

«Tvo smaagjenter sette livet til. 
Igaar var lesarborni for presten her paa Florøy. Det var godt ver, so ingen tenkte paa nokon faare. Men paa heimvegen kom ein baat med 2 vaksne og 5 born fraa Skorpen [øya Skorpa] til aa sigle fram paa ei flud ut med Stongja, sunnanfor Stabben. Korleis det gjekk til eller ikkje, so gjekk baaten full og heile folkefarmen i sjøen. Til all lukke vart dei det var her paa Florøy, og ein motorbaat gjekk ut og berga dei fleste. Men ei smågjente som var død, daa dei fekk henne upp i baaten, og ei fann dei ikkje att. Tung og uventa vart nok denne syrgjebodi.»

Meir om hendinga

Skorpen såg på opplysningar i avisnotisen og det han etter kvart fekk fortalt og noterte seg. Ikkje alt samsvara. Han konkluderer som sikkert med at vêret var godt, men det var vind. Havaristaden var ved Vomba, ei flu attmed eit lite skjer, eit kort stykke nord av holmen Stongja. Båten var ein stor seksæring, ein kjølbåt med hogne halsar, - ein god siglar, som høyrde heime i Båsundet på Skorpa. Utstyret var spreiesegl, fokke og årar. To båtar kom til og var med i bergingsarbeidet. Vidare fortel Ragnar Skorpen:

Frå Florø

Om ettermiddagen, onsdag 3. mai 1911, kom to jenter [Martha Elisa og Laura] gåande frå Florø-kyrkja ned mot Fugleskjera. Den største hadde hår som rakk nesten ned til livet. Den andre hadde ein kvit klut på hovudet. Dei bar svarte salmebøker i hendene, for dei hadde vore og «lese for presten». Soknepresten hadde overhøyrt dei, og alt hadde gått fint. No var dei snart ferdige med skulen og skulle konfirmerast. Og livet låg lokkande framfor dei. Difor var dei glade.

Ved Fugleskjersbryggja låg seksæringen og venta, - nå skulle dei sigle heimatt til Skorpa. Dei gjekk om bord, venta ei lita stund på Olefine og Kristina, som også hadde lese for presten. Hilda var alt komen. Når Lydia saman med døtrene sine, Olefine og Kristina, var komne om bord, støytte de ifrå land, og rodde ut på Florevika. Der sette dei segl, og Anton [19 år] tok roret. (…)

Ved Vomba

Alt gjekk fint til dei nådde Vomba. Der kom dei for nær undervass-grunnen. Alt gjekk så fort. Den djupkjøla båten køyrde opp på grunnen med baugen, - og la seg over sida og fyldest bak med vatn. Når den skrå kjølen trefte bergnakken, må det ha vorte ein så hard sleng i båten at alle vart kasta på sjøen. Anton var den einaste som kunne symje. Han fekk tak i dei to jentene han kunne sjå, og fekk dei inn på Vombaskjeret.

Stefanus Skorpeide hadde høyrt rop, og kom til hjelp. I båten hadde han sonen Bertinus, og ein som heitte Follesø. Dei fekk auge på Martha, og fekk henne i inn i båten. Om det var Stefanus eller Bertinus som fekk tak Lydia på land, står uklart. Laura flaut opp og vart liggjande ei stund og flyte, men før dei rakk fram, sokk ho, og dei kunne sidan ikkje finne henne.

Syrgjebodskapen til dei næraste

Ane Skorpeide, som var på veg forbi med motorbåten sin, hadde også kome til. Martha var alt død då Stefanus fekk tak i henne. Dei rådslo ved Vombaskjeret. Ingen hadde lyst å kome fyrst på Skorpa, og det vart avtala slik at Ane skulle hente presten, og at ingen fekk kome på Skorpa før presten.

Det må ha vore ei tung ferd for sokneprest Evensen. Ane la til i Skorpevågen. Evensen gjekk fyrst i Garden. Der snakka han med Andrina, mor til Anton og morsyster til Laura. (…) Sidan gjekk han til Plassen. Der snakka han med mor til Laura og med Ludvig. (Ludvig og broren Nils, reiste til Vombaskjeret og sokna, og dei fekk Laura opp dagen etter).

Ane skyssa sidan presten til Båsundet. Frå stova i Båsundet såg dei med stor undring på presteskyssen som kom knatrande innover. Petter (far til Martha Elisa) var på sjøen, men Bolette, mor til Martha var inne. Kva sokneprest Evensen sa på Skorpa, kan det nok finnast folk som veit. (…) Det var sikkert mykje om å gjere for han at dei fyrste orda skulle falle mjukt, for det kunne verte hardt nok likevel.

Då presten hadde reist, smaug ei kvinne seg inn i stova til Bolette. Ho kom frå Esøysundet og heitte Petrina. Det var ho som fortalde det til Petter. Sidan heldt ho Bolette i handa heile natta.(…)

Gravminnet

To månader etter at Marha Elisa døydde, fødde Bolette ein son Han fekk namnet Martin Elias. (…) Eitt år etter at Martha Elisa døydde, sette faren opp minnestein. Det var ikkje vanleg med eit så påkosta minne, men i Båsundet ville dei vel gi Martha eit fint minne på Kinn, sidan ho fekk leve så kort tid med dei.

Steinen kosta levert i Bergen i 1912 kr. 47.00. Prisen på torsk på Sunnmøre for stor vintertorsk var kr. 0,25 pr stk i 1910. Det er ikkje sikkert at Petter fekk så mykje for raudtorsken i 1912, men lat gå. Steinen kosta 188 store torskar. Men Petter hadde mykje som skulle betalast med fiskane sine, så steinen kom ikkje dit utan at det kosta han så reint lite.(…)

«ansvarlege kan ikkje ha visst»

Ragnar Skorpen sluttar artikkelen sin med å spørja korleis det kunne ha seg at gravminnet over Martha Elisa Pettersdotter Skorpen ikkje blei teke vare på. Han trur det skuldast vankunne.

«Det knyter seg ei serskild hending til gravsteinen over Martha Elisa Pettersdotter Skorpen (i Båsund). Dei som er ansvarlege for at gravminnet hennar vart teke bort, kan ikkje ha visst om dette, elles vil eg tru dei hadde teke vare på gravminnet hennar og handsama gravsteinen hennar med varsemd og vørnad (…). Eller er dette ein av dei steinane som førebels er «sette til sides for å få vurdert eventuell oppsetting»?

Merknad 2016: Historie-kunnskap berga gravminne 1999

I år 2016, som i 1984, er det kommunale kyrkjekontor/fellesråd som forvaltar kyrkjegardane lokalt. Kyrkjegardsvedtektene har føresegner om fredning og sletting. Standard er at graver er automatisk freda ein viss periode etter gravlegging, og kvar grav har ein gravfestar. Deretter kan graver fredast lenger dersom gravfestar ynskjer der, vanlegvis for periode/ar på 10 – 20 år, opp til ei maksimal fredningstid. Lokale kyrkjegardsvedtekter er ikkje likelydande.

Kyrkjegardsforvaltninga kan freda graver ut over den maksimale fredningstida, ut frå fleire slags kriterier. Eit godt døme i høve til gravminnet Martha Elisa Skorpen er ei fredningssak i Stryn i 1999. Fellesrådet omgjorde eit vedtak om å sletta ei grav. Grunngjevinga var at fellesrådet mangla kunnskap om grava/den gravlagde. Det hadde fellesrådet no fått av personar som hadde denne kunnskapen. Grava til menighetssyster Anna M. Skrede (1887-1956) fekk no status: varig verna med fellesrådet som gravfestar. Historie-kunnskap gjorde utslaget.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Firdaposten (Florø), 24.11.1984


Fleire personar Ragnar Skorpen snakka med då han laga artikkelen for Firdaposten.

PERMANENT IDENTIFIKATOR