Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert: 20. april 2017

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

St. Thomasklokkene på Filefjell



St. Thomasklokkkene på Filefjell er namnet på ein av våre mest kjende og kjære slåttar, og ofte blir den nemnd som perla blant lyarslåttane. Spelemenn har gjennom generasjonar forma slåtten på ulike måtar, og i dag finst difor det ei rekkje ulike variantar av slåtten.

Minnestein for den gamle St. Thomaskyrkja som vart riven i 1808.

Minnestein for den gamle St. Thomaskyrkja som vart riven i 1808.

 

St. Thomaskyrkja og klokkene

Den opphavelege St. Thomaskyrkja var ei stavkyrkje på Filefjell, bygd kring 1200, og var vigd til erkebiskopen av Cantebury, Thomas Becket. Under svartedauden på midten av 1300-talet gjekk kyrkja etter alt å døme ut av bruk, og vart på ny teken i bruk først på 1600-talet. I 1808 vart kyrkja riven.

«I Kyrkje-Taarnet henger to skøne Klokker, hvis liige af Klang eg ikkje nogensteds haver hørt, ikke ere de meget store (ti Kirken er i sig self ikke stor), men høres dog langt borte og det med en sær angenem lyd.»
L. Lund i brev til Kirkekstyret i 1847.

I den munnlege tradisjonen er det fleire segn om klokkene til St. Thomaskyrkja, og dei har til felles at dei fortel ei historie om frakting av klokkene, om isen som brast, og om den eine klokka som gjekk gjennom og aldri kom opp att frå botnen av vatnet.

Lyarslåtten «St. Thomasklokkkene på Filefjell»

Dei eldste variantane av lyarslåtten «St. Thomasklokkene på Filefjell» finn vi i områda rundt Filefjell. Her har spelemenn gjennom generasjonar forma slåtten på ulikt vis, og den går også under namna «Smedalslåtten», «Kyrkjeklukkelåtten», i tillegg til fleire variantar av St. Thomas-namet. 

I samband med det vi i folkemusikkhistoria gjerne kallar «konserttida», vart slåtten del av repertoaret til spelemenn frå heile landet. Og vidare vart den bygd ut til å bli ein stor og lang slått forma i samsvar med dåtidas estetiske ideal.

I dag kan vi såleis støte på «St. Thomasklokkene på Filefjell» både med form både som ein eldre lyarslått og eit meir moderne lyrisk tonestykke i programmatisk stil.

Variantar i Sogn

I Sogn er det dokumentert fleire variantar av melodien – både instrumentale og vokale.

Folkemusikksamlarane Arne Bjørndal skreiv ned lyarslåtten etter Per Sandnes («Grevle-Per») frå Lærdal. Sandnes fortalde til Bjørndal at han lærde slåtten av bestefaren og far sin då han var 8-9 år gamal:

«Han bestefar lærde slåtten av ei budeia so heitte Rakel; ho va frå Vang i Valdres; ho hadde høyrt da tå «klokked'n». Den finaste og støsste klokka sokk ne i Vangsmjøsen. Og den minste æ no i Øye i Vang. (…) Då dei sku flytta kyrkjeklokkorne til Vang, va det sett sju gampa fyr lasse med dei makta ikkje å dra dei fram. Men ein liten fillehest drog dei attende til Kyrkjestøyl! – Da va hulded’n so heldt att.»



Det fins også ei rekkje vokale variantar av melodien, og ofte med teksten «Å syster mi budde på Smedalen». Bjørndal har mellom anna skrive ned teksten på ei form frå Årdal:

Å syster mi budde på Smedale,
Å syster mi budde på Smedale,
Litt lengre fram, litt lengre fram,
På Smedale,
På dalen, på dalen,
På Smedale,
Å syster mi budde på Smedale

Dei vokale og instrumentale variantane har fleire felles melodiske tema, og Bjørndal meiner opphavet til slåtten er ein gamal lokk.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Caspari, Theodor. Fra Rauma til Rhinen. Reiseskildringer og kulturbilleder fra gamle dager. Oslo: Nasjonalforlaget, 1933


Caspari, Theodor. Myrmalm. Fra norsk natur og folkeliv. Oslo: Aschehoug, 1932


Hermundstad, Knut. St. Thomaskyrkja på Filefjell. St. Thomaskyrkja boklag, 1966


Jahnsen, Jahn Børe. Pilegrim i Valdres. Oslo: Dreyers forlag, 2007


Christien, Sigrid, Ola Storsletten og Anne Marta Hoff. St. Thomaskirken. Norges kirker.no. Lesedato: 20.04.2017.


Arne Bjørndals Samling. Manuskript og notesamlingane, UiB.

PERMANENT IDENTIFIKATOR