Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 30. desember 2004

Sist oppdatert 28. april 2020

Kategori

Rå-data

1905 - Fråsegn frå vegplannemnd i fylket



I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om den fyrste vegplannemnda i Sogn og Fjordane. Nemnda var ikkje berre oppteken av vegspørsmål.

Vegnemnda som fylkestinget valde i 1905 hadde som oppdrag å laga plan for utbygging av vegar med statstilskot dei nærast 10-15 åra. Dette biletet er frå arbeidet på ein 'veg med statstilskot' kring 1900, på vegen langs Hornindalsvatnet.

Vegnemnda som fylkestinget valde i 1905 hadde som oppdrag å laga plan for utbygging av vegar med statstilskot dei nærast 10-15 åra. Dette biletet er frå arbeidet på ein 'veg med statstilskot' kring 1900, på vegen langs Hornindalsvatnet.

Eigar: Fotohistorisk Arkiv

Datering: Kring 1910.

Fotograf: I. I. Hellebust.

Fjordenes Blad saksa frå Bergens Tidende

Den 14. oktober 1905 hadde Venstre-organet Fjordenes Blad eit stykke om "Nordre Bergenhus amts veikomite". Bladet hadde kome over ei melding i Bergens Tidende om at medlemmene i vegnemnda hadde sendt telegram til Stortinget i ei sak som slett ikkje hadde noko med køyrevegar å gjera. Det galdt unionsoppløysinga; - resultatet av Karlstadforhandlingane og spørsmålet om den framtidige statsforma, - kongedøme eller republikk.

Det går fram av stykket i Fjordenes Blad at det var godt kjende og høgt verdsette menn, "blant amtets mest anseede", som hadde skrive under på telegrammet og at nemnda ikkje berre sende telegrammet på vegner av seg sjølv. Nemnda hadde nyleg vore på reise i "Embeds medfør" og såleis hatt godt høve til å skaffa seg kjennskap til "stemninga" blant folk der dei hadde fare. Det rådde misnøye med Karlstad-semja og det var eit krav at spørsmålet om kongedømme eller republikk måtte avgjerast av "folket i valg."

Uttale

Telegrammet hadde denne ordlyden:

Stortinget
Vi tillader os at udtale den her raadende almindelige beklagelse over forhandlingsresultatet og bestemte forlangende om, at forfatningsspørsmålet afgjøres ved folket i valg.
Aarnes. Trædal. Næss. Bakke. Myklebust.

Kven var dei?

Kven var dei, medlemmene i fylket sin "veikomite" i 1905? Alle fem var bønder, ordførarar og venstremenn. Alle hadde vore stortingsmenn før stortingsperioden 1903-1905.
(Stortingsvalet 1903 var elendig for Venstre. Alle fem representantane frå Sogn og Fjordane var Høgre-folk).

Dei fem av dei mest "anseede i amtet" var:
1) Sigmund Aarnes (1851-1912), bonde, frå Stryn.
2) Lasse Trædal (1857-1924), bonde, frå Brekke.
3) Sjur T. Næss (1852-1938), bonde, frå Luster.
4) David O. Bakke (1857-1935), bonde, frå Fjaler.
5) Jakob J. Myklebust (1851-1922), bonde, frå Breim.

Vegnemnd i 1905 - vegplan i 1906

Fylkestinget valde i 1905 ei nemnd på fem menn som i samarbeid med amtsingeniøren skulle utarbeida ein plan for utbygginga av vegar med statstilskot. Framlegget skulle føreleggjast fylkestinget i 1906.
Nemnda hadde framlegget sitt klart til trykking ved årskiftet. Det vart teke med i dei trykte fylkestingsforhandlingane for 1906.

Vegnemnda fylkestinget valde i 1905, var den fyrste vegplannemnda i fylket.

kjelder:

Øvre-Eide, Rasmus: Stortingsval og stortingsmenn i Sogn og Fjordane 1814-1970. 1973.


Nordre Bergenhus Amtsthingsforhandlinger i Aaret 1905. 1905.


Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. 1958.


Fjordenes Blad. 14.10.1905.

PERMANENT IDENTIFIKATOR