Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 21. november 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Lausmansjettar og pulsvantar frå Nordfjord



Nokre plagg endrar seg gjennom historia mens andre går ut av bruk. Eit plagg som ikkje lenger er i vanleg bruk, er lausmansjettar eller pulsvantar til å setje utanpå ermliningane på skjorta. I Nordfjord Folkemuseum si samling er det fleire slike plagg. Korleis og når vart dei brukt, kva vert dei kalla, korleis er dei laga, kva er dei laga av og når tid er dei i frå?

Dette er truleg den eldste lausmansjetten i NFM si samling. Han er sydd saman av tre delar, kanskje bitar frå plagg som har vore utslitne? Han er i raud ull, har fint linfòr og massinghekter til lukking. Til pynt er sydd på metallband, broderi og ullfrynser i grønt, gult, kvitt og blått. Dette er typisk for den eldste typen av lausmansjettar, og denne kan vere i frå 1700-talet (NFM.1988-00029).

Dette er truleg den eldste lausmansjetten i NFM si samling. Han er sydd saman av tre delar, kanskje bitar frå plagg som har vore utslitne? Han er i raud ull, har fint linfòr og massinghekter til lukking. Til pynt er sydd på metallband, broderi og ullfrynser i grønt, gult, kvitt og blått. Dette er typisk for den eldste typen av lausmansjettar, og denne kan vere i frå 1700-talet (NFM.1988-00029).

Eigar: Nordfjord Folkemuseum

Datering: 2007

Fotograf: Nordfjord Folkemuseum

Ulike typar
Plagga til å ha utanpå ermliningane er strikka, broderte på stramei eller hekla. Dei kan også vere sydde av kvitt eller farga stoff. Dei strikka er heile ringar til å træ inn over handa. Dei broderte, sydde eller hekla vart hekta eller knept saman rundt ermlininga.

Mange nemningar
Nemningane på dei ulike typane er mange og med mange lokale variantar. Det er ikkje eintydig kva som vart nytta som nemning på kva. «Førermar», «handlining», «lining», «handling», «handring», «armring, «handkrage», «småerme», «ermkrage», «vevling» har vore brukt rundt om i landet. Frå Gloppen i Nordfjord ser det ut til at nemninga «vevling» kan ha vore brukt om alle typane: I følgje Maria Ryssdal var vevlingane «spøta eller sydde på stramei. Dei kunne også vere sydde av ty, kvitt eller farga med broderi på». I Nordfjord har nemningar som «verlonga», «ermlinga», «naste» og «pulsvantar» også vore brukt, skriv Maria Ryssdal. Vi skal her bruke nemningane «pulsvante» om dei rundstrikka og lausmansjett om typen som vert hekta eller knappa saman.

Pulsvantar
Dei strikka pulsvantane på museet er i tynt ullgarn med perler strikka inn på tråden. Dei ser ut til å vere strikka i eitt stykke der kortendane er sydde saman, slik at det vert ein ring. Dei fleste av dei vi har på museet, er svarte. Perlene er trædd på tråden og strikka inn slik at dei lagar ulike mønster, med sikksakkbord som det vanligaste. Perlene er kvite, svarte, blanke, blå, burgunder eller lilla. Slike strikka pulsvantar skal ikkje ha vore påvirka av lokal draktskikk, og er difor ganske like over heile landet.

Til pynt for både kvinner, menn og barn
Pulsvantar og lausmansjettar vart brukte både av menn, kvinner og barn på same måten. Dei vart brukt i kyrkja og elles når folk skulle vere litt meir pynta enn vanleg og skjulte nok ofte slitne ermliningar på godt brukte skjorter. Ein annan nytteverdi var sjølvsagt at dei varma. Ingebjørg Gravjord skriv i «Votten i norsk tradisjon» at dei gamle heldt det for viktig å vere varm rundt handledda.

Kva tid er dei i frå?
Ågot Noss skriv at det kan sjå ut som at «førermar» eller «handringar», som ho kallar det, har vore nytta berre ein kortare periode. Det er mogeleg at dette var ein mote som oppstod i siste del av 1800-talet og heldt seg til om lag 1920-30-åra, skriv Noss. Dette kan vere rett for dei fleste av lausmansjettane og pulsvarmarane på Nordfjord Folkemuseum.
Om vi tar utgangspunkt i kva materialar og fargar som har vore brukt, kjem vi også fram til same tidfesting: Bomullsstoff var ikkje i vanleg bruk før ut på 1800-talet. Før det vart gjerne lin brukt i til dømes fôr. På slutten av 1800-talet kom nye, sterke fargar som lilla, cerisraud og sterke grøne og gule fargar på importert ullgarn. Ut i frå desse opplysingane er dei broderte og hekla lausmansjettane i NFM si samling, frå slutten av 1800-talet eller seinare, ettersom dei har sterke raude, grøne og lilla fargar. Ein av lausmansjettane er eldre. Det er den sydde lausmansjetten på det store biletet. Denne er i raud ull med linfôr og ullfrynsar, materialar og fargar som er brukt har vore i bruk lenge, og det kan vere at lausmansjetten er heilt i frå 1700-talet.

kjelder:

Fossnes, Heidi 2003, Håndplagg til bunader og folkedrakter,N.W.Damm og søn, Danmark.
Gravjord, Ingebjørg 1986, Votten i norsk tradisjon,Landbruksforlaget A/S, Helsingborg.
Noss, Aagot 1992, Nærbilete av ein draktskikk. Frå dåsaklede til bunad, Universitetsforlaget AS, Oslo.
Noss, Aagot 2005, Jølster og den gamle klesskikken, Novus Forlag, Oslo.
Ryssdal, Marie 1979, Husflid og handarbeid i tida ca.1850-1940,Særtrykk av «Soga om Gloppen og Breim», Sandane.

PERMANENT IDENTIFIKATOR