Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 24. juni 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Kyrkjegarden på Svanøy



Kyrkjegarden på Svanøy ligg attmed hovudgarden. Dei eldste gravminna er frå 1800-talet. Ein steinkross med runeinnskrift kan ha vorte sett opp for kring tusen sidan. Seinare fylgde to kyrkjer, den siste vart riven i 1872. Staden er såleis både ein svært gamal kyrkjestad og kyrkjegard.

Kyrkjegarden på Svanøy er omlag 35 x 35 meter og innhegna med natursteinmur. Oppå er støypt ein fot for eit halvmeters høgt flettverksgjerde. Klokketårnet står i det søraustre hjørnet. Olavskrossen står midt på kyrkjegarden i aust (øvste toppen synleg over betongfoten).

Kyrkjegarden på Svanøy er omlag 35 x 35 meter og innhegna med natursteinmur. Oppå er støypt ein fot for eit halvmeters høgt flettverksgjerde. Klokketårnet står i det søraustre hjørnet. Olavskrossen står midt på kyrkjegarden i aust (øvste toppen synleg over betongfoten).

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2004

Fotograf: Hermund Kleppa

Namn og gravminne
Ved kyrkjegardsporten er sett opp eit treskilt med påskrifta:
OLAVSKROSSEN * Natur og kultursti

Olavskrossen er ein stoppestad, ein attraksjon, i den merka natur- og kulturstien på øya. Vegen frå skiltet går gjennom ein smijernsport, til motsett side av kyrkjegarden. Ved kyrkjegardsmuren står ei informasjonstavle om steinkrossen.

Men her er meir å sjå og leggja merke til på kyrkjegarden, enn Olavskrossen: gravene som ligg i rad og rekkje, gamle og nyare,
av fleire slag material - smijarn, bearbeidd stein og naturstein,
av ulik form og farge,
namn, datoar og årstal og på somme litt meir, innskrifter som er lette å lesa, andre tilgrodde og vanskelege å finna ut av.

Augo fell på namna, dei som fekk si grav her, førenamn og etternamn, og titlar på einskilde:
Svanøe, Helling, Helmers, Styker, Lystad, Valvik, Tveit, Tyvoll, Ulleland, Svortevik, Kvalstad, Holthe. Dei fleste vitnar om innflytting, folk som kom hit, busette seg her eller budde her, døydde og vart gravlagde.

Dei eldste gravminna - avspeglar skilnad på folk
Dei eldste gravminna er laga av smijern med karmar, "kistelok" og kross. Dei avspeglar skilnad på folk. Folk fleste hadde ikkje råd til så kostbare gravminne. Gravminne på kvar manns grav vart heller ikkje vanleg før eit stykke inn på 1900-talet. Frå gamalt vart gravene til dei mindre velståande i beste fall markerte med små steinar med bokstavar og årstal. Og gravene vart nytta om att og om att, på Svanøy som andre stader. For å få plass til nye graver var det lenge også ordna ved at ein fylte på jord i staden for å utvida arealet.
På denne måten vart det til at berre dei største og mest påkosta gravminna "overlevde". Slik også på Svanøy. Dei to eldste gravminna står på gravene til fyrste generasjon av Svanøyslekta, Ole Torjussen Svanøe og kona Kjersti Amundsdotter, fødd Korsbøen.

Om kyrkjegarden i møtebøker
Historiske opplysningar om kyrkjegardane finst i fleire offentlege arkiv:
Stiftsdireksjonsarkivet, prestearkivet, kyrkjesoknet sitt arkiv, det kyrkjelege fellesrådet sitt arkiv, og kommunearkivet. Me tek her med eit døme i møteboka for kommunestyret i Kinn på saker vedkomande kyrkjegarden på Svanøy.

Kyrkjegarden er no tilnærma jamn. Slik var det ikkje etter at kyrkja vart riven i 1872. Då låg kyrkjetufta att som eit søkk, som dei året etter gjorde noko med. Dei fylte på med jord og tok på denne måten sjølve kyrkjetufta i bruk til graver. I møteboka til kommunestyret står innført under sak 23, 16. oktober 1873:
"Chr. Svanø oplyste, at den Del af Svanø Kirkegaard hvorpaa Kirken stod, tiltrænger Paafyldning. I Anledning heraf besluttedes: Chr. Svanø paatog sig mod en Godtgjørelse af 60 - sexti - Spd [spesidalar] at paafylde omhandlede Kirkegaard gjennemsnittlig 1 alen høit, hvilket Anbud antoges eenstemmig."

kjelder:

Kyrkjegarden på Svanøy, besøk 2004.
Kommunearkivet i Flora. Kinn kommune, formannskapet, møtebok 1864-1895.

PERMANENT IDENTIFIKATOR