Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 14. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Tronvik psykiatriske behandlingsheim



Sogn og Fjordane hadde i mange år lege langt etter dei fleste fylke når det gjaldt sinnssjukeomsorga. Dei sjukaste vart plassert på Neevengaarden Asyl i Bergen, eller på andre institusjonar utanfor fylket. Dei andre vart sette bort på gardar eller bruk der dei kunne ha ein heim og gjera nytte for seg. Men etter krigen tok det offentlege helsestellet for alvor til å arbeida med saka.

Utsikt over Kyrkjebøstrondi med Tronvik psykiatriske behandlingsheim.

Utsikt over Kyrkjebøstrondi med Tronvik psykiatriske behandlingsheim.

Eigar: Tronvik psykiatriske behandlingsheim.

Datering: Ca. 2000.

Fotograf: Ukjend.

Til spott og spe

Dei lettare sinnssjuke vart lett sett på som "raringar", og som bortsette hadde dei det ikkje alltid godt. For mange var livet arbeid, slit og få gleder. Folka dei budde hjå, var oftast snille og prøvde å gjera sitt beste, men det vart nok ofte så ymse med stell av klede og mat. Tilskota frå det offentlege var snaue og rakk ikkje så langt. Ute på bygda vart dei sinnssjuke ofte apa med og gjekk til spott og spe.

Etterkrigstida - nytt syn på menneskeverd

Fylkeslækjar Blaauw og administrasjonen hans tok til å arbeide med saka, og i 1949 festa dei seg ved den svenske modellen som vart kalla "Vårdhem". Overlækjaren i psykiatri Lohne-Knudsen var også ei eldsjel, og i 1950 tok dei ein studietur til Sverige og la fram sine synspunkt for fylkestinget i Balestrand same året. Fylkestinget tende på idéen, og 2 millionar vart løyvde med det same.

Så tok den seige kvardagen til med val av plannemd, arkitekt og byggjetomt. Eigedommen Tronvik var til sals, og den fekk dei kjøpt, men byggjeløyve drog det ut med. Fyrst laurdag 22. april 1956 kunne Tronvik fylkessjukeheim opnast med plass for 86 pasientar og fem i ventestasjonen.

Bilete av ei daglegstove på Tronvik.

Meiningsfylt tilvære med arbeidsterapi, godt stell og triveleg fritid

Synet på behandling av sinnslidingar har endra seg mykje opp gjennom mannsaldrane, men at arbeidsterapi er bra har det alltid vore semje om. På Tronvik sette dei straks i gang med bryting av jord, dyrking av alle slags vekstar som poteter og grønsaker. Dei fekk seg til bærhage og frukttre, og den solrike tomta lava av blomar og prydbusker alle stader, kvar ein såg, og borte på jordet lyste det vent av tusen blå blomar i linåkeren.

Bilete av arbeidsterapi på Tronvik.

Inne er det arbeidsstover av fleire slag for snikkering, veving, sying og alt som med nål og tråd kan gjerast. Det er ein heim i verkeleg forstand, både for pasientane og dei tilsette. I underetasjen er det kjøken, vaskeri og tøylager, og alle dei romma som ein slik institusjon treng. I dette fyrste byggjetrinnet vart det også oppført ein funksjonærbustad for 18 personar.

Bilete av kjøkenet på Tronvik.

Menneskeverd og trivsel

Både gamle og unge pasientar viste rimeleg snart betring i både helse og humør då dei kom til Tronvik. Dei vart sett i meiningsfylt arbeid som dei kunne klare, og fekk tilsyn og hjelp for sine handikap. Mange, både klientar og tilsette, kom dit som unge. Båe partar trivdest og vart verande, og tida gjekk. Nesten umerkeleg. Men ein dag var dei pensjonistar, for i skrivande stund er det 45 år sidan Tronvik fylkessjukeheim åpna sine dører. På desse åra har mykje skjedd. Det vart utbygging og utviding, og i 1960- og 1970-åra var det 170-180 pasientar til ei kvar tid.

Bilete av folk ute på tur.

Nye behandlingsmetodar

For 15 år sidan vart det endringar i opplegget. Behandlinga skulle intensiverast og liggjetida kortast inn. Pasienttalet vart trappa ned frå 170 til i dag ca. 30. No vert institusjonen driven etter dei mest moderne prinsipp. Men med den korte liggjetida er også tilbakefallet stort. Det er eit vanskeleg yrke å behandle sinnet til sine medmenneske. Og mange er dei som har erfart den gamle sanninga i det psykiske arbeidet "at ord kan såre meir enn kirurgens kniv."

Bilete av folk uti hagen på Tronvik.

Ny organisering av helsesektoren

I 1994 vart det gjort ein del organisatoriske endringar i helsesektoren i fylket. Dette medførte at Tronvik miste ordninga med eigen tilsynslege, eller psykiater, og vart underlagt Psykiatrisk klinikk i Førde. Administrativt og økonomisk var Tronvik framleis ein sjølvstendig institusjon. Namnet vart endra frå Fylkessjukeheimen Tronvik til Tronvik psykiatriske behandlingsheim.

I januar 2002 vart Tronvik slegen saman med Psykiatrisk klinikk i Førde, både administrativt og fagleg. Det vart felles leiing for heile den nydanna institusjonen, med avdelingssjefen i Førde som leiar. Tronvik psykiatriske behandlingsheim vart no til Psykiatrisk klinikk, avdeling Tronvik. Samstundes vart sjukehusa overført frå fylkeskommunalt til statleg eigarskap. Tronvik vart såleis ein del av foretaket Helse Førde HF.

Bilete av ei varmekompostbinge som vert produsert på Tronvik.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Artiklar i Sogn Dagblad:
Ymse rapportar og informasjon vedk. institusjonen.
Psykiatrisk klinikk, avdeling Tronvik, Helse Førde HF:
Historikk.

PERMANENT IDENTIFIKATOR