Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 13. juni 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Elektrisk lys inn i heimane



Tidleg på 1900-talet byrja folk i Nordfjord og Norge så smått å få innlagt elektrisk straum i husa sine. I byrjinga vart straumen brukt berre til elektrisk lys.

Interiør frå «Moritsstova» frå Gnr. 012 Rygg i Gloppen kommune som no står på Nordfjord Folkemuseum. Huset var bygd i 1861, men var i bruk som bustadhus fram til 1938. Den nakne lyspæra er den einaste elektriske installasjonen i huset.

Interiør frå «Moritsstova» frå Gnr. 012 Rygg i Gloppen kommune som no står på Nordfjord Folkemuseum. Huset var bygd i 1861, men var i bruk som bustadhus fram til 1938. Den nakne lyspæra er den einaste elektriske installasjonen i huset.

Eigar: Nordfjord Folkemuseum

Datering: 2007

Fotograf: Nordfjord Folkemuseum

Det elektriske lyset
Dei fleste har lært at det første elektriske lyset vart funne opp i 1879 av Thomas A. Edison. Denne oppfinninga var av kulltrådlampa. I 1910 kom metalltrådlampa med glødetråd av wolfram som gav meir lys. Det elektriske lyset avløyste parafinlampa som frå siste halvdelen av 1800-talet hadde vore den rådande lyskjelda. Parafinlampa kravde meir arbeid, var meir brannfarleg og ho gav dårleg inneluft frå avgassar som lukta og forureina. Elektrisk lys kravde berre, ja, elektrisitet. Men det var ikkje berre berre...

Inga pangstart
Det var ikkje slik at når lysepæra var funne opp og elektrisitetsverka i gang med produksjonen av straum, så, -vips-, fekk alle hus straum. I byrjinga var det berre hus i nærleiken av kraftverka som fekk. Det var av di det var begrensa mogelegheiter til å overføre straum i elektrisitetens «barndom». I Nordfjord fekk dei første private husa straum i 1909. Det var typisk nok dei husa som låg i nærleiken av kraftprodusenten Evebøfoss på Sandane. Dei fleste måtte vente lenger, og nokre måtte vente mykje lenger: Dei siste gardane i Sogn og Fjordane fekk ikkje straum før i 1970.

Mykje sterkare lys
Men når ein no fekk elektrisk lys i hus, kva vart annleist? Før parafinlampa var truleg sterkaste lyskjeldane dagslys og lys frå open eldstad. Dagslys fekk ein frå ljoren i taket og (frå kring 1700) i frå vindauga. Andre lyskjelder som vokslys, talglys og ulike tranlamper gav svakt lys. Slike lyskjelder kunne produsere omlag 0,1 watt. Ei parafinlampe gav litt meir lys, omlag 0,25 watt. Når ei vanleg glødelampe gjev 6-14 watt, skjønar vi at det elektriske lyset rett og slett gjorde det mykje lysare enn før!

Mykje meir lys
I byrjinga var det berre tale om ei enkelt lyspære i kvart rom. Etterkvart som tilgjenge på straum auka og vart billegare, vart det fleire lyspunkt i stovene. Ikkje berre eit rom fekk lys, men alle romma i huset fekk lys samstundes. Dette var ei stor endring frå tidlegare. Før glødelampa samla folk seg rundt eit enkelt og relativt svakt lyspunkt, mens resten av rommet og dei andre romma i huset kanskje låg i mørkre. Med elektrisk lys forsvann skuggane i krokane, samlinga rundt lampa og det svake innelyset. Det vart mykje meir lys og det vart lys når ein ville.

Livsrytmen og dagslyset
Det gjekk føre seg ein «langsom revolusjon» i folk sitt levevis som fylgje av det elektriske lyset. Livsrytmen var tidlegare stilt inn på det naturlege lyset ute. Det var viktig å bruke lyset når det var der, både inne og ute. Når det var mørkt ute, samla ein seg rundt dei svake lyskjeldane inne med arbeid som høvde. Med det elektriske lyset vart folk mindre avhengig av det naturlege lyset ute enn før. Ein kunne vere lenger oppe om kvelden og fleire aktivtetar kunne gjerast innomhus uavhengig av dagslyset. Om det var dag, natt, sommar eller vinter var ikkje like styrande for livsrytmen som tidlegare.

Skumringstimen som forsvann
Noko fekk ein, men det var også noko ein måtte gje slepp på: I «førelektrisk» tid var «skumringstida» den tida på døgeret der det enno var for lyst til å tenne parafinlampa, men for mørkt til å arbeide. Dette var ei roleg og koseleg kvile- og hyggjestund for folk der arbeidet fekk liggje. Når det elektriske lyset kom og vart billeg nok, kunne ein i prinsippet arbeide inne til kva tid ein ville og denne stille stunda forsvann

kjelder:

Garnert, Jan: Andan i lampan. Etnologiska perspektiv på ljus och mörker,Carlsson Bokförlag. Borås 1993 .
Garnert, Jan: Tidernas ljus. En historia om ljus och mörker. Svenska kraftverksöreningen. Stockholm 1995.
Grytli, Eir og Støa, Eli: Fra årestue til smarthus. Teknologien omformer boligen,Norsk arkitekturforlag. Oslo 1998.
Nordstrand, Leiv:Lys og kraft til bygdens behov. Kraftforsyninga i Sogn og Fjordane 1893-1993,Utg. Sogn og Fjordane energiverk. Stavanger 1993.
Standal, Ragnar og Sørensen, Bjarne: Lys og lysstell gjennom tiden,. Emnehefte nr.3. Eit undevisningsopplegg utarbeidd ved Nordfjord Folkemuseum, Sandane 1984.
Red. Bing, Morten og Johnsen Espen: Bomiljøer i mellomkrigstiden, Norsk Folkemuseum 1998.
Eikum, Ole Schanke, 2004: Vasskraft til elektrisk energi i 100 år. Kraftutbygging og energiforbruk på 1900-talet i Sogn og Fjordane, I Årbok for Nordfjord, Sandane 2004.
Johnsen, Arne: Elektrisitet til hjem og gård. Elektrifiseringa av norske husholdninger og gårdsbruk fra 1920-1970 med fokus på Stavangerområdet. Hovedfagsoppgave i historie. UiB 1996.
Tomasgard, Paul O.: Vasskraft og kulturhistorie, I Årbok for Nordfjord. Sandane 2004.

PERMANENT IDENTIFIKATOR