Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 30. mai 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Handel og gjestgiveri i Øvre Årdal



Lengst inne i Sogn, ved Årdalsvatnet og med Jotunheimen like bak, ligg industristaden Øvre Årdal. Staden er den største tettstaden i Årdal kommune og er dominert av Hydro Aluminium sine fabrikkbygningar. På Farnes ligg dei fleste butikkane og handelsverksemdene, men ein finn også nokre på Ve-sida.

Rønneistova vart fyrst brukt til handel på 1700-talet og vart også nytta då handelen vart teken opp att etter ein pause på 115 år. Sjur A. Øren starta handelsverksemda si her i 1865. 100 år seinare vart stova riven.

Rønneistova vart fyrst brukt til handel på 1700-talet og vart også nytta då handelen vart teken opp att etter ein pause på 115 år. Sjur A. Øren starta handelsverksemda si her i 1865. 100 år seinare vart stova riven.

Eigar: Årdal historielag.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Peder Rønnei

Då koparverket starta opp i Øvre Årdal, var det nokre som byrja med kremmarhandel og gjestgiveri. Med bergverksdrifta kom det ein del nye folk til bygda. Peder Andersson Rønnei var den fyrste handelsmannen og gjestgjevaren på Farnes. Han var fødd om lag 1674 og var av såkalla godt folk. Bestefaren var futen Christen Anderssen av Heiberg-ætta, og faren var stor jordeigar på Rånnøy i Luster. I 1710 kom Rønnei til Farnes og starta med krambu og gjestgiveri. Året etter hadde han sett seg opp nytt stovehus, dette måtte han snart etter pantsetje. Noko særleg lønsam vart nok ikkje verksemda til Peder Rønnei. Men han eigde ei tid ein part i garden Nundal. I 1739 døydde Peder Rønnei.
Vilken Pedersen, son til Peder Rønnei, heldt fram med krambua og gjestgiveriet som faren hadde starta på Farnes. Men han gav opp etter ei tid, kring 1750, og kjøpte seg ein part i garden Hestetun. Det skulle no gå 115 år før det på nytt vart drive handel på Farnes.

Ola S. Øren Ass. handel

Kring 1865 byrja Sjur Andersson Øren med landhandel i den gamle Rønneistova til Vilken Rønnei i Øyragarden. Tunet til dei to bruka på garden Øyri var sentrum og samlingsstad på Farnes. Med landhandel i Rønneistova vart dette eit sentrum for grendene ovanfor Årdalsvatnet. I 1908 overlet Sjur Øren drifta av landhandelen til sonen Ola. Han heldt fram med butikk i Rønneistova fram til 1927. Då kjøpte han eit meir moderne forretningsbygg i Farneshagen, Storevegen 26, og flytta butikken dit. Då Ola Øren døydde tok sønene hans over forretninga som dei gav namnet Ola S. Ørens Sønner AS, med Olav O. Øren som styrar.

Ths. A. Vettis Eftf.

Ein annan som byrja med litt handel var Eirik Holset. Han løyste aldri handelsbrev, men dreiv handelen sin på Endregarden heilt til han var ein gammal mann.
Men det var fyrst når ein var komen nokre år inn i det nye århundret at fleire byrja med handelsverksemd på Farnes. I 1907 løyste Tomas A. Vetti handelsbrev, men han hadde byrja med handel i eit stabbur på Øyragarden alt i 1898. I 1918 flytta han inn i nytt forretningsbygg i Farneshagen, Storevegen 28. Sønene Thorvald og Bartolv Vetti tok over drifta av forretninga etter faren, og gav den namnet Ths. A. Vettis Eftf. Butikklokala i Storevegen 28 vart snart for små og brørne sette opp eit stort tilbygg.

Offerdals landhandel

Kristian Offerdal byrja i 1909 med landhandel i Storevegen 75. Han døydde berre to år seinare og landhandelen vart driven vidare av syster hans, Andrina. I 1914 flytta Offerdals landhandel inn i rommelege lokale i Farneshagen. Andrina Offerdal dreiv landhandelen til 1946, då overtok brorsonen Ingvald Offerdal. Verksemda omfatta detaljomsetting av kolonialvarer, feitevarer, steintøy, jernvarer, papir og kortevarer, konfeksjon, manufaktur og sportsartiklar. I tillegg ein del husflidsartiklar, syklar, Jøtul-omnar og kjøleskåp.
Ingvald Offerdal dreiv landhandelen fram til 1969 då han flytta til Balestrand. Forretninga i Årdal vart lagt ned.

Samvirkelaget

Frå om lag 1910 og framover til 1930 kom det ei rekkje nyskipingar. Nokre av desse vart svært kortvarige, medan andre har halde fram drifta til våre dagar. Særleg i perioden med utbygginga av Tyinfalla kom det mange nye butikkar. I tillegg til landhandlarar kom det også forretningar som berre dreiv med manufakturhandel, og andre spesialforretningar.
I 1928 vart Øvre Årdal Samvirkelag skipa med ein startkapital på 10 200 kr. Den fyrste styraren for samvirkelaget var Martin Wigum. I fyrstninga dreiv laget i leigde lokale, men i 1937 flytta dei inn i eige forretningsbygg med grunnflate på om lag 275 m². I 1951 bygde dei enno eit nybygg - med grunnflate på 330 m². Alt tidleg på 1950-talet la daglegvareavdelinga om til sjølvbetjening og var dermed ein av dei fyrste butikkane i Sogn og Fjordane med denne ordninga. Øvre Årdal Samvirkelag slo seg seinare saman med Nedre Årdal Samvirkelag. I 2000 vart samvirkelaga i Årdal ein del av COOP Indre Vestland, som er ei samanslåing av fleire samvirkelag i indre Sogn og Nordhordland.

Gjestgjeveria

I Øvre Årdal skal det ha vore i alt fire hotell, ikkje alle har vore i drift samstundes.
Aardal Hotell vart starta om lag 1920. Valdresmannen Hegge kjøpte tomteland i Øvre Årdal og bygde hotellet. Det vart i fyrstninga drive av dottera hans under namnet "Hegges Hotell". Hotellet hadde kring 25 senger. Jørgen Hæreid kjøpte hotellet kring 1940. I dag held Årdalsstova til i det gamle hotellbygget.
Farnes Hotell vart også starta kring 1920. Synnøve Midtun stod bak drifta frå starten. Hotellet hadde kring 20 senger, og vart drive til om lag 1950 av Synnøve sine døtre Emma og Anna Midtun. Bygningen stod til slutten av 1990-åra, då vart han riven.
Vee Hotell vart drive av Olav Ørbech Vee ei kort tid på 1920-talet på garden Ve. Etter å ha selt fallrettar i Tya og store tomteareal til Tyinfaldene, bygde faren Ola eit tre-etasjes hus på garden. Her heldt Vee Hotell til og kunne ta imot vel 10 gjester.
Sitla hotell ligg like ved porten til aluminiumsverket i Øvre Årdal. Opphavleg var denne bygningen Årdal Gjesteheim. Gjesteheimen vart starta av Sogn Indremisjon i 1962. Bygningen vart i 1991 kjøpt av Klingenberg Hotell, som starta Sitla Hotell. Hotellet har 25 senger. Namnet kjem av at hotellet ligg ved elva Sitla.

Industrialisering

I tida etter andre verdskrigen utvikla Øvre Årdal seg til ein industristad. Årdal og Sunndal Verk AS vart skipa 27. juni 1946 og drifta kom i gang i januar 1948. Med dette steig folketalet kraftig og fleire folk treng fleire varer. Dei eksisterande forretningane kunne utvida og det vart både rom og trong for fleire. Ikkje minst vart det starta fleire spesialforretningar. Her kom det urmakarforretning, møbelforretning, jernvareforretning, sportsforretning, fleire konfeksjons-, manufaktur- og skoforretningar, butikk som selde elektriske artiklar og frisørsalong. Etter kvart kunne ein få kjøpt det meste ein hadde trong for i Øvre Årdal.
I dag har Øvre Årdal framleis eit vidt spekter av forretningar, men også her merkar ein konkurransen frå dei større handelssentra i distriktet. Det er likevel å vona at ein får behalda eit visst utval av forretningar, slik at staden også i framtida kan tilby innbyggjarane dei varene dei treng. Dei siste åra har folketalet gått ned i Årdal kommune. Dette påverkar sjølvsagt forretningsstanden - ferre kundar og mindre omsetnad.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Ve, Søren m.fl.: Bygdebok for Årdal, natur og næringsliv, band I. Årdal Sogelag. Bergen 1971.
Sætherskar, Johs.: Det norske Næringsliv - Sogn og Fjordane Fylkesleksikon. Det norske Næringslivs Forlag. Bergen 1953.

PERMANENT IDENTIFIKATOR