Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Vangen kyrkje



Vangen kyrkje er ei langkyrkje i stein som står på Aurlandsvangen. Kyrkja, som er i tidleg gotisk stil, er truleg bygd i to omgangar på 1200-talet. Kyrkja vart restaurert både i 1861-1862 og i 1926. Vangen kyrkje er soknekyrkje for Vangen sokn og hovudkyrkje i Aurland prestegjeld.

Vangen kyrkje i Aurland er det næraste ein kjem ein katedral i Sogn og Fjordane. Høgreist og vakker står ho midt på Vangen mellom mektige fjell. Det er med god grunn at kyrkja går under namnet Sognedomen.

Vangen kyrkje i Aurland er det næraste ein kjem ein katedral i Sogn og Fjordane. Høgreist og vakker står ho midt på Vangen mellom mektige fjell. Det er med god grunn at kyrkja går under namnet Sognedomen.

Eigar: Aurland kyrkjekontor.

Datering: 2002.

Fotograf: Bjarne Aagaard.

Bygd på 1200-talet

Kyrkjestaden er på den flate elvesletta der bygdesenteret Aurlandsvangen ligg. Den eldste historia til Vangskyrkja er uklår, og ho er ikkje nemnd i skriftlege kjelder før i 1498. Kyrkja er ikkje nemnd i Bjørgvin Kalvskinn frå 1300-talet. I Aurland var det då stavkyrkja på Rygg som var soknekyrkje. I eit skinnbrev, som vart funne i det gamle alteret, stod det at grunnsteinen til Vangskyrkja vart lagd 2. mai 1202. Skinnbrevet gjekk diverre tapt etter restaureringa i 1861-62. Lokalhistorikar Anders Ohnstad peikar på at kong Sverre, som hadde sterke band til Aurland, døydde i mars 1202, og at det kan ha vore han som har gjeve påbod om å byggje ei steinkyrkje på Vangen.

Byggjemåten og den tidleg gotiske stilen i Vangskyrkja, peikar mot ei datering seint på 1200-talet. Det er m.a. mange parallellar til ei anna "Vangskyrkje", nemleg på Vossevangen, som stod ferdig i 1277. Sørportalane i dei to kyrkjene er slåande like, begge kyrkjene har tre vindauge i austveggen i koret, noko som er sjeldan, og byggjemåten elles er mykje lik. Kan hende er kyrkjene bygde av dei same handverkarane, meiner Leif Anker, som daterer Vangskyrkja i Aurland til siste halvdel av 1200-talet.

Kvitkalka steinkyrkje

Vangen kyrkje er den største av dei sju steinkyrkjene i fylket. Koret åleine er større enn heile stavkyrkja i Undredal. Forskarane trur at kyrkja er bygd i to omgangar, der koret fyrst var kyrkjeskip. Den eldste delen av kyrkja kan vere frå fyrste halvdel av 1200-talet. Mot slutten av 1200-talet vart kyrkja påbygd mot vest med eit stort skip, ferdig kring 1300.

Sjølve kyrkjebygningen er enkel, solid og imponerande. Veggene er bygde av kistemur, med kleberstein i alle hjørne og opningar. Muren er kvitkalka og 1,3-1,6 m tjukk, og 6 m høg både i skip og kor. Taket er like høgt på skip og kor, og der er ikkje tårn, men i staden ein frittståande stopul. Alle portalar er spissboga: ein dørportal i vest og to mot sør, og til saman fem originale vindauge, tre i austveggen i koret, eitt i vest- og eitt i nordveggen i skipet. I tillegg er det to store, rundboga vindauge i skip og kor som er nyare utviding av eldre vindauge. Portalen i sørveggen er rikast dekorert, medan portalane i skipet er langt enklare.

Interiøret

Mot vest stod det tidlegare eit våpenhus i tre, men det vart rive i 1926. Når ein går inn vestportalen, kjem ein rett inn i skipet under galleriet, som det er oppgang til på begge sider. Kyrkja hadde tidlegare galleri både på nord- og vestsida av skipet. Rett t.v. for inngangen legg ein fyrst merke til det fastmura vigslevasskaret. Her vaska kyrkjefolket hendene sine før dei gjekk inn i kyrkja. Kyrkjerommet er storslage, med heile 18 m opp i gavlen.

Innvendig er den 10 m høge korbogen eineståande i Norge. I denne korbogen har det stått eit lektorium, med oppgang inne i muren. Trappa i muren er no attmura. I korbogen og nord- og sørveggene ser ein restar av bjelkar i ulike nivå. Dei nedste bjelkane kan ha halde lektoriet i korbogen og dei øvste eit flatt tak. Kyrkja skal opphavleg ha hatt flatt tak innvendig, både i skip og kor, men taket vart fjerna ved restaureringa i 1926. Den høge korbogen kan ha vore lågare før, og passa under eit flatt tak. Dei to grove vindauga utan kleberinnramming, øvst i austveggen på skipet, peikar også mot at kyrkja har hatt eit loft.

I koret er det tre vindauge side om side i austveggen, dei er eit typiske trekk ved tidleg gotikk. Her er det sett inn nyare glasmåleri, laga av Emmanuel Vigeland, som kjem betre til sin rett med den låge altartavla frå 1926, i motsetnad til det store, gamle alterbiletet som fram til 1926 dekka ein del av lyset frå dei tre vindauga.

Minnetavle

Minnetavla over kjøpmann Niels Michelsen frå Bergen, er eit eineståande døme på korleis ei slik tavle også kunne brukast som appell om hemn. Michelsen drukna den 23. oktober 1613 under ei handelsferd og vart gravlagd ved Vangen kyrkje. Teksten på tavla fortel at ho er sett opp av enkja, Trine Henricksdatter, og held fram med eit sitat frå Salme 109,1-22, ei hemnsalme. Enkja godtok ikkje dette som ei vanleg drukningsulukke. Motivet på minnetavla er måla av T. Gunnarson og framstiller eit langt, vilt kvinneskrik over eit uhemna drap, uttrykt i form av ei from minnetavle til pryd for kyrkja og til Guds ære. Det er ein appell til Gud, den evige dommar, festa til veggen i det heilage huset, som ei anklage som møtte den eventuelle drapsmannen kvar gong han kom til kyrkje: Lat forbanning råka han sjølv! (Salme 109,17).

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaraas, Margrethe Henden m.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane - 2. Sogn. Selja Forlag. Førde 2000.
Ohnstad, Anders: Vangen kyrkje: Vangskyrkja i Aurland: kyrkje og kristenliv. Aurland 1983.

PERMANENT IDENTIFIKATOR