Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Den Trondhjemske postvei - frå Utvik til Sunnmøre



Postruta mellom Faleide i Stryn og Hellesylt på Sunnmøre starta i 1786. I byrjinga følgde postførarane gamle trakk, men også her vart det bygd ein samanhengjande veg i perioden 1790-1850.

Faleide slik det såg ut i siste halvdel av 1800-talet. Frå postbryggja går postvegen forbi hotellet. I dag finst det ikkje spor etter postvegen heilt nede ved sjøen. Etter kvart vart det dampbåtanløp. Den første tida gjekk ikkje båten lenger inn fjorden enn til Faleide. Hotellet på Faleide vart bygd av Olai Tenden på slutten av 1800-talet. Tenden var og handelsmann. Han bygde eit større hotell då konkurrerande hotell vaks opp andre stader i indre Nordfjord.

Faleide slik det såg ut i siste halvdel av 1800-talet. Frå postbryggja går postvegen forbi hotellet. I dag finst det ikkje spor etter postvegen heilt nede ved sjøen. Etter kvart vart det dampbåtanløp. Den første tida gjekk ikkje båten lenger inn fjorden enn til Faleide. Hotellet på Faleide vart bygd av Olai Tenden på slutten av 1800-talet. Tenden var og handelsmann. Han bygde eit større hotell då konkurrerande hotell vaks opp andre stader i indre Nordfjord.

Eigar: Universitetsbiblioteket i Bergen

Datering: 1880-1882

Fotograf: Knud Knudsen

Utvik - Hellesylt

Postruta gjekk over fjorden frå Utvik til Faleide, ein rotur på ca. ei mil. Deretter gjekk vegen frå Faleide til Markane i Stryn, vidare til Grodås i Hornindal og til Hellesylt i Møre og Romsdal. Vegen var den første opparbeidde ferdsleåra frå indre Nordfjord til nabofylket. Postvegen vart etter kvart ein viktig veg også for folk og varetransport. Særleg var Hornindal kommune avhengig av denne vegen.

Faleide - bygdesentrum

Faleide var frå gammalt eit naturleg sentrum for indre Nordfjord. Frå 1831 vart det postopneri på staden. Det var og tingstove, handel og gjestgiveri der. Etter kvart fekk staden besøk av mange turistar. Opptil 70 hestar kunne fare gjennom grenda med turistar på ein dag. Bakkane opp frå Faleide var rekna som bratte og tunge. I 1855-56 vart vegen omlagt slik at han ikkje vart så bratt.

Halvkannebakken

I områda rundt Faleide, Svarstad, Markane og Kjøs er det store vidder med furuskog. Det var difor fleire sagbruk i området, både i eldre og i nyare tid. Det som særmerker Markaneområdet er transport av skipsmastrer etter gamlevegen til Faleide, der dei vart skipa ut. Dei største skipsmastrene kunne vera opp til 25 m lange. Det var som regel dugnad ved slik transport, 6-8 hestar med mannskap. Ved Halvkannebakken var det bratt og særleg vanskeleg å komma over med tunge og lange lass. Det er fortalt at når dei kom over denne bakken var det kvilepause, for då skulle hestane fórast og mannskapet dela ei halvkanne brennevin.

Frå Sindre/Øyane til Hornindalen

Frå Markane gjekk vegen ned mot Sindre/Øyane over fleire kryssande elver. Her vart det bygt tre store steinbruer. Frå Sindre/Øyane til Øyebakken var det kupert og småhamrete slik at det var vanskeleg å få til ein køyreveg. Den første tida måte dei kløvje ned til Kjøspollen. Ei tid vart posten rodd derifrå og inn til Grodåssanden. I dårleg ver måtte postmannen ta seg over Kjøsahalsen på ein kronglete og bratt sti. I 1840 løyvde fylket midlar til veg over Kjøsahalsen mellom anna av di: "Veianlægget er uomgjængeligt nødvendigt og vil vesentlig bidrage til Postens hurtige Fremme i denne Route." Det heitte vidare "at Reisende endog har maatet lade deres Voiturer [vogner] bære paa dette Veistykke". Denne vegbiten er rundt 4-5 km og er framleis godt bevart. I 1904 vart vegen omlagt rundt Kjøshammaren. Vegen vidare inn i Romsdals Amt var uproblematisk.


 

Fleire generasjonar vegar

I perioden frå 1800 og fram til i dag er det bygt tre generasjonar vegar i Sindre/Øyane. Det har delt postvegen i mindre bitar. Den første vegen etter postvegen kom i 1890. I 1981-85 vart denne vegtraseen omlagt. Dette medførte at postvegen vart oppstykka og delvis borte. Elva vart lagt om, og det nye elvelaupet førde til brot i postvegen mellom dei gamle historiske steinbruene i Sindreøyane. I dag er det komme ei ny bru som bind postvegen saman.

Postruta blir nedlagt

Postruta over land vart nedlagt i 1867, og departementet bestemte at posten skulle sendast med dampbåt frå Bergen til Bryggja og vidare med dampbåt frå Åheim til Ålesund. Det var likevel postføring mellom Faleide og Hellesylt fram til 1912. Det kan skuldast at posten ikkje gjekk med båt til Hellesylt, og at Fylkesbåtane i Møre og Romsdal ikkje frakta post på same måte som Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Seip, H.: Sogn og Fjordane fylke. Eit tilskot til kommunalsoga. Sogn og Fjordane fylkeskommune 1958.
Nygård, Kåre: Den Trondhjemske Postvei. I Stryn Historielag Årskrift 1996.
Nordstrand, Ingemar: Postvegen Bergen-Trondheim. Det Norske Samlaget 1996.
Nordstrand, Ingemar: Postvegen - Norges lengste kulturminne. I Årbok for Nordfjord, s. 16-31, 1997.

Den Trondhjemske Postvei. Hovudplan for restaurering og forvaltning av postvegen. Fylkesprosjekt Sogn og Fjordane. Sogn og Fjordane fylkeskommune. 1995.

PERMANENT IDENTIFIKATOR