Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Garden Stigen



Stigen ligg på vestsida av Aurlandsfjorden, kring 200 meter søraust for Beitelen og innløpet til Nærøyfjorden. Garden ligg bratt opp frå sjøen, kring 360 moh. Her er det fleire flater og hyller i terrenget med god matjord. Garden er omkransa av fjorden i aust, Koldegjelet i sør og fjellryggen frå Beitelen til Stiganosi i vest. Garden ligg avsides til, men på dei to gardsbruka hadde folka rimeleg gode levekår.

Dei to bruka på Stigen sett frå nordvest. Undredal ligg lenger inne, nede ved fjorden. Fristølen ligg oppe i høgre bilethjørnet.

Dei to bruka på Stigen sett frå nordvest. Undredal ligg lenger inne, nede ved fjorden. Fristølen ligg oppe i høgre bilethjørnet.

Eigar: Åsmund Ohnstad

Datering: 1999.

Fotograf: Åsmund Ohnstad.

Gamal busetnad

Stigen vart rydda på nytt etter Svartedauden frå kring 1600 og utover. I 1666 hadde to brukarar buskapar på til saman 12 storfe, og dei avla 6 ½ tønne korn. Garden var nokså sikkert i drift lenge før Svartedauden i 1349/50, men truleg var det berre eitt bruk her. I løpet av 250 år etter Svartedauden voks det mykje til med skog og kratt, og det var eit stort arbeid å rydda garden på nytt med enkle reiskapar, slik som øks, sag og jernstaur.

Oppdeling

Garden ligg vend mot aust, med mykje morgonsol, og difor vart kornavlingane større her enn til dømes i Undredal og på Hjøllo. Allereie kring 1650 vart garden delt i to bruk, øvste og nedste Stigen. Gardstuna ligg eit par hundre meter frå kvarandre. På 1600-talet var det fleire gonger skifte av brukarar, truleg fordi dei hadde vanskar med å betala skattane og jordavgiftene.

Gode levekår

Like etter 1700 fekk bøndene høve til å kjøpa gardsbruka, og då slapp dei å betala den tyngjande avgifta til jordeigarane. Etterkvart vart ny mark dyrka, og buskap og avling auka. I 1845 var det to familiar og 19 menneske på garden. Dei avla 28 tønner korn og 60 tønner poteter, og dei hadde 36 storfe og 34 småfe. Det var ein hest på kvart av dei to bruka. I 1860-åra hadde dei så mykje som 25 mål åker og 95 mål med innmark. Kring ¼ av fôret til dyra kom frå utmarka, og det er heller lite samanlikna med andre gardar i Aurland.

Den bratte gardsvegen

Vegen opp til garden ligg i eit snautt fjellparti, og han er bratt og smal. Nede ved fjorden, der berget begynner, var det tidlegare eit parti som var vanskeleg å koma forbi. Her hadde dei ein solid stige eller ei slags trapp som også dyra kunne nytta. Seint på 1800-talet vart det skote vekk noko fjell, slik at det vart ein grei veg også her. Gardsnamnet er truleg knytt til vegen opp til garden, det gamalnorske ordet stígr, eller til den stigen som dei brukte, det gamalnorske ordet stigi. Kring 1900 sette dei opp ein heis ned til fjorden, og då slapp dei all beringa til gards.

Koldegjelet

Rett sør for garden er det eit stort gjel, kalla Koldegjelet. Her kan det stundom gå ei stor snøskrede, Koldao. Denne skreda startar høgt oppe i fjellsida og går stundom langt ut på fjorden. Skreda skaper eit veldig lufttrykk, og ho kan kasta folk og dyr utføre hamrane. Ein vinterdag i 1884 kom denne skreda veldig. Syskena Jørgen og Hansina Stegen var akkurat då ute i båt på fjorden. Båten kvelva, og begge drukna. Mor deira hadde vorte enkje i 1874, og ho fekk vanskar med å driva garden. Etter nokre år flytte ho inn til slektsfolk på Styvi i Nærøyfjorden.

Turisme

Gardsdrifta på Stigen tok slutt tidleg i 1960-åra. Dei siste åra hadde dei dyra i Undredal om vinteren, og dei dreiv Stigen om sommaren. I 1992 kjøpte Dee Cunningham, frå USA det eine bruket på Stigen. Han og sambuaren har restaurert gamle hus, bygt nye og på andre måtar lagt til rette for turisme. I dag er Stigen ein populær utfartsstad og overnattingsplass.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Anders Ohnstad: Bygdebok for Aurland. Bd 1, 1960
Åsmund Ohnstad: Manus til bygdebok

PERMANENT IDENTIFIKATOR