Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. juni 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Myklebuststøylen



Myklebuststøylen er støl for gard nr. 97, Kobberstad, og gard nr. 98, Myklebust. Stølen ligg vel 3 km inne i Myklebustdalen i ei høgd på ca. 430 m o.h. Beiteområda strekkjer seg frå heimemarka og sørover til grensa mot Stardalen i Jølster. Beita er svært gode og stølsdrifta har nok gått føre seg i uminnelege tider. Stølen var tidlegare truleg berre ein mjølkeplass, kalla "Gamlestølen". Her skulle det også vere ei tuft, men sist vinter gjekk her eit stort snøras som også la att mykje stein, slik at tufta er ikkje god å finna att. Stølen vart flytta til noverande stad, som skulle vere tryggare for "ovafåre". Men trygt var det ikkje. Ein morgon i 1878 losna ein kjempestein oppe i bremorena over stølen og kom med bulder og brak nedover mot stølen. Den traff heldigvis ikkje hus eller folk, men den ligg i dag på stølsvollen nokså nær husa. Stølstausene vart så "avskjepla" at det laut bli heimflytting straks. Stølseigarane har sett husa godt i stand dei siste åra. Her ligg 7 sel og 4 fjøs i ei klynge. Fleire hustufter viser at tidlegare var det mange fleire. I utkanten av stølskvia ligg det nyrestaurerte stølsmeieriet.

Myklebuststølen med husa i klynge.

Myklebuststølen med husa i klynge.

Eigar: Lars Myklebust.

Datering: 1999.

Fotograf: Lars Myklebust.

Tilkomst

Frå tunet er det i dag ca 2 km innmarksveg deretter ca 2 km køyrbar rås til stølen. NB: forbudt for bil. Gjennom dalen går det merka turløype til Stardalen i Jølster. I dei tidene det var stølsdrift, var det å gå til fots. Det var ikkje alltid så lett. Breelva måtte dyra vasse over og det vart køyrt med hest til dels i stri straum. Elva gjekk stor og grå i sommarvarmen. 2-3 gonger i veka kom det karar med hestar frå kvart bruk for å kløvja (reia) heim skjør og smør.

Bruk av stølen

Det er interessant å sjå at dyretalet var mykje redusert i 1723. Kan det vere innverknad av kaldare klima i denne brenære dalen? På denne tida gjekk breane sterkt fram i den "vesle istida".

Frå Dagfinn Myklebust om stølsdrift og stølsliv:"Dagen for flytting til stølen var fast. Første laurdagen etter 20. juli skulle det flyttast og perioden på stølen var 5 veker, i meir særhøve 6, når beitet held seg lenge. Mot slutten av juli var heimehamnen nedbeitt, medan graset i stølsdalen hadde teke seg oppatt etter ein beiteperiode for hest frå 1 juni. Mykje skal på plass. ----To av brukarane får ekstra tung last, for seperator og kinne skal flyttast til støls, sameleis mjølkevekta, vegespann og spann for fløyte til seperatoren. Denne fraktinga går for seg etter tur."

Det vi ser her gjeld stølsmeieriet. I bygdeboka står det om dette (ein del avkorta): "Meireidrifta her inne står for eit særmerkt tiltak i si tid. Myklebust meieri kom i gang i 1878, som det første i Nordfjord og mellom dei tre første i fylket. Dette skjedde alt før separatoren si tid. Drifta varte berre i 4 år. Men samarbeidstanken livna oppatt, slik at Myklebust meieri kunne kome i drift att i 1897.

I stølsperioden tok dei, som nemnt ovanfor, med seg meieriutstyret, og eit sel vart då leigd som meieri. Eit nytt stølsmeieri vart bygt i betong kring 1930. Dette vart sett nær elva, med god vassførsle. Myklebustarane frakta heim mjølk og smør dei ca 4 km ved hjelp av kløvhestar. To-tre dagar i veka kom karane inn frå kvart bruk.

Myklebust meieri vart nedlagt i 1948. Mjølka vart heretter levert til Byrkjelo meieri. Stølsdrifta og det gamle meieriet inne i dalen står for ei fargerik soge. I våre dagar har dei restaurert meieriet gjennom 900 dugnadstimar."

Gamlestøylen

Gamlestøylen ligg ca 1 km innanfor noverande støl og dermed meir midt i det beste beiteområdet. Dorte Strømmen har fortalt om bestemor hennar si tid som stølstaus. Ho seier om Gamlestølen: "Frå gamalt av brukte dei å samle kyrne på ei flate lenger inne i dalen. Flata heiter Gamlestøylen den dag i dag, Der var ikkje hus av noko slag, ikkje sel og ikkje fjøsar. Kyrne låg ute heile natta, og dei som stelte og mjølka gjekk kvar kveld fram i marka der uteløene var, og sov der. Om morgonen gjekk dei inn att og mjølka. Kva dei gjorde for å frakta mjølka heim fortalde ikkje bestemor noko om. For over hundre år sidan vart stølen flytta fram der den er no. Dei meinte der var tryggare for snø- og steinras."

Nokre fakta

Kobberstad, gard nr. 97, Breim sokn, hadde eitt bruk i 1890. Myklebust, gard nr. 98, hadde 8 bruk same året.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 5. (Upublisert, november 2000).
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.

PERMANENT IDENTIFIKATOR