Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 24. mai 2005

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Bedehuset Betania i Kjølsdalen



I 1992 blei Einar Berstad i Kjølsdalen tildelt Kongens Fortenestemedalje i sølv og medalje for lang og tru teneste. I 47 år hadde han reist som emissær for sjømannsmisjonen. Berstad har skildra livet sitt i boka "Med koffert og kalosjar" som kom ut i 1997. I 1998 skreiv han om bedehuset i Kjølsdalen i "Sogeskrift for Eid". Her er stykket attgjeve noko redigert og med mellomtitlar.

Betania, Kjølsdalen bedehus 2006. Huset ligg tett attmed vegen på austsida av elva kring to km frå riksvegen.

Betania, Kjølsdalen bedehus 2006. Huset ligg tett attmed vegen på austsida av elva kring to km frå riksvegen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2006.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Opptaket til å byggja bedehus
Den 3. januar 1909 kom ti indremisjons-medlemmer saman hjå Ola O. Humborstad. Dei vedtok samrøystes å byggje bedehus, og dei valde ei nemnd til å utarbeida framlegg til lover. Deretter skjedde det lite, men på årsmøte 3. mars 1912 hjå Søgni Kjøllesdal, vart det vedteke at dei skulle gjere kva dei kunne for å få opp bedehus.

Hans J. Sundal vart vald til å krevja inn dei pengane som folk hadde teikna seg for. Dessutan skulle han få andre til å teikne seg, enten for arbeid eller pengar. Sundal fekk óg i oppdrag å skrive til Stryn. Eit skulehus var til sals der, og ein ville ha greie på salsvilkåra. (Det vart ikkje noko av kjøpet.)

Etter alt å døma bygd 1913/1914
Fire år gjekk så utan at det vart skrive noko i møteboka. Fyrst i 1917, den 29. april, vart det halde årsmøte i b e d e h u s e t. Då var altså bedehuset bygt. Dei valde no heilt nytt styre, men det er truleg styret for i n d r e m i s j o n e n. Likevel måtte der vere eit eige bedehusstyre, for i møteboka heiter det at det skulle veljast eit styremedlem for bedehuset. Ola Sundal stod for tur til å gå ut, men han vart samrøystes attvald.

Gjennom andre kjelder har ein kome fram til at byggjearbeidet byrja i 1913 og blei fullført i 1914. Ola Sundal stod for arbeidet med grunnmuren, som er murt opp av tilhoggen gråstein. Tømringa var det Johan Kjøllesdal (Halstein-Johan) som stod for. Kven han hadde med seg, er ikkje kjent.

Hus og inventar
Huset er bygt i tømmer i vanleg stil: storsal, småsal, gang og galleri, men utan kjellar. På taket vart lagt sementpanner. Eit lite tilbygg på øvste sida gjorde teneste som vedahus og do. Inne var alt umåla. Oppvarminga av storsalen stod ein stor, rund vedomn for (ca 2 m høg), så når den fekk nok brennfang, var det alvorleg kva varme den gav frå seg.

Småsalen gjorde teneste som kjøken og ein komfyr vart brukt til oppvarming og kaffikoking på basarar og festar. Elles var det umåla trebenkar, somme med ryggstø, men óg ein del utan. På galleriet var alle benkar utan ryggstø, og det var ikkje sjeldan dei ramla bakover, med det levenet som då fylgde.
Utvendig har heile huset vore kvitmåla. Kva det kosta å føre opp dette huset, kjenner vi ikkje til, og heller ikkje kven som innvigde huset.

Talarstolen noko for seg sjølv
Talarstolen som framleis er i bruk, er eit kapittel for seg og litt av eit klenodium. Han stod på ein sokkel med to trappetrinn. Han er truleg komen frå Davik gamle kyrkje, men Peder D. Berstad føretok ei oppattnying, som gjer at han er spesiell og vakker. Han er brunbeisa med svarte innfellingar.

Påbygg og modernisering
Huset stod i si opphavlege form like til 1963. Då vart det utført ymse fornyings- og utvidingstiltak: Nytt tak, kledd med plater innvendig, utviding av kjøken og garderobe, og ein fekk toalett. Likeeins vart det bygd tilbygg for podiet. Dette arbeidet var ferdig i 1964.
I 1993 vart det på ny sett i gang ei utviding. Eit tidhøveleg stort kjøken med godt utstyr, utvida garderobe, bod og hobbyrom på loftet vart resulatet.

Orgel
I 1924 vart det kjøpt inn eit godt orgel (harmonium) frå Haugen orgelfabrikk i Volda for kr. 975,-. Det var eit 4-stemt orgel med 5 oktavar, og det vart brukt i om lag 50 år til det vart erstatta med eit godt elektronisk instrument.

Aktivitet
Betania har opp gjennom alle år vore ein fast samlingsstad når det gjeld møte ved tilreisande forkynnarar, basarar og julefestar, søndagsskule, fråhaldslagsmøte, ungdomslagsarbeid og hobbyklubb. Før det kom kyrkje i Kjøsdalen i 1940 vart bedehuset også nytta til gudstenester av soknepresten i Davik, som Kjølsdalen då høyrde inn under. Soknepresten føretok samstundes jordpåkasting for dei gravlagde sidan sist han var i bygda.
I fleire år heldt framhaldsskulen til i bedehuset, og lektor Henrik Eikås heldt engelskkurs under krigen.

kjelder:

Berstad, Einar: Kjølsdalen Bedehus. Ein viktig samlingsstad. I Sogeskrift for Eid 1998. 1998.
Merknad: Berstad har mellom anna nytta arkivtilfang som kjeldemateriale.
Fjordabladet. 22.03.1994.
Fjordenes Tidende. 29.01.1999.

PERMANENT IDENTIFIKATOR