Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 28. september 1999

Sist oppdatert 24. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Meisterspelemannen Anders Reed



Anders Reed (1849-1924) var frå Breim og var meisterspelemann på vanleg fele. Han var i si tid den mest nytta spelemann i bryllaup og ved andre høve, og spela i meir enn 300 bryllaup i Nordfjordbygdene.

Anders Reed (1849-1924).

Anders Reed (1849-1924).

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: Ukjend.

Fotograf: Lyslo, Sandane.

Småbrukar i Utvik

Anders Reed spelte vanleg fele, slik det var tradisjon for i Nordfjord i tidlegare tider. (Vanleg fele er framleis dominerande i slåttemusikken i Breim i dag). Han byrja spele fele i 15-års-alderen, og den fyrste læremeisteren hans var Gabriel G. Reed d.e.
Reed tok til i skreddarlære 18 år gamal, og dreiv i yrket i om lag 20 år. Då han var 27 år gammal, gifte han seg med Rakel Larsdotter Myklebust i Breim. Dei var barnlause. Dei busette seg på eit småbruk i Utvik, på slutten av 1870-talet. Her tok Reed i mot elevar i slåttespel. Elevane betalte for seg med arbeid på bruket, og om kveldane vart det spel. Dei elevane som dugde til det, måtte vere med Anders og spele i eit visst tal bryllaup som betaling for læra.

Trampa takten

To av dei beste elevane var Moses Paulen i Jølster og Per Støyva i Breim. Begge fortalde at det var to måtar å lære slåttar på: anten å sitje ved sida av læremeisteren og lære tak for tak, eller å "tjuvlære" slåttane ved å høyre slåttane ved ymse høve som bryllaup og festar.
Anders trampa godt takten når han spela. Om ein elev hadde vanskar med takten, måtte han binde eine foten fast til Anders sin fot, som trampa takten. Ein var ikkje retteleg spelemann før ein kunne trampe takten rett med begge beina. Denne funksjonen var viktig, for takt-trampinga gjorde same nytten som rytmeinstrumenta i eit orkester.

Hadde eit stort repertoar

Anders Reed vert skildra som ein stuttvoren, traustvaksen og triveleg kar. Han hadde god bogeføring og klangrikt spel. Springarane spelte han knapt og nett, med jamne triolar og utan medklingande laus-strengar. Spelet var levande musikalsk, tonane reine og klåre.
"Gamle-Reeden", som han vart kalla, fekk i heimbygda opplæring i notar og felespel, og både slåttar og klassisk musikk i samspel. Den første læremeisteren til Anders var den fire år eldre Gabriel Reed d.e. (Nes-Gabriel). Han lærte slåttar uvanleg raskt, og han hadde eit uvanleg stort repertertoar, både av gamle og nyare melodiar, slike som han trong til dansemusikken. Allereie før han var konfirmert var han ein flink spelemann. "Eg trong berre høyre slåtten ein gong, så kunne eg spele han fritt med det same", sa han.

Møtet med Loms-Jakob

Reed bytte òg slåttar med mange andre spelemenn på reisene sine. Historia om då Anders Reed møtte Loms-Jakob ved Vassenden på Breimsvatnet er velkjend: Loms-Jakob trengde skyss til Re, og Anders Reed baud seg til å ro heile vegen, om lag 8 km, mot at Loms-Jakob spelte av dei beste slåttane sine heile tida. "Og eg sprengrodde no ikkje akkurat", fortalde Anders. Då dei kom fram hadde Anders Reed skaffa seg eit slåtterepertoar som ingen andre i Breim hadde den gongen.

La vinn på å hugse

Fleire kjelder som Anders Reed nytta på reisene sine var P. M. Bolstad (1833-1910) i Ålesund og Magne Maurset (1824-1916) i Stryn. Maurset var arvtakar etter Kroka-Lars i Hornindal. Lærar og kyrkjesongar Gabriel Reed d.y. fortalde at når Anders var utanbygds og høyrde slåttar han likte, la han vinn på å hugse dei. Komen heim prøvde han slåttane på fela. Var det noko han ikkje hugsa heilt, forma han det til som best han kunne. "Og som regel tapte ikkje slåttane noko på dei små endringane", fortalde Gabriel Reed d.y.

kjelder:

Myklebust, Rolf: Anders Reed. I Årbok for Nordfjord. 1961.
Myklebust, Rolf: Femti år med folkemusikk. Oslo, 1982.
Folkemusikk og folkemusikkutøvarar i Noreg. Bind 2. Oslo, 1996.

PERMANENT IDENTIFIKATOR