Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 24. februar 2004

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Sogn og Fjordane på frimerke - båtar



Posten har opp gjennom åra gjeve ut kring 20 frimerke som motivmessig har tilknyting til Sogn og Fjordane. Fire av dei har skipsmotiv, - Fylkesbaatane sine skip ''Framnæs'', ''Hornelen'' og ''Kommandøren'', og Det Stavangerske Dampskibsselskab sitt hurtigruteskip ''Sanct Svithun''.

D/S "Framnæs" gjekk i rutefart mellom Bergen og Sogn og Fjordane frå 1858 til 1951. Frimerket var eitt av åtte i utgåva <b>Posten 350 år II</b> som kom ut 20. september 1996.

D/S "Framnæs" gjekk i rutefart mellom Bergen og Sogn og Fjordane frå 1858 til 1951. Frimerket var eitt av åtte i utgåva Posten 350 år II som kom ut 20. september 1996.

''Framnæs''-frimerket

Frimerket med D/S ''Framnæs'' kom ut 20. september 1996 som nummer to av åtte i ei frimerkeutgåve for å markera Posten sitt 350 årsjubileum. Utgåva skulle illustrera posttenester og postkommunikasjon. I Norgeskatalogen (over norske frimerke gjennom tidene) har ''Framnæs''-frimerket nemninga Postføring på skip - D/S Framnæs (bygd 1857).

D/S ''Framnæs''

Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (frå 25. januar 1919 Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane og frå 2003 marknadsført under namnet Fjord 1), sette dei to fyrste dampskipa sine i fart mellom Bergen og Nordre Bergenhus Amt (Sogn og Fjordane fylke frå 1918) i desember 1858 og januar 1859. D/S "Framnæs" gjekk fyrste turen sin frå Bergen 2. desember 1858 og denne datoen er rekna som skipingsdagen for Fylkesbaatane.

''Hornelen''-frimerket

Posten har i ei årrekkje gjeve ut Norden-frimerke. Dette er frimerke dei nordiske landa samarbeider om. Frimerka kjem ut samstundes og har felles motiv eller felles tema. Norden-utgåva XII som kom ut 30. april 1998, hadde Kystfart som fellestema. Her var Posten verkeleg raus mot Sogn og Fjordane. To fylkesbåtar pryder frimerka, det eine skipet av eldre dato, det andre eit moderne.

D/S ''Hornelen''

"Hornelen" var det tredje skipet til Fylkesbaatane, levert frå C Mitchell & Co i Newcastle i 1866. Båten var litt større enn "Framnæs", og gjorde same fart. "Hornelen" vart også ombygd etter kort tid, i 1880-åra, ved Nylands Verksted. I 1915 gjekk båten på grunn og sokk på Svanøybukta, men vart heva, reparert og sett inn att i rutefart i 1917. Eit nytt uhell følgde i 1926. Då grunnstøytte "Hornelen" og sokk i Feiefjorden, men på ny heva og reparert. Som "Framnæs" vart "Hornelen" teken ut or fart i 1951 og seld til opphogging.

'Sanct Svithun''-frimerketnder okkupasjonstida 1940 - 1945 gav Posten ut ei rekkje frimerke med tilleggsverdiar. Utgåva 20. mai 1944 har tittelen Krigsforlis og tilleggsverdiane skulle gå til skadde og etterletne etter søkkte skip. Det eine av tre frimerke, 15 øre + 10, har senkinga av hurtigruteskipet ''Sanct Svithun'' som motiv. Skipet forliste ved Ervika i Selje kommune.

D/S ''Sanct Svithun'' og krigsforliset

Hurtigruta har to anløp i Sogn og Fjordane, Florø og Måløy. Regelmessig har ''hurtigruta'' fare forbi på sør og nord sidan starten i 1883. Den 30. september 1943 var ''Sanct Svithun'' på sørgåande vest for Ervik på Stadlandet. Brått dukka allierte fly opp og bomba båten i brann. Kapteinen sette kursen beint mot land for å berga mannskap og reisande. Folk frå Ervik kom til og gjorde ein bergingsinnsats det gjekk fråsegn om lenge etterpå. Det Stavangerske Dampskibsselskab som åtte båten, gav midlar til eit minnekapell i Ervik som takk og anerkjenning for bergingshjelpa. 44 nordmenn sette livet til og ein stad mellom 12 og 20 tyske soldatar. Over 70 vart berga.

''Kommandøren''-frimerket

Frimerket med motiv av ekspressbåten ''Kommandøren'' var det andre i Nordenutgåva XII omtala ovanfor. Båten er på veg utover Sognefjorden ved Balestrand. I bakgrunnen syner fjella opp frå Esebotnen inst i den vesle fjordarmen Esefjorden.

M/S ''Kommandøren''

"Flaggskip i flåten og først i sitt slag". Det er overskrifta til stykket om M/S "Kommandøren" i boka om Fylkesbaatane sine skip i åra 1858-2000. Båten vart levert frå Kværner Fjellstrand AS, Omastrand, våren 1990 og døypt i Måløy 4. april. Båten har seinare gått i ruta Bergen-Selje-Bergen.

"Kommandøren" er sertifisert for 287 passasjerar, med plass for 186 i hovudsalongen og 101 i panoramasalongen. Marsjfarten er 36 knop.

kjelder:

Norgeskatalogen 2003 Oslo 1998.
Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane gjennom 100 år. Bergen 1958.
Bent, Mike: Steamers of the Fjords. Bergen shipping since 1839. Maritime Press 1989.
Torvanger, Magnus Helge: 101 Fjordabåtar [...]. Selja Forlag 2000.