Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vangsnes som jektesenter



Vangsnes var eitt av hovudseta for jektefarten i Sogn, rundt 1890 var det 17 sognejekter heimehøyrande på Vangsnes.

Sognejekta "Vangsstjerna" for fulle segl utanfor Vangsnes. Jekta var eigd av Lasse Ellendsen Vangsnes. Jekta har toppsegl, skumfar og to bonnett.

Sognejekta "Vangsstjerna" for fulle segl utanfor Vangsnes. Jekta var eigd av Lasse Ellendsen Vangsnes. Jekta har toppsegl, skumfar og to bonnett.

Eigar: Fylkesarkivet. SFFf-88003.0272.

Datering: 1910-30.

Fotograf: Carl Tietz, Balestrand.

Kvifor jektesenter

Midt inne i Sognefjorden på sørsida ligg Vangsnes, kjent for Fridtjov-statua og som ferjesamband. Men tidlegare var Vangsnes vel så kjent som eit jektesenter i Sogn. Bruka på Vangsnes var småe, å eiga eller ha part i ei jekt var difor ei viktig attåtnæring. Fyrstelekken i namnet Vangsnes kan kome av ein vangse, uttala vaongse, som tyder plogjern. Namnet er eit sokalla jamføringsnamn, og opphavet kan vera likskapen mellom neset og eit plogjern.

Byggestad

Mange jekter vart bygde på Vangsnes. Det var eit yrande liv og byggjeverksemd i fjøra. Dei gamle byggjeplassane var Edlend-ståi, der ferjekaien er i dag, Frikolet, der Fjellheim Camping ligg, og fjøra nedanfor Gjestgjevargarden. Mellom Vik og Vangsnes ligg Kråkesteinsfjøra der det og var bygging.

Siste jekta

Siste jekta som vart bygd på Vangsnes var "Sognejenta" i 1914. Jekta hadde ei lasteevne på 160 tonn og er den største som vart bygd i Sogn. Ho var bygd i Frikolet i fjøra der. Det var Ole Eriksen Vangsnes, og etter han døydde, sonen Kristian O. Vangsnes som bygde jekta. Det var meininga at jekta skulle heita "Rambærn". Men då jekta kom på sjøen, flaut ho so fint at ho fekk namnet "Sognejenta". Jekta vart seld alt i 1915. Ho vart seinare ombygd til frakteskute, heimehøyrande i Steinkjer.

Jektenamn

Jektene fekk ofte namn etter konene til jekteeigarane eller etter stadnamn på Vangsnes. Døme er Øksdøla, Ligtvorjekti, Hagajekti (heitte eigentleg Karoline) og Rambera. Ei Hovlandsjekt heitte Brittannia eller Britanna, etter namna Brita og Anna.

Jektesetnad

Når jektene vart sette på land om vinteren, heitte det jektesetnad. Det vart gjort på dugnad, og etterpå var det rikeleg med brennevin å få. Kvar av eigarane måtte betala inn kr. 10 som skulle vera til å kjøpa brennevin for. Mange tykte det vart for mykje med denne drikkeskikken og meinte at pengane kunne brukast til noko betre. Det vart då semje om å samla inn pengar til ny altertavle på Vangsnes. Altertavla på Vangsnes er såleis kjøpt for pengar som skulle gå til brennevin. Målarstykket av apostlane i havsnaud på Genesaretsjøen der Kristus kjem vandrande på bylgjene og reddar Peter, høver særs godt i ei båtbygd som Vangsnes.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Midttun, Kari Vangsnes: Dei gamle jektene på Vangsnes. I Pridlao, nr. 2, 1990. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.
Thue, Johs. B: Jektekarane fortel. I Tidsskrift for Historielaget for Sogn, nr. 25. Leikanger 1976.

PERMANENT IDENTIFIKATOR